Nordaustpassasjen

roman

av (forfatter).

Gyldendal 2012 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (15 terningkast.)

58 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Vidar Lunds eksemplar av Nordaustpassasjen - roman

Lesetilstand

Leser denne nå

Hylle

Nynorsk skjønn

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Spania under borgarkrigen. Demokratiet er på vikande front. I siste liten blir to smågutar evakuerte frå den tapande sida. Ein av dei hamnar i Sovjetsamveldet, den andre i Mexico. Same utgangspunkt, to ulike livsløp. Det eine fører gjennom Russland til Sibir og ned Jenisej til Norilsk ved kanten av Ishavet. Det andre inn mellom Mexicos snøkledde vulkanar. Kvar er dei i dag, to mannsaldrar seinare? Kven er forteljaren, og kva veit han om samfunnet vi vaknar til i morgon? Nordaustpassasjen er ein roman om livsvegar, sjøvegar og utvegar gjennom nye farvatn, når isen smeltar og det ideologiske klimaet skifter. Og er det fabeldyr frå fortida vi skal sjå for oss når vi høyrer hovtramp over sletta? Dette sier anmelderne: «Og Fløgstad klarer det kunststykke som gjør at når leseren legger boken ned er det virkelighetens verden som virker absurd, romanen har man jo vennet seg til. Så må man begynne på nytt. » Bjørn Gabrielsen, Dagens Næringsliv «Fløgstad fremstår i dag som en mer relevant forfatter enn noensinne. I sin nye roman utforsker han globale endringer i vår nære fremtid.» Frode Helmich Pedersen, Bergens Tidende «... definitivt spanande, lærerik og i aller høgaste grad underhaldande. «Typisk fløgstadsk», kunne ein seia. Det er eit kvalitetsstempel.» Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen «Og Fløgstad klarer det kunststykke som gjør at når leseren legger boken ned er det virkelighetens verden som virker absurd, romanen har man jo vennet seg til. Så må man begynne på nytt. » Bjørn Gabrielsen, Dagens Næringsliv «Sjelden har jeg lest så brå kast mellom dyp, svart melankoli og kaskader av satire som i Nordaustpassasjen.» Tom Egil Hverven, Klassekampen "Dette er ein unik roman som kjem til å bli elska og hata, dømt nord og ned og heva til skyene." Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad «Dette er fascinerende lesning. Man kan trygt si at Fløgstad tilfører historien (med stor H) noen nye farger.» Knut Hoem, NRK «Fløgstad fremstår i dag som en mer relevant forfatter enn noensinne. I sin nye roman utforsker han globale endringer i vår nære fremtid.» Frode Helmich Pedersen, Bergens Tidende «... definitivt spanande, lærerik og i aller høgaste grad underhaldande. «Typisk fløgstadsk», kunne ein seia. Det er eit kvalitetsstempel.» Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2012

Format Innbundet

ISBN13 9788205429260

EAN 9788205429260

Språk Nynorsk

Sider 424

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

2 5 4 1 1 2

Bokomtaler

Fiksjon og fakta i vilter samrøre er eit kjenneteikn på fleire av bøkene til Fløgstad, og slik er det også med denne. Likeeins er den spekka med forholdsvis skarp samfunskritikk iblanda reinspikka tøv. Lesaren, i alle fall denne, blir ofte sitjande og undre seg over kva forfattaren eigentleg vil fram til, og det er kanskje nettopp det som er meininga.

No-tida i romanen er lagt til ei nær framtid, der dagens nasjonalstatar har brote saman og ein rekke nye mer eller mindre sannsynlege politiske konstellasjonar har oppstått i staden. Tematikken om eit samfunn som har brote saman minner meg om ei anna av Fløgstad sine bøker, Det 7. klima, i alle fall det vesle eg hugsar av den. Endåtil begrepet «mediathulingar» har Fløgstad henta fram att frå 26 år tidlegare.

Forteljarstemma i boka tilhøyrer Kjell Kistefjell (som for øvrig kjenner godt til Kjartan Fløgstad), ein slags frilans-konsulent som etter kvart får i oppdrag å opprette den kapitalismekritiske Radio Free America, paradoksalt nok med formål å berge kapitalismen. Men det er mange andre historier fletta inn i boka, mellom anna om to små brør som blir fråskilde i det dei flyktar frå den spanske borgarkrigen. Ein last med gull som samstundes blir smugla frå Spania til Sovjetunionen er også ein sentral ingrediens i, skal ein seie, den eventyrlege delen av forteljinga.

Det er ikkje alltid eg forstår så mykje av kva Fløgstad egentieg freistar å formidle i bøkene sine. Men eg likar å undre meg over det. Dessutan er han innimellom rasande morosam når han treff med ordspel og med bitande ironiske merknadar. Derfor kjem eg nok til å lese fleire av bøkene hans framover. Ei om året er om lag passe tempo.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ope brev til Kjartan Fløgstad

Hei!
(Det er kanskje litt vel personlig å skrive «hei» - men «vyrde» vart for seriøst...og sidan eg kjøpte boka av deg personleg, og du har sjølv skrive ei personleg helsing til meg inne i boka, så......).

Denne hadde eg gledd meg til lenge. Du fortalde så engasjert om innhaldet då du presenterte boka di for eit bra stort publikum, og då du las opp frå teksten var eg overtydd om at dette var noko for meg. Dei artige namna som Birger Barents, Pål Likør og Plottar Doggerbank lova humor av godt format. Så – no når vi omsider er i feriemodus med lange, lyse netter premierte eg meg sjølv med å hente den fram. Såg fram til nokre triveleg timar.

Men – kva er dette? Eg har fullført, på eit vis med litt skumlesing fram og tilbake. Og no sit eg altså her og er forvirra. Kva handlar dette om? På baksida av coveret står der at det handlar om to gutar som blir evakuerte etter den spanske borgarkrigen – at ein hamnar i Sovjet, og ein i Mexico. Javel – men kvar har historia blitt av? Kvar finn eg dette i teksten?

Eg leita og leita etter ein tråd, noko som kunne halde meg på rett spor, men innhaldet minte meg meir og meir og ei stor korg med trådnøste eg hadde ein gong, der alle trådane var blanda i ein vanvittig stor floke – slik at det vart heilt umulig å sortere. Så no lurer eg på om innfallsmetoden er den beste? Sidan eg ikkje skjønar kva bodskapen er, meiner eg....

Til slutt – du er ein kløppar når det gjeld ordspel. Mange av dei likte eg , men det er med det som med alt anna: Når det blir for mykje av det gode, smakar det ikkje alltid like godt.

(Om ein eller annan kan forklare meg kva dette eigentlig er, så hadde eg sett pris på det.)

Mvh
Hilda
24.06.13

PS: Om eg skulle gi terningkast ville det ikkje bli av dei beste, så eg let vere...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fløgstad kan skrive. Men han skriver ikke til meg. Strever fremdeles med hva han egentlig ville med denne boken.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Den som ikkje les aviser, er uinformert, sa Mark Twain. Så la han til: Den som les aviser, er feilinformert.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

I intervju hadde eg sjølv slått fast at eg skreiv betre enn Rabelais, betre enn Cervantes, Grimmelshausen og Shakespeare til saman. Sjølvsagt gjorde eg det. Ingen av dei skriv lenger. Har ikkje skrive på hundrevis av år.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Først talte ein foredragshaldar med ein uforståeleg akademisk dialekt. Han heldt på i ein stiv time, men sa ikkje kva han snakka om.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Minnet er poet, ikkje arkivar eller historikar.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Derfor hadde han vore i stand til å løfta reklame og marknadsføring opp i ein høgare dimensjon. Å kunne selja løping innandørs, på tredemølle, for pengar og i dyre dommar, medan sola skein på løpestiane utanfor i den vakraste natur, var i så måte eit uslåeleg meisterstykke.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Gamle almenkringkastarer som ... NRK (Norsk rikskringkasting) hadde gått gjennom svært vellykka privatiseringsprosessar. Etter kvart oppdaga dei nye eigarane at det gav langt større inntekter å selja frekvensområde enn sjølv å produsera radio- og teveprogram.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det at han rett som det var, og utan grunn reiste seg frå bordet, sa merkverdige ting og gjekk rett heim og la seg, var nok grunnen til at Pål Likør av og til blei kalla for St. Hallvard. Han framsto som ein slags helgen, pluss at damene meinte han var søt og god. Eit uekte barn av Mor Theresa, det var det han var. Birger Barents var derimot sterkt kritisk til drikkemønsteret til Pål Likør, som han karakteriserte med ordet putl, eit lydmålande ord han måtte ha lært av meg. Nå sit Pål Likør og putlar og drikk igjen! Sit og onanerer tre timar med det same glaset, klagde Birger Barents. Plottar Doggerland var meir forsonleg. Du kan ikkje venta anna frå ein som kjem frå eit så alkoholsvakt miljø, sa han. For eigen del, og for å unngå forveksling, må eg truleg legga til at sjølvsagt er ikkje Pål Likør ein fransk filosof, berre med kinesisk uttale. Ein kan seie mykje om Pål Likør, men fransk filosof, det er han ikkje.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dei som parar seg på jordisk vis, går parvis inn i paradis. Det som står og held igjen, går ein og ein inn i himmelen

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den som skriv, står ved ein glassvegg eller eit vindu eller om så berre eit rundt kuauge og ser ut. På den andre sida er det fullt av folk som går til og frå, eller folketomt ute på det nedfrosne dekket. Utkikken framme i baugen, islosen på brua. Skriv du ned orda slik dei er vil ingen forstå deg. Først når du lærer deg å skrive bokstavane, setningane og orda bakvendt, er det nok for alle å kaste eit blikk inn i ventilen i skottet, for å sjå deg, og forstå.
Det du ikkje skjønar sjølv. Det er du eller dei andre. Alt etter som.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I massemedia er det ikkje kontrollen med dei politiske nyhetene som er avgjerande. Langt viktigare er det ideologiske apparatet som ikkje framstår som politisk, men berre hevdar at kjøp og salg av varer og materiell rikdom er det einaste målet på menneskeleg lykke og ulykke. Det politiske innhaldet i massemedia er først det som framstår som upolitisk, og utstyrt med det moralske epitetet godt, for ikkje å seia edelt. Arbeid for rettferd, likskap og sosial utjamning framstår derimot som politiske overgrep.
Alt blir snudd på hovudet. Alt er opp ned.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Jeg har i det siste funnet noen bøker hvor forfatteren har flettet inn seg selv eller familiemedlemmer i romaner, og vil prøve å samle dem i en liste. Foreløpig er lista kort, men jeg vil supplere etter hvert hvis jeg finner flere. Jeg tar gjerne imot tips på aktuelle bøker!
Hybrider som f.eks. Knausgårds "Min kamp" hører ikke hjemme her - jeg er først og fremst ute etter rene romaner/ren fiksjon hvor forfatteren selv ikke er hovedpersonen.


Godt sagt! (10) Varsle Svar

Bøker av den nålevande norske forfattaren som eg liker best: Kjartan Fløgstad.


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Forsøk på å holde oversikt over leseåret 2012


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Altered" av Jennifer Rush
  • "Seks minutter i mai - hvordan invasjonen av Norge gjorde Churchill til statsminister" av Nicholas Shakespeare
  • "Going Vintage" av Lindsey Leavitt
  • "Magdalenafjorden - roman" av Kjartan Fløgstad
  • "I krigen - et vitnesbyrd fra Syria" av Francesca Borri
  • "Enquists beste" av Per Olov Enquist
  • "Eld og vatn - nordmenn i Sør-Amerika" av Kjartan Fløgstad
  • "Etter i saumane - kultur og politikk i arbeiderklassens hundreår" av Kjartan Fløgstad
  • "Fremmed fugl ; Brukne vinger" av Bente Pedersen
  • "365 dager med Ludwig Wittgenstein" av Gabriel Michael Vosgraff Moro
  • "Kristninga i Norden 750-1200" av Jón Viðar Sigurðsson
  • "Artikler 2005-2014" av Dag Solstad
Alle bokanbefalinger for dette verket