Eg har ikkje komme til Rusdie ennå. Dei listene mine har visst ein tendens til å endre seg undervegs. Men sommaren er ennå lang...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Never Let Me Go er veldig god. Den har eg nettopp lese!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dei fleste aviser har arkiv. Aftenposten har sitt på nett, som nokon nemner under. Elles kan du gå på bibliotek og lese dei fleste gamle aviser som mikrotekst.

Når det gjeld biblioteka, skal du heller ikkje undervurdere bibliotekarane. Dei har ei fireårig utdanning og stor kompetanse innafor det å hente fram informasjon. Og mange av dei synest det er veldig morsomt å bli brukt også.

Det finnst fleire detaljerte historieverk, Grimberg sitt er gammalt, men framleis veldig godt.

Bibsys ask og A-tekst er også gode søkemotorar, når du skal leite etter konkrete emner. Eg er litt usikker på om du kjem inn på A-tekst som privatperson, men du vil i alle fall komme inn frå biblioteka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har sjølv vore bortreist nokre veker nå, og trur, som Ingrid skriv under at ferietida preger forum. Eg er meir ute, er mindre på nett og sitt mindre framføre pcen. Det preger andre forum eg er medlem av, så det skulle ikkje overraske meg om det preger dette forumet også.

Eg synest i alle fall ikkje det er naturleg å dra med pcen på storbyferie for å sjekke forum, eller å sette meg til å diskutere bøker med "frammande" på nett, når eg er saman med familien på hytta, så det er ikkje så rart i mine auge.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg likte også denne boka godt. Det forteljartekniske, den utanforståande guten som ikkje skjønner kva som foregår rundt han og den naive skildringa av det grusomme gjer dette til god lesing.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kjersti Ericsson skildrer hele følelsesspekteret hun som menneske gjennomlever når ektemannen blir alvorlig syk. Hun setter ord på hva redsel, sorg, savn og ensomhet gjør med en. Denne lille boka fikk meg til å grine, nettopp fordi Ericssons følelser er så allmenne. Hun setter ord på tanker vi alle har. Redselen for å bli gammel og ensom, uten å være av betydning for andre enn som en byrde.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det hadde vore veldig kjekt å vere med i alle fall. Håper på ny runde neste sommar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Veldig bra initiativ. Eg får heller ikkje til å vere med, dessverre, på grunn av ferie (det stod høgt på lista mi, men det var visst ikkje eit hardtslåande argument for alle involverte partar).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"The slap" er en fin-fin satire over middelklassen og "det moderne" mennesket. Tsiolkas har mange gode, troverdige karakterer her som er så gjenkjennelige at man får en flau smak i munnen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne har eg kjøpt. Eg gleder meg til å lese ho.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg lærer meg kva slags anmeldarar/bloggarar/bokelskarar som har same smaken som meg og ikkje. Og eg høyrer nok meir på kva nokon seier, enn andre. Dersom eg stadig erfarer å ikkje like det same som ein annan, vil eg nok høyre mindre på denne.

Eg ser også på begrunnelsar. Eg har svært mange gonger opplevd å ikkje like "ei varm og rørande historie", så dette er ikkje eit argument som når inn hos meg. At ei bok er ein pageturnar veit eg også av erfaring at ikkje treng bety at eg liker ho. Så det hender ofte at eg vel bort rørande historier og pageturnarar, utan at eg opplever at eg går glipp av noko stort.

Når det gjeld bøker eg vel å lese, bruker eg nok mange ulike fora for å finne fram til desse. Men eg trur at anbefalingar frå favorittbloggarar som eg veit eg deler smak med, oftast står høgast i kurs hos meg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tusen takk for grundig svar med mange god tips (og innbakt bloggtips)!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har alltid hatt eit veldig rotete nattbord, med bokstablar både oppå og under. Men etter at eg fekk lesebrett, har eg fått eit ryddigare nattbord. Nå har eg bare The Sea av John Bainsville og Panserhjerte av Jo Nesbø og lesebrettet liggjande.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har veldig lyst til å lese The Remains of the Day også. Det gav meirsmak.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har også lese to tilsaman, så då er vi like langt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Desse beste-bok-trådane som har vore tidlegare, har vore veldig inspirerande. Så eg tar meg den friheit å starte ein beste-junibok-tråd. Kva for ein junibok er den beste du har lese?


For meg er det utan tvil Never Let Me Go av Kazuo Ishiguro. Denne boka har alt - god og utfordrande handling, godt språk, eit spennande forteljarteknisk grep og ho reiser ei rekke viktige spørsmål, noko som gjer at eg ikkje kjem til å gløyme ho med det første.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det var kanskje å strekke fleksibiliteten i den norske språket litt langt..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rampejenta av Mario Vargas Llosa er ein flott roman om den vanskelege kjærleiken. Men eg trur ikkje eg ville gitt ho i bryllupspresang.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den første ferieboka mi blei The Third Angel av Alice Hoffman. Boka er delt i tre, og vi følgjer tre kvinner som på ulike måtar innleiier eit kjærleiksforhold til feil mann i London. I første delen, lagt til 1990 møter vi søstrene Allie og Maddie. Allie skal gifte seg med Paul, som er utru med Maddie i håp om at Allie skal dumpe han. Ikkje fordi han ikkje er glad i Allie, men fordi han trur at ho vil ha det betre utan han. Denne affæra finn stad medan Maddie bur på Lion Park hotell ved Hyde Park, det same hotellet som Frieda, mora til Paul jobba på i 1966, då ho forelska seg i feil mann. 12 år gamle Lucy, som seinare skal bli mora til Allie og Maddie står sentralt i den tredje forteljinga frå 1952. Ho blir brukt som sendebod mellom den kommande bruda Bryn og hennar eksmann, som Bryn framleis er forelska i. Også her finn handlinga stad på det same hotellet. I denne siste delen får vi også svaret på kven det er som spøkar på rom 707 i 1990 og 1966. Dei tre delene blir altså fletta inn i kvarandre på ein litt for tilfeldig måte, gjennom karakterane og hotellet.

Tittelen The Third Angel går også igjen i alle tre delane. Faren til Frieda, bestefaren til Paul er også doktoren som tilfeldigvis kjem på sjukebesøk til Lucy. I alle sjukebesøka han gjer, har han ein engel med seg, anten "The Angel of Death" eller "The Angel of Life" eller "The Third Angel". Dette blir gjenteke eit par gonger for mykje, gjennom dei tre delane av romanen. Spørsmålet om kor vidt det går an å tru på kjærleiken, blir også repetert både av Maddie, Allie, Frieda og Lucy. Det er som om både symbolbruken og tematikken blir for eksplisitt framheva og eg kjenner det som om eg blir litt undervurdert, som lesar.

The Third Angel var ei heilt grei og passe underhaldande bok. Verken meir eller mindre, og spesielt ikkje meir. Eg har høyrd mange godord om Alice Hoffman, og har vore nysgjerrig på forfattarskapet hennar ei god stund. Men dette gav ikkje akkurat meirsmak. Eg veit ikkje kor vidt denne romanen er representativ for forfatterskapet hennar eller ikkje. Det kan jo hende eg bare har vald feil bok også?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Høres fascinerende ut! Tusen takk for tips.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

LilleviBerit REster SKristine LouiseJulie StensethKristin HolvikKirsten LundKarin BergMathildeEllen E. MartolMarit HåverstadPiippokattaAnn ChristinHarald AndersenJanne Kristin HøylandMalinn HjortlandMarianne  SkageAgnete M. HafskjoldTine SundalGroTore HalsaEgil StangelandIreneleserVanja SolemdalIngunn SLeseberta_23Harald KmarvikkisReadninggirl30LailaOdd HebækBerretMariaanniken sandvikKarina HillestadTone Maria JonassenIngeborgEivind  VaksvikLene AndresenEli HagelundSol