Denne helga kjem eg til å følgja med på handball-EM som er i full gang i desse dagar. Handballjentene "våre" byr på spenning, ekte idrettsglede og topp underhaldning!

Men ein får vel lest litt innimellom:
Lydboka for tida er Nullpunkt av Bjørn Olav Nordahl, men den er eg dessverre ikkje heilt nøgd med. Heldigvis snart ferdig.
En sannsynlig historie, ei perle av ei bok frå Karin Alvtegen. Om kjensler, sorg, kjærleik og venskap, fortalt på ein usentimental måte.
Den største forbrytelsen av Marte Michelet. Sterkt og grundig om den norske holocaust-historia. Kritikarrost, tildelt Bragepris - og bør lesast av mange!

Ha ei fin helg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er ikkje spesielt "julete" av meg, så eg pleier å usette pynting og andre juleførebuingar til eit godt stykke ut i desember. Adventstida er liksom så masete og prega av kunstig mykje kos og altfor høge forventningar. Tykkjer eg.
Når det gjeld helgelesing, så driv eg framleis på med Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum. Lydboka for tida er den personlege sakprosaboka Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dette var ein godt grunngjeven og ærleg omtale. Det var synd at du ikkje fann ut av denne boka. Du bør absolutt gi forfattaren ein ny sjanse; Mengele Zoo er eit godt val av eit eventuelt forsøk.
Nygårdshaug er ein spesiell forfattar med ein særeigen stil og ein absurd fantasi. Eg likte Nøkkelmakeren godt - men har lest svært mykje av forfatten tidlegare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg likar vinteren, og er glad eg bur i eit land der me faktisk har årstider. Eg er ikkje kommen i rett "modus" når det gjeld vinteridrett på TV enno - men har følgd avslutninga av den norske fotballsesongen med cupfinalar både i går og i dag, for hhv kvinner og menn. Gratulasjonar går til Lillestrøm og Molde, som begge vann The Double i år.

Litt lesing vert det også tid til. Eg hyggar meg med tre ulike bøker:
Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum - som er den sjette i retrokrimserien om K2 og Patricia
200 år på 200 sider - bokversjonen av Frank Aarebrot si TV-forelesning tidlegare i år
og sist - men ikkje minst - den nyaste boka til Håkan Nesser, Levende og døde i Winsford

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bare mulig med en hylle om gangen er jeg redd.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fikset!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Vargskinnet-trilogien (Guds barmhjertighet, Morgen kommer og Skrapelodd) av Kerstin Ekman vart høgdepunkta i oktober. Eit storslagent verk som gav ei spesielt god leseoppleving.

Den boka som skuffa meg mest denne månaden var den nyaste til Haruki Murakami, Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår. Eg kom aldri inn i handlinga, og hovudpersonen var liksom så stakkarsleg og kjedeleg. Eg forventa å få komma inn i ei magisk og absurd verd (som i 1Q84 og Kafka på stranden), men denne er på eit heilt anna plan.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Lene Kaaberbøl kjem til Falturiltufestivalen på Stord no i helga. Eg skal intervjue henne om Sølvhesten (og Katrionabøkene).
Er det nokon bokelskarar som lurer på noko, eller vil helse og seie noko til Lene?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Interessant at me er så forskjellige. Eg MÅ ha lyd. Musikk, kvardagslydar, radiopludring eller annan bakgrunnsstøy. Eg klarar ikkje å konsentrere meg om lesinga dersom det er heilt stille!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I natt ble vi ferdige med ny bokimport, og vi har fått med oss høstens nyutgivelser i databasen. Normal oppdateringstakt av bokdata i fremtiden blir én gang i uka.

Jeg har endret oppførselen på importverktøyet noe for å håndtere bøker som er lagt inn manuelt med tittel/forfatter osv av oss brukere.

Vi vil nå oppdatere og skrive over bokdata på disse under import, og koble dem til hovedverket. De vil da også oppdateres/rettes i takt med andre utgivelser. Vi bruker isbn13 / ean for sammenkobling, så vi er avhengige av at dette ble skrevet inn med nennsom hånd under opprettelse.

Dette har den virkningen at omtaler, terningkast og annet som summeres opp for verk nå også tar med slike brukerinnlagte bøker.

Vi mangler ennå endel omslagsbilder til årets utgivelser, men disse lastes nå opp fortløpende. (Flere utgivelser har allerede fått satt omslagsbilder lastet opp manuelt av samvittighetsfulle bokelskere!)

Takk for tålmodigheten!

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Vi har importert bøker, men har problemer med verksammenslåinger.
Det gir rare søkeutslag.

Vi mangler også en rekke omslagsbilder.

Jeg er på saken, håper på raus tålmodighet.

Godt sagt! (17) Varsle Svar

Denne helga les eg Ingen er så trygg i fare - den ferske og 19.(!) boka i Varg Veum-serien. Lydboka er Det levende kjød av Lene Kaaberbøl, historisk dansk krim. Innimellom les eg også litt i Den fantastiske reisen til fakiren som gjemte seg i et Ikea-skap, som ebok. Neste bok blir Skrapelodd av Kerstin Ekman - den avsluttande boka i den utruleg fine trilogien Vargskinnet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi legger over til nytt bokdataimportverktøy i dag, og holder på å laste inn nye bokdata lørdag og sannsynligvis søndag.

Det betyr at vi snart får inn nyutgivelser som ikke har vært i databasen vår!

Godt sagt! (17) Varsle Svar

God leselyst! <3
Håper du blir positivt overraska!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Åh, så fint!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hei!
Eg er heilt enig i at bok 1 både har litt treige passasjer, og ein del andre svakheter.
Eg håper likevel du vil lese bok 2 i serien. Ein lærer mykje av å skrive ei bok. Andreboka er strammare, råare, og er rett og slett ei mykje betre bok enn den første.
Kjærleik og leseglede - frå forfattaren. <3

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er hytteliv denne helga - med fyr på peisen, raudt i glaset og pledd og bok på fanget. Stort betre kan ein ikkje få det. Eg les Guds barmhjertighet av Kerstin Ekman; den fyrste i Vargskinnet-trilogien. Veldig bra. Sterkt og brutalt, og svært velskrive.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg har sett saman følgjande lesemiks for helga: Nøkkelmakeren av Gert Nygårdshaug, Skråninga av Carl Frode Tiller og Sanger til Willow Frost av Jamie Ford.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jepp. Men sidan me no har fått tilbakemelding frå admin. om at det vert jobba med saka, så avventar eg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Eivind  VaksvikJulie StensethKjell F TislevollSigrid NygaardHilde Merete GjessingLilleviKirsten LundAvaAlexandra Maria Gressum-KemppiOle Jacob OddenesPiippokattaelmeLailaCamillaHegeAnneWangPirelliCarl-Erik KopsengKathrineVariosaLinnHilde H HelsethFarfalleDolly DuckTor-Arne JensenMonica CarlsenRufsetufsaElisabeth BækkenKristine LouiseYvonne JohannesenHanne Cathrine AasGodemineG LSigrid Blytt TøsdalHildeBjørn SturødTanteMamieVidar RingstrømNora FjelliTore Halsa