Her i huset er det mykje "gammel dansk" for tida. Hovudboka er Ditte menneskebarn 2 av Martin Andersen Nexø. Fin bok, men slik eg oppfattar den så svingar den ein del i kvalitet. Vidare er eg med i gretemor sin lesesirkel, der vi er i gang med ei anna gamal dansk bok, Kongens fall. Bra bok dette også.

Som lydbok så er eg i gang med Maskeblomstfamilien. Ikkje så veldig gamal eller dansk, men forfattar Saabye Christensen er dansk statsborgar. Så det, så.

I morgon tek eg forøvrig eit varsamt steg ut av danskebobla, då startar eg så smått på dystopilesesirkelboka Veggen av Marlen Haushofer.

Så må eg nok ta meg saman og finne på noko moro saman med hunden i morgon. Eg trur han har kjeda seg fælt i det ausande regnveret vi har hatt i det siste. Ei times økt med å springe etter frisbee høyrest vel fint ut? I allefall dersom det er hunden som spring, og ikkje eg. Vi får prøve å bli samde om eit kvart.

God Helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Får jeg spørre - jeg kommer ikke til å hive meg umiddelbart inn i dystopi-sirkelen - men jeg har lagt merke til et forbløffende fenomen i dystopi: utrolig mange historier inneholder en vegg eller en kuppel hvor skillelinja går mellom "riktig" og "gal" side, hvorfor akkurat den boka? Jeg burde kanskje spørre i dystopi-sirkelen, men jeg ser du leser med god bredde...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hmm, dette har eg ikkje lagt merke til i dei bøkene eg har lest sjølv. Det nærmaste eksemplet eg kan kome på i farta er Hunger Games-serien, der kamparenaen i dei to første bøkene var avgrensa av ein slags kuppel. Utover det greier eg ikkje å kome på noko som liknar på scenariet i Veggen.

Dette er bøkene vi har lest/les i den dystopiske lesesirkelen hittil:

1 – Silo
2 – Kallocain
3 – Menneskebarnet
4 – Ready Player One
5 – Overgangen
6 – Salamanderkrigen
7 – Metro 2033
8 – Fiolinane
9 – Veggen

Til ein viss grad kan ein kanskje argumentere med at “skilleveggar” finnast i bøker som Silo og Metro 2033, sidan der er leveleg miljø innanfor og livsfarleg miljø utanfor. På same måte er det i Menneskebarnet og Overgangen slik at hovudpersonane må verge seg innanfor festningsmurar mot monster som lever på utsida. Men eg oppfattar det som at det var meir konkrete likskapar med Veggen du hadde i tankane.

Kvifor akkurat denne? Det trivielle svaret er “fordi den fekk flest stemmer”. Hadde eg jobba i L’Oreal kunne eg ha svart «Fordi vi fortener det». Men spøk til side, når det gjeld kvifor den fekk flest stemmer så kan eg ikkje svare for andre enn meg sjølv, og kvifor eg stemte på den (den var nok mitt 2.- eller 3.-valg mellom dei 5 bøkene eg gav stemme til)

  • Sjølve plottet virkar tiltalande, og ulikt andre bøker eg kan hugse å ha lest.
  • Eg har lest veldig lite av tyskspråklege forfattarar, med denne boka kan ein justere det litt.
  • Mange dystopiar som har vært oppe til avstemming i lesesirkelen har enten vært frå dei siste 20 åra eller frå mellomkrigsåra. Veggen skil seg ut i så måte.
  • Den er ikkje så frykteleg lang. Skulle ein ende opp med å ikkje like den, så blir det ikkje så frykteleg mykje bortkasta tid.

Eg har berre lest nokre få titals sider enno, men liker boka godt. Eit bra val av lesesirkeldeltakarane.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Du har nok rett i at den skiller seg ut, bl.a. tidsepoken den ble skrevet. Jeg har kikket over bredden av titler og korte omtaler innen dystopien, for jeg visste ikke helt alt som ville innbefattes. Da så jeg at en heller stor andel omhandlet "vegg", "kuppel" eller usunne diktatur som skal si hvem hun skal matches med -
Slike stereotypier høres fort så annenrangs ut at hvis det er noe som skiller seg ut, lar det seg ikke oppdage ved første øyekast på vaskeseddelen, i hvert fall... :-P

Denne er imidlertid ført opp på ønskelista. Og du - det var en god redegjørelse!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

No gjekk eg inn å las meir om "Veggen", og ho gjekk rett inn på "MÅ leses" - lista mi. Takk for tips, ser ut som ei bok som må oppleves

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Amanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_VannflaskeGodemine