U-

historier om djevelskap

roman

av (forfatter) og Lars Moa (oversetter).

Samlaget 2010 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 6.00 (2 terningkast.)

26 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Ingen veit kor kjøpmannen Bænadikt Chonradsen stammar frå eller kven han er. Men djevelskapen spreier seg ut frå han gjennom farne tider, mørk og vilkårleg som ein dødeleg smitte, som ein pest. Der han kjem, fer alt ut av lage. Tru, von og kjærleik mistar si kraft. Emissæren Matthias J. Danielsen vier derimot sitt liv til Gud, men trur ikkje på han. Forsøka hans på å tvinge hjartet sitt til å tru har ein annleis djevelskap ved seg, ein djevelskap som kjem fram i illgjerningar, valdtekter og mord.

Omtale fra forlaget

Ingen veit kor kjøpmannen Bænadikt Chonradsen stammar frå eller kven han er. Men djevelskapen spreier seg ut frå han gjennom farne tider, mørk og vilkårleg som ein dødeleg smitte, som ein pest. Der han kjem, fer alt ut av lage. Tru, von og kjærleik mistar si kraft. Emissæren Matthias J. Danielsen vier derimot sitt liv til Gud, men trur ikkje på han. Forsøka hans på å tvinge hjartet sitt til å tru har ein annleis djevelskap ved seg, ein djevelskap som kjem fram i illgjerningar, valdtekter og mord.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2010

Format Innbundet

ISBN13 9788252170818

EAN 9788252170818

Serie Samlaget roman

Omtalt sted Færøyene

Språk Nynorsk

Sider 908

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

2 0 0 0 0 0

Bokomtaler

Eg har nettopp lese meg, undra meg, råflira meg, hoffa meg, svartna meg, sjuka meg, opphissa meg, ilska meg, vonbrotne meg og gleda meg gjennom "U - historier om djevelskap" av den færøyske forfattaren Carl Jòhan Jensen. For ei framifrå original og fantastisk bok!

Må innrømme at eg først kjøpte og starta lesinga av boka av plikt; omsetjaren Lars Moa er ein god ven av meg (og medlem i same leseselskap). Når i tillegg Lars ringte meg frå Litteraturfestivalen på Lillehammer, slik at eg fekk snakke med forfattaren, var saken klar; her måtte eg berre komme meg gjennom dei 908 sidene –koste kva det koste ville.

Den første delen av boka var ganske tung å kome gjennom, her vart det nemnt mange namn og hendingar. Til tross for alle dei utfyllande fotnotane vart eg ikkje heilt overtydd om at dette var ei bok for meg, spesielt ikkje som sommarlesing. Dei nemnte fotnotane var òg litt forvirrande – kva ville forfattaren med desse? Etter kvart demra det for meg; i fotnotane sår forfattaren sjølv tvil om sannleiken i bokas innhald – titt og ofte seier fotnotane at forfattaren tek feil. Forfattaren viser òg til sikre kjelder om fleire av karakterane i boka, sjølv om karakterane heilt og halden er oppfunni av forfattaren sjølv. Eit artig og intelligent grep som etter kvart fører lesaren meir og meir inn i bokas univers. Fotnotane vart ikkje lengre til hinder for lesinga, tvert imot.

Etter den første delen, tek boka ein ny retning – her kjem utfyllande historier om det og dei som allereie er nemnt i første del, gjerne sett frå ein annan ståstad. Vi får vite meir om lagnaden til karakterane og gjerne også grunnen til at dei ter seg slik dei gjer. Her er hor, svik, kjærleik, dassturar, kåtskap, overtru, venskap, stoltheit, audmjuke, stormannsgalskap, attrå og sorg – akkurat som i sjølve livet.

Språket til forfattaren ber preg av at han har ei fortid som poet (han har fleire gonger vore innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris) - her er mange lyriske vendingar. Samstundes følgjer språket handlinga; mord, valdtekt, drukkenskap, dassturar, sex, vald og ureinslegheit blir skrive om på ein direkte måte. På ei og samma tid forferdeleg fælt og vakkert.

Kva handlar så boka om? Tja… Hovudhandliga samlar seg om forkynnaren Matthias og kjøpmannen i kjøttbua, Bænadikt. Begge har ei broka fortid. Alle som kjem ut for ein av desse to menna blir påverka, mest på vondt. Forkynnaren trur ikkje på Gud, medan kjøpmannen har nokre sære uvanar som etter kvart blir belyst. Liva deira blir tvinna saman når Matthias bur ovanfor kjøttbua i tida han arbeidar som lærar. Den islandske kvinna Saloma påverkar også det som kjem til å skje. For ikkje å røpe for mykje, lar eg bokomtalen kvile med dette.

Til slut må eg ta hatten av for omsetjaren; Lars Moas norske språkdrakt er ein fryd å lese. Språket er poetisk og samstundes rått. Ein bragd, rett og slett.

http://www.samlaget.no/item.cfm?id=14782

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Og Prikkurin fekk kjenne letten da han kom oppover igjen om kvelden.

Ho hadde sogi og ridd morten hans hudlaus, kviskra ho til Malfrid morgonen etter i den halvmørke gangen oppe i Køk.

Malfrid kunne ha dødd slik ho lo.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Har etterhvert blitt stadig mer glad i å lese bøker skrevet på nynorsk. Noen ganger fordi nynorsk kan føles nærmere min dialekt (trøndersk) enn bokmål, men aller oftest på grunn av at jeg rett og slett synes nynorsk er et nydelig og rikt skriftspråk. Setter også pris på mulighetene til dialektuttrykk nynorsken gir. Her er mine favoritter (i tilfeldig rekkefølge) så langt:


Godt sagt! (16) Varsle Svar

Skjønnlitteratur der handlingen er lagt til Færøyene.


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Forsøk på holde oversikt over leseåret 2011


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "De gudløse" av Naomi Wood
  • "Så seint det var, så seint - roman" av James Kelman
  • "Under huden" av Michel Faber
  • "Forspilte dager" av Charles Jackson
  • "Pantagruel ; Gargantua" av François Rabelais
  • "Glansbildesamlarane" av Jóanes Nielsen
  • "Lazarus-prosjektet" av Aleksandar Hemon
  • "Belgias sorg" av Hugo Claus
  • "Grensesang" av Jim Lynch
  • "Vår tids helt" av Michail Jurjevitsj Lermontov
  • "Dagbøker i stein" av Carol Shields
  • "I tusen knas" av James Frey
Alle bokanbefalinger for dette verket