Omtale fra forlaget
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788202658397
EAN 9788202658397
Språk Bokmål
Sider 150
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Hilsen Ruth er ei perfekt bok som kjem på det perfekte tidspunktet. Debutant Ingrid Tørresvold skildrar gripande tilveringa til ei introvert og noko dysfunksjonell snart 40-åring midt i ei samfunnskrise, der ho lar oss sjå svakhetane hennar, samtidig som me verkeleg og oppriktig bryr oss om karakteren. Ruth kjem til å bli hos meg lenge.
Ny heterekord kvar einaste dag, folk rømmer nordover i strie straumar for å komme unna den drepande sola. Igjen er Ruth, som eigentleg likar samfunnet sånn som det er no. Ja, det er varmt, men det er mykje mindre folk, ho kan gå på jobb og på butikken utan å hamne i eit utal sosiale situasjonar ho ikkje beherskar. Ruth klarar seg i varmen. Så får ho ein venn.
Gjennom heile boka sitt eg med tanken at Ruth hadde gått veldig godt i lag med Ingvar Ambjørnsens Elling. Som Elling slit ho med sosiale situasjonar. Ho veit ikkje kva ho skal seie, korleis ho skal vere, klarar ikkje heilt andletsuttrykk. Ho blir ukomfortabel sjølv med folk ho kjennar godt, fordi ho overanalyserar alt som skjer, som blir sagt, alt som ikkje blir sagt. Samtidig liknar ho på Elling i at ho oppsøker situasjonar der det er ein del folk, så ho berre blir ei i mengda. Som ei minnemarkering, eller venterommet på legekontoret.
Men Ruth er ein mildare versjon av Elling. Der ein nesten føler blodet boble hos Elling av og til, trekker Ruth seg meir innover. Ho gir ikkje utrykk for det ho tenker og kjenner, i stadet seier ho det ho trur det er bra å seie, uavhengig av om det er sant eller ikkje. Om det passar seg å seie at ein tok abort ein gong i tida, då seier ein det sjølv om ein berre har hatt sex ein gong og ikkje blei gravid av det.
Sånne løgner er det som byggjer opp forholdet til den nye kollegaen og venninna Sofie. Sofie fortel uhemma om livet sitt, og Ruth lyg for å holde tritt, for å passe inn i samtalen. Det går ei stund, men Ruth finner snart ut at eit vennskap bygd på løgn er vanskeleg å halde.
Tørresvold gjer mykje rett i denne boka. Språket er fint, det skjer nok til at det aldri blir kjedeleg, men skjer lite nok til at meininga og kjenslene i boka består. Men mest av alt klarar ho å skrive truverdige og varierte karakterar som verkeleg sett seg i hjarta ditt.
Ruth er eit menneske det nok er vanskeleg å ha med å gjere, men det er definitivt ikkje vanskeleg å ha sympati for og like ho, likevel. Sofie er omgjengeleg og sosial, og ho jobbar seg gjennom ein vanskeleg situasjon med iver. Ruth si søster, Mari, er ei tolmodig og godhjarta storesøster, som prøvar hardt å hjelpe søstera si; samtidig slit ho med å forstå søstera si, noko som gjer situasjonen vanskelegare for både Ruth og Mari.
Dei tre karakterane er dei som tar mest plass i boka, og det blir gjerne til at ein både likar og sympatiserer med dei alle. Det til tross for at dei er så forskjellige som dei er. Det er imponerande karakterbygging av Tørresvold som gjer dette mogleg, og det er dette som tar boka opp det siste hakket frå ei bra bok til ei fantastisk bok.
Når boka er ferdig etter berre 150 sider er eg glad for at dei tre har fått bli ein del av livet mitt, og eg er trist for at dei ikkje lenger er det. Ein har genuint lyst til å følgje dei vidare og bli betre kjent med dei. Men Tørresvold stopper boka før det blir for mykje, og etterlatar oss med eit ønske om meir. Dermed blir boka med oss vidare. Imponerande skrivekunst av debutanten!
Sjeldan har ei bok treft meir med slippdagen enn denne boka. Å sleppe ei bok som skildrar eit samfunn i krise, der folk må hamstre varer, holde seg inne for å holde seg i live, midt i koronatidene, det er heilt perfekt. Enda meir perfekt er det å lese den no, når me som samfunn opplever noko av det same. Dei fleste av oss kan kjenne igjen mykje av det som skjer, fordi me opplever det same.
Boka kjennest som å lese tida me er i no, og det gjer at ein føler enda meir med hovudkarakteren enn ein hadde gjort elles. Ein kan kjenne igjen nokre av dei irrasjonelle handlingsmønstra til Ruth, fordi me ser det hos oss sjølv og andre. Ein kan forstå nokre av beveggrunnane hennar, rett og slett fordi dei er veldig i tida.
Det er nok litt flaks at Cappelen Damm og Tørresvold treff så godt med sleppdatoen, men det gjer berre ei allereie veldig bra bok enda betre. Eg ville anbefalt denne boka til alle, og eg vil anbefale å lese den med ein gong. Den vil framleis vere veldig bra om ti år, men koronatidene er den perfekte tida å lese den på.
Dersom alle satt i fengsel en stund, ville utslippene gå ned og ressursene bli spart. Det kunne vært en god løsning på overforbruk.