Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Fiksjon og fakta i vilter samrøre er eit kjenneteikn på fleire av bøkene til Fløgstad, og slik er det også med denne. Likeeins er den spekka med forholdsvis skarp samfunskritikk iblanda reinspikka tøv. Lesaren, i alle fall denne, blir ofte sitjande og undre seg over kva forfattaren eigentleg vil fram til, og det er kanskje nettopp det som er meininga.

No-tida i romanen er lagt til ei nær framtid, der dagens nasjonalstatar har brote saman og ein rekke nye mer eller mindre sannsynlege politiske konstellasjonar har oppstått i staden. Tematikken om eit samfunn som har brote saman minner meg om ei anna av Fløgstad sine bøker, Det 7. klima, i alle fall det vesle eg hugsar av den. Endåtil begrepet «mediathulingar» har Fløgstad henta fram att frå 26 år tidlegare.

Forteljarstemma i boka tilhøyrer Kjell Kistefjell (som for øvrig kjenner godt til Kjartan Fløgstad), ein slags frilans-konsulent som etter kvart får i oppdrag å opprette den kapitalismekritiske Radio Free America, paradoksalt nok med formål å berge kapitalismen. Men det er mange andre historier fletta inn i boka, mellom anna om to små brør som blir fråskilde i det dei flyktar frå den spanske borgarkrigen. Ein last med gull som samstundes blir smugla frå Spania til Sovjetunionen er også ein sentral ingrediens i, skal ein seie, den eventyrlege delen av forteljinga.

Det er ikkje alltid eg forstår så mykje av kva Fløgstad egentieg freistar å formidle i bøkene sine. Men eg likar å undre meg over det. Dessutan er han innimellom rasande morosam når han treff med ordspel og med bitande ironiske merknadar. Derfor kjem eg nok til å lese fleire av bøkene hans framover. Ei om året er om lag passe tempo.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ope brev til Kjartan Fløgstad

Hei!
(Det er kanskje litt vel personlig å skrive «hei» - men «vyrde» vart for seriøst...og sidan eg kjøpte boka av deg personleg, og du har sjølv skrive ei personleg helsing til meg inne i boka, så......).

Denne hadde eg gledd meg til lenge. Du fortalde så engasjert om innhaldet då du presenterte boka di for eit bra stort publikum, og då du las opp frå teksten var eg overtydd om at dette var noko for meg. Dei artige namna som Birger Barents, Pål Likør og Plottar Doggerbank lova humor av godt format. Så – no når vi omsider er i feriemodus med lange, lyse netter premierte eg meg sjølv med å hente den fram. Såg fram til nokre triveleg timar.

Men – kva er dette? Eg har fullført, på eit vis med litt skumlesing fram og tilbake. Og no sit eg altså her og er forvirra. Kva handlar dette om? På baksida av coveret står der at det handlar om to gutar som blir evakuerte etter den spanske borgarkrigen – at ein hamnar i Sovjet, og ein i Mexico. Javel – men kvar har historia blitt av? Kvar finn eg dette i teksten?

Eg leita og leita etter ein tråd, noko som kunne halde meg på rett spor, men innhaldet minte meg meir og meir og ei stor korg med trådnøste eg hadde ein gong, der alle trådane var blanda i ein vanvittig stor floke – slik at det vart heilt umulig å sortere. Så no lurer eg på om innfallsmetoden er den beste? Sidan eg ikkje skjønar kva bodskapen er, meiner eg....

Til slutt – du er ein kløppar når det gjeld ordspel. Mange av dei likte eg , men det er med det som med alt anna: Når det blir for mykje av det gode, smakar det ikkje alltid like godt.

(Om ein eller annan kan forklare meg kva dette eigentlig er, så hadde eg sett pris på det.)

Mvh
Hilda
24.06.13

PS: Om eg skulle gi terningkast ville det ikkje bli av dei beste, så eg let vere...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fløgstad kan skrive. Men han skriver ikke til meg. Strever fremdeles med hva han egentlig ville med denne boken.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolviksiljehusmorHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHarald KHeidiElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine BoreMorten JensenLeseaaseStine SevilhaugInge KnoffGro-Anita RoenKirsten Lundtommy meyerSynnøve H HoelTonje Sivertsen