Eg synest ikkje det er ein meir nobel handling å låne bøker enn å eige dei. Og eg er veldig glad i å eige bøker sjølv. Men sidan det ikkje alltid let seg gjennomføre er eg også veldig glad i biblioteka. Og eg synest ikkje dei er så upraktiske i bruk. Men som sagt, så bruker eg bibliioteket fordi det er tilgjengeleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mi erfaring er at sære og rare bøker kjem fort, men det kan jo hende eg leiter etter andre bøker enn deg. Eg er i alle fall blitt veldig positivt overraska over dei svært så imøtekommande og trivelege bibliotekarane "mine", og alt dei klarer å skaffe.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Coraline bur i eit gammalt hus saman med mor og far. I dette huset finn ho, som Alice og som Lucy, ei dør til ei anna verd. Den nysgjerrige jenta går gjennom døra, der ho møter "the other mother" og "the other father" ei mor og ein far som har knappar til auge.

Etter at Coraline har åpna døra til det andre, blir ikkje verda slik ho eingong var. Coraline må tilbake til den andre verda for å redde seg frå den andre mora. Spenninga mellom "det eigentlege" og "det andre" er sterkt tilstades gjennom forteljinga. Denne spenninga blir stadig sterkare, etterkvart som "det andre" blir meir og meir skremmande. Spenninga blir også understreka og forsterka av dei detaljerte teikningane til P. Craig Russell. Eg får frysningar på ryggen av den andre mora si hand og dei dansande rottene. Spelet mellom skuggar og lys, mørkre og fargar er også med på å formidle historia om Coraline på ein veldig spennande måte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg skjønner godt det med tilgjengeligheit. Nå har jo eg eit veldig godt tilgjengeleg bibliotek, nær jobb som eg går forbi dagleg. Og det er vel hovudgrunnen til at eg faktisk bruker det. Der eg budde før, brukte eg omtrent aldri biblioteka, fordi det var tungvindt å komme seg dit. Så det er ein viktig faktor.

Men eg synest det er veldig fint å registrere bøker på Deickmanske sine nettsider, når eg les om dei også bare gå innom i løpet av veka og hente dei. Mitt bibliotek bruker sjeldan meir enn 3-4 dagar på å få tilsendt ei bok, og det ser ikkje eg som eit problem

Eg er ganske distré av meg, så derfor lager eg rutiner for å hugse ting som skal hugsast - alt frå betaling av rekningar til tilbakelevering av bøker og tannlegetimar må ned i kalenderen, viss ikkje koker det bort og blir kaos. Eg skriv opp alle bøker eg låner på tilbakeleveringsdatoen i kalenderen min. Då gløymer eg dei ikkje. Viss eg ser på nettet at det ikkje går an å forlenge ei bok, på grunn av venteliste, og eg har 75 sider igjen, ringer eg biblioteket og spør om det er greit at eg har boka til over helga, sjølv om ho går ut på torsdag. Eg har til nå ikkje vore med på at det er eit problem.

Men eg trur du har veldig rett i det du skriv om tilgjengelegheit! Eg har begynt å bruke biblioteket mykje meir, etter at eg fekk eit bibliotek som var så tilgjengeleg frå arbeidsplassen min. Og nå har det blitt slik at det er koseleg å stikke innom biblioteket, bare for å slå av ein prat med bibliotekarane.

Som sagt, under, så samlar eg på bøker. Og det å kunne lese i eige tempo og ikkje tenke på fristar og slikt er absolutt ein luksus eg liker å unne meg innimellom. Det å ha ein stabel med bøker å velje mellom, når eg skal velje ny bok, er veldig fint. Men for tida er både bokhylleplassmangel og pengemangel eit reellt problem og då er biblioteka ei god erstatning. Det er kanskje derfor eg har klart å lage meg så gode tilbakeleveringsrutinar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sjølv om eg samler på bøker, er eg veldig glad i å bruke bibliotek også. Bøker eg ikkje trur eg kjem til å lese to gonger, låner eg på biblioteket. Eg har bibliotek nær jobb, så det er ikkje noko ekstraarbeid for meg å stikke innom.

Dei fleste biblioteka eg har vore borti har også vore greie med tanke på forlenging av lånefristar og liknande. Det handlar om å følgje med, så klarer ein fint å unngå gebyra.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er vanlegvis ganske antimaterialistisk av meg, men når det kjem til bøker er eg ein samlar. Eg liker å ha bøker. Eg liker å kunne finne avsnitt eg tenker på og lese dei om igjen. Eg liker å kunne slå opp i ei bok eg har lese før, og lese eit kapittel om igjen. Eg veit ikkje korfor, men eg er veldig glad i å samle på bøker. Men nå kjøper eg mykje på loppemarknad, antikvariat og salg også. Eg kjøper ikkje nødvendivis nye bøker i det dei kjem ut.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har ikkje noko gjennomført system for registrering av bøker, men eg skil ikkje mellom bøker eg eig og lånte bøker. Eg registrerer alle leste bøker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg skal, som mange andre her inne, lese Don Quiote.

Elles har eg eit prosjekt der eg skal lese 52 noveller i år, og her heng eg litt etter. Så nå har eg akkurat kjøpt ei rekke novellesamlingar på capris.

Eg har også ambisjonar om å lese meir internasjonal samtidslitteratur (eg les veldig mykje skandinavisk og lite anna) i løpet av våren. Men der er ikkje planane heilt konkretiserte ennå.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg synes dette er Aherns beste. En original twist på plottet gjør at den skiller seg litt ut i mengden av chick-lit.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har mange bøker eg ikkje har lese i bokhyllene mine, men eg ser ikkje på det som eit problem. Eg kjøper ofte bøker på salg og loppemarknad, og sjeldan til fullpris. Men det hender jo dei kjem i store stablar om gongen, og då seier det seg sjølv at dei kjem inn fortare enn eg rekk å lese dei. Men alle mine bøker er kjøpt med den intensjonen at dei skal lesast, og det er jo ein god start, tenker eg. Eg liker å gå å kikke i bokhyllene mine og leite etter noko som passar seg å lese akkurat i dag, og då er det fint å ha litt å velje mellom.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Då kan du jo registrere deg på bookcrossing.com, så kan du registrere bøkene og følgje med på kor dei havnar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Albertebøkene er veldig fine! Særlig godt liker eg Alberte og friheten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, eg har bare lese Brødrene Karamasov. Eg må tilbake til den tråden, eg veit det!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg las Utrenskning i sommar, og det var sterk lesaroppleving. Eg har lese alt for lite av dei gamle, russiske klassikarane, så eg lista meg bare stille ut av den russiske tråden. Men eg kjem vel til å ta eit dykk uti den perioden også, når eg får det for meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dr. Zhivago har eg også på lista. Men etter dei første femti sidene i Tårnet er eg overbevist om at eg har vald riktig påskebok. Tårnet følgjer ein familie i Dresden i DDR i tida rundt 1989 og Berlinmurens fall.

Etter å ha lese Stalins kyr, har eg fått lyst til å lese meir den aller nyaste historien til DDR og Sovjet, statane sine fall og overgangen til vestleg påverkning. Eg merkar at dette er ein periode som fascinerer meg akkurat nå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har akkurat lese årets krim, og skal også leite i bokhylla etter noko litt meir spennande. Eg lurer på om eg skal lese Uwe Tellkamp si Tårnet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja! Eg som ikkje liker krim spesielt godt, synest til og med at Theorin er i ein klasse for seg sjølv.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kjempeflott at du er så ryddig, ordentleg og systematisk og tar tak i dette. Det ser veldig bra ut - sjølv ville eg bare sagt 1-2-3-les.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er jo ikkje noko problem å erstatte tven med pc (eller mac, i mitt tilfelle). Macen kan jo brukast til alt tven kan brukast til, og mykje, mykje meir.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den boka eg har ledd høgast av dei siste åra, er Selma Lønnning Aarø si En rekke avbrutte forsøk, kor ho prøver å skrive sjølvbiografi, men stadig blir avbroten av familiemedlem som skal komme med sin versjon.

Elles ser eg at Haddon, Paasilinna og Loe er nevnt under. Veldig fine forfattarar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundHarald KNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger MartinsenDemeter