Grense Jakobselv

roman

av (forfatter).

Gyldendal 2009 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.30 (84 terningkast.)

354 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Jill Anette Remblières eksemplar av Grense Jakobselv - roman

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Ingen hylle

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Vandraren og skuggen hans, handlingsmennesket og opportunisten. Tidleg på trettitalet gjer to velutdanna unge tyskarar eit val, som fører dei til Oslos Victoria terrasse, til Grense Jakobselv, og endå lenger, over grensa. Og sidan over alle grenser, der dei blir herrar over liv og død. Den andre verdskrigen tar slutt, og blir til kald krig. Sjølv i krigens tåke finst det alltid ei grense mellom godt og vondt. Går dette skiljet framleis same stad? Skremt av forfedranes misgjerningar prøver ein ung nordmann å gjera det rette ved å følgja lover og reglar. Endar han likevel med å gjera urett? Grense Jakobselv er ein roman om makt og ideologi, om kva krigen endra, og kva som blei attende. "Grenseløst vellykket!" Sindre Hovdenakk, VG "Grense Jakobselv er sjokkerende og overbevisende litteratur." Cathrine Krøger, Dagbladet "Grenseløst vellykket",terningkast 6, Sindre Hovdenakk, VG "Grenseløst vellykket!" ... "Kort sagt: en stor roman." Sindre Hovdenakk, VG "Man skal skrive overmåte godt for å overtrumfe denne boken som årets roman." Terje Stemland, Aftenposten "Dengår inn i en lang rekke Fløgstad-romaner av udiskutabel kvalitet nårdet gjelder skjønnlitterær historieskriving, bøker som har gjort hamtil en av Norges mest kontroversielle forfattere." Tom Egil Hverven, Klassekampen

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2009

Format Innbundet

ISBN13 9788205393981

EAN 9788205393981

Omtalt tid 2000-2009 1900-tallet

Språk Nynorsk

Sider 435

Utgave 1

Tildelt litteraturpris Nynorsk litteraturpris 2009

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

7 38 22 8 8 1

Bokomtaler

Boken gir et interessant perspektiv på hvilke mennesker som drev nazismen fremover, hvilke strukturer de etablerte, hvordan disse menneskene tilpasset seg tiden etter nazismens fall, og hvilken innflytelse de har hatt på strukturene i samfunnet helt frem til våre dager. Skremmende og med overføringsverdi...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Prosjektet til Fløgstad i denne romanen er å vise korleis krigsforbrytarar frå Nazi-Tyskland forholdsvis kort tid etter krigen fekk viktige posisjonar i Vest-Tyskland. Dette var mogleg fordi det var danna menneske av borgarskapet som utgjorde eliten i Nazi-administrasjonen, og sidan borgarskapet hegnar om sine eigne var vegen kort frå nederlag til restitusjon. Slik sett kan ein kanskje seie at prosjektet til Fløgstad heller er å vise lesaren kvar borgarskapet skal stå.

Det er to forteljarstemmer i boka. Den vi møtter først høyrer til Nazi-offiseren Otto Nebelung, som fortel om sitt eige, men først og fremst om den evnerike venen Paul von Damaskus, sitt liv før, under og etter andre verdskrigen. Den andre høyrer til Alf Magnus Mayen, ein norsk politimann i tryggingstenesta som vaks opp i Vestkant-Oslo i etterkrigstida. Bindeleddet mellom desse forteljarane er mora til Alf, som var ihuga og aktiv nazist så lenge det passa seg.

Som tittelen antyder, gjeng ein del av handlinga føre seg i grensetraktene mellom Norge og Russland. Litsa-fronten er eit stykke av krigshistoria som eg også nyleg las om i Alf R. Jakobsen sin krimbok Djevelens Kobber. Begge desse bøkene skildrar hendingane, så langt eg kan bedømme, på ein truverdig måte.

Det er er eit vell av faktaopplysningar bakt inn i Fløgstad sin forteljing. Sjølv om det kunne vere moro å finne meir ut av kva som var fakta og kva som var oppdikta, så blei dette ei alt for omfattande oppgåve for denne lesaren. Ei og anna blødma har han også funne plass til, samt ei avslutning som ein kanskje kan kalle magisk realisme. Likevel fekk eg aldri kjensla av at dette var ei uvanleg god bok. Det kan godt hende at ho er nettop det, og at problemet heller er at eg er ein middelmådig lesar. Men sjølv for ein middelmådig lesar så er altså dette heilt grei lektyre, vel verdt tida det tok å lese igjennom den.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Husker ikke personene, men innholdet sitter som støpt. Sterkt tema som jeg vil lese mer om.
Fant ut at jeg måtte lese saktere enn vanlig, ikke en bok å pløye gjennom

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Eg meiner, snøen dett faen meg ikkje ferdigmåka ned frå himmelen, sjølv om du trur på Gud og alt. Det er det eg meiner, at du må ta eit tak med skyffelen sjølv.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Ta ein nordmann og gå tur med han. Det er det einaste som trengst for at han eller ho skal bli glad og fornøgd.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Den 5. april 1974 frikjende "Kieler Schwurgericht" den kjende motelegen dr. August Glahn for drapet på til saman 6652 sinnslidande pasientar. Påstanden frå påtalemakta var at desse såkalla miskunnsdrapa hadde funne stad på eit asyl nær Hannover seinsommaren 1943. Som mange andre tyske legar, og psykiatrar ikkje minst, hadde dr. Glahn også før den tid lagt ned eit stort og ueigennyttig arbeid innanfor det statlege euthanasiprogrammet. Vidare hevda forsvaret at det i dag var bortimot uråd å førestilla seg den menneskelege påkjenninga og dei psykiske langtidsskadane ved å stå medisinsk ansvarleg for eit slikt program. (...) I retten hevda dr. Damaskus (min komm.: forsvararen) at sidan dr. Glahn hadde vore sitat "overtydd og oppglødd nasjonalsosialist", var tiltalte av den grunn og i straffelovens forstand utilrekneleg og ute av stand til å forstå det rettsstridige i å utøva miskunnsdrap, eller drap på det den politiske leiinga i staten såg på som mindreverdige element.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Skal ein kjenna sine foreldre? Nei, eg trur ikkje det. Nei, ein kjenner ikkje sine foreldre, og eg trur ikkje ein skal læra dei å kjenna. Ikkje alt for godt. Du har dei, eller du har dei ikkje, på godt og vondt. Og det er best slik, også på vondt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Barndomsheimen er eit sår, som alltid står ope, meiner eg ein dansk poet har sagt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Jobben til avisfolk er å underslå sanninga, forvrenga, og øydeleggja den slik at den passar pengemakta. Slik er det. Dei er penneknektar for sine rike herrar, og slik vil det alltid vera.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ich betrachte das Nachleben des Nationalsozialismus in der Demokratie als potentiell bedrohlicher denn das Nachleben faschistischer Tendenzen gegen die Demokratie.

(Theodor W. Adorno: Was bedeutet: Aufarbeitung der Vergangenheit, foredrag 1959 gjengitt i Grense Jakobselv)

"På norsk skulle det bli noko i retning av at eg ser på etterverknadene av nazismen i demokratiet som potensielt farlegare enn etterverknadene av fascistiske tendensar mot demokratiet."

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Musikken frå vaktrommet blei verre og verre. Frå radioen lydde ein smørtenor som song ein Rudi Schuricke-låt med jammerleg tysk uttale. Paul spissa øyrene og gjekk heilt bort til arrestanten. Eg såg det på han, han var usikker, eg ante uråd.
“Jawohl?”
“Sanninga er at det ikkje var Reidar Kvammen. Det var ikkje Reidar Kvammen frå Viking, Stavanger som scora vinnarmålet mot Tyskland i -36. Det var Magnar Isaksen frå Lyn, Oslo. Goebbels la personleg ned forbod mot å nemna det. Det skulle ikkje stå på trykk i tyske aviser at ein spelar med jødisk namn hadde senka det tyske landslaget. Det var derfor Kvammen fekk scoringa.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den 30. november gjekk Den raude hæren over grensa til Finland på ein front som strekte seg frå Viborg på det Karelske neset i sør til Ishavet i nord. Ifølge konsul Beutler hadde nordmennene då 35 menige infanteristar i Aust-Finnmark, eit område om lag så stort som halve Danmark.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Nynorsk er så pent i dikt, og bokmål er så pent i prosa? Dette var, eller skulle vera, prosa. Sanneleg om eg veit skilnaden.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Her har jeg laget en liste over skjønnlitterære verker om hvordan det var under 2.verdenskrig i Finnmark. Listen er langt ifra komplett, så kom gjerne med forslag :)


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bøker av den nålevande norske forfattaren som eg liker best: Kjartan Fløgstad.


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Loppemarked? Bøkene på denne lista sendes til loppemarked tirsdag 12/2-2013


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Liste over bøker fra heile verda som eg aldri har klart å gløyme...


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her vil jeg gjøre et forsøk på å holde oversikten over de bøkene jeg leser i 2010. Et år hvor forøvrig nyttårsforsettet mitt (eller retter sagt desemberforsettet mitt) var å begynne å ta i bruk biblioteket igjen.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har satt meg et mål om å lese minst 26 bøker i løpet av året, så skal vi se om jeg kommer i mål. 26 er ok, alt under er litt lite og 52 ville vært bra.

At det er kvalitet og ikke kvantitet som teller, sa du? Nei, det som teller er variasjon.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skjønnlitteraturen for 2009 - Hamsun-året


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Favoritter blant norske bøker


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Nordaustpassasjen - roman" av Kjartan Fløgstad
  • "Kron og mynt - eit veddemål" av Kjartan Fløgstad
  • "Grand Manila - roman" av Kjartan Fløgstad
  • "Fyr og flamme - av handling" av Kjartan Fløgstad
  • "Dalen Portland" av Kjartan Fløgstad
  • "Musikantenes uttog" av Per Olov Enquist
  • "Tårnet - historie fra et sunket land : roman" av Uwe Tellkamp
  • "Svart bok" av Orhan Pamuk
  • "Lewis reise" av Per Olov Enquist
  • "Klosterkrønike" av José Saramago
  • "Herre - roman" av Niels Fredrik Dahl
  • "Konspirasjonen mot Amerika" av Philip Roth
Alle bokanbefalinger for dette verket