Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Ein tidlegare laushund tar på seg ansvaret for ein heil nasjon, og tenker at dette er billetten til eit betre liv. To bestevener er i ferd med å skli frå kvarandre sjølv om den eine kjempar imot. Ein mann møter blikket til eit lite barn og ser det livet han sjølv kunne hatt, medan ein annan mann blir hjelpelaus tilskodar når familiegarden og fem generasjonars strev går opp i flammar.
Novellene i Og alle ting vert nye handlar om å høyre til, om røter og slekters gang, dei spenner frå tidlegare tider via vår eiga tid og ut i verdsrommet.
Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg ein debutant, Anne Lise Frøkedal.
Og alle ting vert nye er andre utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788234001963
EAN 9788234001963
Språk Nynorsk
Sider 123
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Eg las denne novellesamlinga ganske fort ut. Dei fleste av novellene fall godt i smak.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket