Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 10 sitater

Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

I begynnelsen var vi alltid fulle når vi gjekk denne vegen saman heim på nettene - etter å ha sirkla oss inn på kvarandre i løpet av dei hektiske kveldane på dei overfylte kafeane. Eg var i lykkerus, Korleis kan ein forklare slikt, at eg fleire år seinare gjekk i den same gata og såg etter ein annan mann?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Frå der eg sat, kunne eg sjå folk komme og gå, inn og ut av kafeane rundt meg. Eg kunne sjå alt saman slik det ein gong hadde vore. Eg kunne sjå meg sjølv flørte med ein gut eg ikkje har sjans på i køen ein sein laurdag. Eg kunne sjå meg sjølv med tre venninner, latteren vår som ljoma over heile gata. Eg kunne sjå meg sjølv sjage åleine ut døra, og eg kunne sjå meg sjølv gå med feil mann. Og der, der kunne eg sjå meg sjølv med Jens og Trond, Vebjørn og Monica. Vebjørn med armen rundt Monica - og eg? Eg kjem igjen etter et par dagar, og då går eg heim med rett mann. Mannen snur seg mot meg på benken og vinkar. Det er Martin. Det kunne like gjerne vore Terje eller Henning. Dei har også vore rette ein gong.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tenkte at dei kanskje ville hugse å ringe meg når dei skulle drikke øl den første tida etter dette, men så ville det gå lengre og lengre tid mellom kvar gong dei hugsa på det, og så ville dei gløymme det heilt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var i og for seg ikkje noko gale med henne, ho var sikkert grei nok, ho hadde ein jobb å gjere. Ho hadde berre vore på litt for mange kurs om styring og leiing. Derfor snakka ho heile tida om å spele ball, om teambuilding, om å vere plog, om å vere i felten, om å vere proaktiv, om å vere i ein prosess og bygge stein på stein, om nettverksbygging og sparringspartnarar og synergieffektar og gud veit kva. Eg slit med å ta folk alvorleg når dei snakkar på den måten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Før vi veit ordet av det, har vi jobba i Aetat i fem år. Og alle veit at fem år veldig for blir til ti år, og då er det for seint å snakke om det ein eigentleg skal gjere. Om mastergraden ein skal komme i gang med. Det kjem eit punkt då alt slikt går frå å vere karriereplanar til å bli ein perifer drøm om sjølvrealisering.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alle et den same maten, høyrer på den same musikken og deler dei sama kritiske meiningane og dei same minna. Vel, her har har de mitt bidrag til faglitteraturen: Uansett kva de seier eg er, eller korleis de seier eg var, så vil eg være det motsette av det de seier. Eg blei ikkje nokon sin venn for at de skulle hermetisere meg i eit kollektivt minne. Eg blir kvelt av minna dykkar, eg vil være noko anna.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Folk som har lite å gjere, slit seg pussig nok fortare ut enn dei som har mykje å gjere. Eg har registrert at dei som har mest ingenting å bale med i løpet av ein dag, fell fullstendig saman når det dukkar opp èin uforutsett ting, èi ulyøyst oppgåve, èin ny ting å tenke på. Når datamaskina fell saman, fell alt saman. Veldig mange vil føye ei slik hending inn i den store forteljinga om korleis livet arbeider mot dei.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nei, no måtte eg gi meg. Eg kunne ikkje fortsette slik, eg måtte heim å rydde. Eg hadde hatt behov for ein ferie berre for å rydde opp i alt rotet heime. Eg greidde det ikkje. På gangen stod det ei diger eske med gamle ting som eg flytta ut frå soverommet for fleire veker sidan. Eg kunne ikkje ha den ståande på soverommet. No stod den på gangen, og eg kunne ikkje ha den der heller, men hva skulle eg gjere då? Kvar skulle alle dei gamle tinga vere? Eg hadde ikkje tenkt å ta lett på dette, for eg har hørt om tilsvarande tilfelle. Det begynner gjerne med ein kasse som berre blir stående, og før du veit ordet av det, treng du ei sjukemelding...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

'Eg vil omskolere meg', sa ho. Eg tenkte mitt. Korleis omskolere seg når ein strengt talt ikkje har skolert seg først? Men for all del, eg skal ikkje legge ein dempar på intitiativet, tenkte eg. 'Hadde du noko spesielt i tankane?', spurde eg da. 'Var det noko du hadde i tankane?' herma ho. 'Unnskyld?' 'Unnskyld?' Hørte eg rett? Sat det ei kvinne på om lag min eigen alder, tilsynelatande heilt normal, litt sliten kanskje, men elles heilt normal - og herma etter meg? Eg hadde kanskje med eit alvorleg kasus å gjere, men irritasjonen låg lengre framme enn redsla. Kvifor skal eg ikkje berre få litt fleire normale kundar? Kva er problemet, har eg gjort dei noko?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenKirsten LundRuneAvaHarald KAud- HelenInge KnoffJulie StensethStig TIngunn SHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne DahlDemeterAnn ChristinDolly DuckJan-Olav SelforsHeidi LMarit Håverstad