Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
I ti år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Kva var desse gamle dagar? Og kven er mor eigentleg? I tekst og bilde er denne boka ei vittig og tankevekkande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida. Linda lengter tilbake til ei tid ho aldri levde i. Mora står trygt planta i ei notid som ikkje er til å kjenna att frå hennar tid. MEG: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut. (Frå boka) Linda Eide meiner ho hadde blitt brent som heks i gamle dagar, men saknar dei likevel, pga straumprisane og mindre biltrafikk.
Forlag Spartacus
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788243007086
EAN 9788243007086
Språk Nynorsk
Sider 194
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Melsomprisen 2013
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Hysterisk morsomme telefonsamtaler mellom Linda og Mottro om diverse samfunnsspørsmål. Man formelig hører Lindas stemme når man leser, og det i seg selv er jo morsomt! Boka inneholder mange familiebilder, og takk og pris så er det ordforklaringer bak i bokji...
Les og le deg skakk!
Dette var en sjarmbombe av en bok fra Linda Eide (hun hadde serien Norsk attraksjon som gikk om lørdagskveldene på NRK).I denne boken intervjuer hun sin mor (Mottro på Vossamål) om temaer innen bl.a; da mor var ung, hvordan hennes egen barndom var, tanker moren har rundt hvordan samfunnet utvikler seg.I hvert kapittel er det bilde fra Lindas egen barndom med en introduksjon til intervjutemaet. For meg som selv er født på 60-tallet blir det et gledelig gjensyn med både motiv, klesmak og interesser som var in på den tiden. Bildene sammen med introduksjonen bruker hun på en elegant måten som gjør at boken ikke blir for spesielt interesserte. Jeg har vært så heldig å se henne 'live' på Litteraturhuset i Bergen og damen virker like jordnær og levende som hun fremstår på tv. Derfor var det ekstra stas å lese denne boken. Hun skriver på Vossamål og jeg hørte fortellerstemmen hennes. Et ekstra pluss til Linda Eide for at hun har tegnet et kart over Voss med kommentarer på hvor bl.a Mottro får trekken opp i baken. På baksiden har hun tegnet et 'Verdenskart' med kommentarer på hvor Mottro for (reiste) som ung. Egen innholdsfortegnelse med forklaring på ord og uttrykk på Vossamål som er brukt i boken følger også med. Denne boken vil du lese med et smil om munnen - anbefales på det varmeste ;=)
Dette er Linda Eide sine telefonsamtalar med mor si om korleis ting var då mora var liten, og korleis ting var då Linda sjølv var liten. Ho skriv godt og morosamt, men det er også svært interessant når ho samanliknar ordningar og haldningar i dagens samfunn med korleis ein løyste og kva ein meinte om dei same tinga frå 1950-talet og framover. Dette er sjølvsagt ei personleg bok, og ein del av det som kjem fram kan synast som personleg synsing, men det er snarare ein styrke enn noko som svekkar boka.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSkryt og ros er jo sjølve livsnerven i vår mellommenneskelege moderne kommunikasjon.
Men for meg er denne livsnerven meir i slekt med livsløgna enn den indre tryggleiken. Eg er meir redd for uhemma skryt enn mangelen på det. Ein gong fekk eg ein e-post med 34 utropsteikn, og det fyrste eg tenke var: Denne mannen kan eg ikkje stola på.
Den nye innsikta var såleis at Mottro hadde hatt eit liv før meg. Kall meg gjerne ureflektert og naiv, men dette var fyrste gongen at det verkeleg sokk inn i meg og nådde heilt fram: Mottro sitt liv starta faktisk ikkje med meg, tvert imot. Eg representerte slutten.