Omtale fra forlaget
Studietida er for lengst over og livet er i ferd med å feste seg for Regine Hansen og venene hennar i Bergen. Fridommen til å velje minkar, fortid og notid flyt i kvarandre og fellesskap smuldrar opp. Gjennom Regine sin jobb som saksbehandlar i Aetat får vi eit innblikk i liva og lagnadene til folkemylderet ho dagleg omgir seg med. Livets absurditetar trer tydeleg fram. Mellom oss sagt er ei vittig og skarp, tragisk og sår skildring av venskap og einsemd, om suget etter å høyre til . og om fellesskapets klaustrofobi. Med nittitalet som nært bakteppe, handlar romanen om strevet med å finne seg ein plass i dagens Norge.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2006
Format Innbundet
ISBN13 9788252169089
EAN 9788252169089
Omtalt tid 2000-2009
Språk Nynorsk
Sider 234
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Fryktelig gode observasjoner om hva vi gjør mens vi gjør det vi gjør.
Pageturner står det på omslaget og det stemte på en prikk. Veldig underholdende og godt skrevet med mange underfundige observasjoner om samfunnet vi lever i.
Det tok litt tid før jeg klarte å engasjere meg helt i historien. Etter å ha lest, og elsket, Alt inkludert av samme forfatter ble jeg litt skuffet. Forfatteren skriver godt om det å leve side om side med alle andre som tilsynelatende mestrer og trives med A4-livet, samtidig som man egentlig aldri kommer på innsiden av det. God gjenkjennelsesfaktor, men ikke like slående som jeg opplevde den i Alt inkludert, til tross for at livssituasjonen til hovedpersonen Regine, i denne boka har flere likhetstrekk med min egen...
Det var også en del språklige ting i denne boka som irriterte meg litt. Noe av det jeg falt for med Alt inkludert var den glitrende nynorsken. Den er ikke like naturlig her, synes jeg.
Likevel en god leseopplevlse. Jeg tok meg i å leve meg mer inn i hovedpersonens verden omtrent halvveis ut i boka.
Folk som har lite å gjere, slit seg pussig nok fortare ut enn dei som har mykje å gjere. Eg har registrert at dei som har mest ingenting å bale med i løpet av ein dag, fell fullstendig saman når det dukkar opp èin uforutsett ting, èi ulyøyst oppgåve, èin ny ting å tenke på. Når datamaskina fell saman, fell alt saman. Veldig mange vil føye ei slik hending inn i den store forteljinga om korleis livet arbeider mot dei.
'Eg vil omskolere meg', sa ho. Eg tenkte mitt. Korleis omskolere seg når ein strengt talt ikkje har skolert seg først? Men for all del, eg skal ikkje legge ein dempar på intitiativet, tenkte eg. 'Hadde du noko spesielt i tankane?', spurde eg da. 'Var det noko du hadde i tankane?' herma ho. 'Unnskyld?' 'Unnskyld?' Hørte eg rett? Sat det ei kvinne på om lag min eigen alder, tilsynelatande heilt normal, litt sliten kanskje, men elles heilt normal - og herma etter meg? Eg hadde kanskje med eit alvorleg kasus å gjere, men irritasjonen låg lengre framme enn redsla. Kvifor skal eg ikkje berre få litt fleire normale kundar? Kva er problemet, har eg gjort dei noko?
Nei, no måtte eg gi meg. Eg kunne ikkje fortsette slik, eg måtte heim å rydde. Eg hadde hatt behov for ein ferie berre for å rydde opp i alt rotet heime. Eg greidde det ikkje. På gangen stod det ei diger eske med gamle ting som eg flytta ut frå soverommet for fleire veker sidan. Eg kunne ikkje ha den ståande på soverommet. No stod den på gangen, og eg kunne ikkje ha den der heller, men hva skulle eg gjere då? Kvar skulle alle dei gamle tinga vere? Eg hadde ikkje tenkt å ta lett på dette, for eg har hørt om tilsvarande tilfelle. Det begynner gjerne med ein kasse som berre blir stående, og før du veit ordet av det, treng du ei sjukemelding...
Det var i og for seg ikkje noko gale med henne, ho var sikkert grei nok, ho hadde ein jobb å gjere. Ho hadde berre vore på litt for mange kurs om styring og leiing. Derfor snakka ho heile tida om å spele ball, om teambuilding, om å vere plog, om å vere i felten, om å vere proaktiv, om å vere i ein prosess og bygge stein på stein, om nettverksbygging og sparringspartnarar og synergieffektar og gud veit kva. Eg slit med å ta folk alvorleg når dei snakkar på den måten.
Eg tenkte at dei kanskje ville hugse å ringe meg når dei skulle drikke øl den første tida etter dette, men så ville det gå lengre og lengre tid mellom kvar gong dei hugsa på det, og så ville dei gløymme det heilt.
Hvor hører du til?
Hva vil det si å høre til? Hva betyr det for deg?
Hva er det som binder deg og flokken din sammen?
Hva skjer med et menneske som faller utenfor og ikke finner noen tilhørighet?
Ei liste over alle bøker og lydbøker som slukes i år, samt korte kommentarar om kva eg syntes om dei