Omtale fra forlaget
Eit skarpt og underhaldande feministisk bokløft!
Brit Bildøen inviterer til litterær salong med ti forfattarar som betyr mykje for henne. På skarpt og underhaldande vis gir Bildøen ei innføring i originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre åra.
I tillegg til å vere ein lesarguide med sterke anbefalingar, ønskjer Bildøen å skape ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Bildøen meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre år, ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar.
Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2020
Format E-bok
ISBN13 9788252185775
EAN 9788252185775
Språk Nynorsk
Sider 155
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Spørsmålet er om det er riktig å lade tekstane til Gertrude Stein med meining. Mykje av det ho seier, går ut på at orda rett og slett tyder det dei tyder, og at språket er noko heilt konkret, materielt, sanseleg. "Rose er ei rose er ei rose er ei rose" er vel det tydelegaste uttrykket for dette. Ho snakkar om korleis eit komma "held kåpa for deg." Og fortel korleis ho brått innsåg forskjellen mellom setningar og avsnitt då ho høyrde Basket, kongepuddelen deira, drikke vatn. Då skjønte ho at avsnitt talar til kjenslene, og det gjer ikkje setningar.
Den svenske litteraturkritikaren Horace Engdahl, som nettopp har gått av etter ti år som Svenska Akademiens faste sekretær, har sagt at kritikaren skal skrive i den augneblinken "teksten åpner sitt øye og ser på deg". Det er i denne augneblinken eit litterært verk viser sine kvalitetar.
69 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketlitteraturteori, analyse etc.
Essaysamlingar! I første omgong berre det eg sjølv har lest, kom gjerne med anbefalingar eg klør etter å lese fleire essays..
Jeg er litt svak for bøker på freetex ( spesielt hvis det er salg på bøker), boksalg og loppebøker. Her er hva jeg har kjøpt til en billig peng i går og litt i dag:)