Dettte var vondt å lese, ja! Men, ei svært god bok som gjorde så sterkt inntrykk at det nesten kjennest fysisk vondt å lese, vil gråte....Vondt- men viktig!
Er enig med deg i at Omar gjennom litteraturen kan vere med på gjere noko positivt for eit vondsinna miljø.....med menn som ikkje verdset kvinnene slik dei burde.
Trur eg må lese noko svært lett når eg får denne ut av systemet....
Ferien har begynt,veldig deilig,men kaldt og surt ute,ikke det store sommerværet.Da er det godt å kunne kose seg inne med bøker,denne helgen har jeg begynt på "Dukken",av Yrsa Sigurdardòttir.Har lest flere bøker av henne,og det er uhyggelig spennende.
Ja, likte den faktisk betre enn eg hadde forventa....;-)
Etter ei lang periode der bøkene har fått leve sitt eget liv, gjekk eg og kjøpte ei krimbok- nesten gratis: Kistemakeren av Frode Granhus. Spennande frå Lofoten som eg har vore så heldig å besøke for nokre år sidan.
Fekk også ein dose spenning då eg i går fullførte Der krepsene synger av Delia Owens.
Så no er eg i farta og har leita fram nok ei bok som halvlesen: Alt jeg ikke sa av Celeste Ng. Håper det også skal gi ei positiv oppleving.
Treng iallfall noko som kan gi dagane innhald, sidan sommaren ser ut til å ha tatt ferie her i vest. Regnet høljar ned ute.
Håper både du og alle andre får ei god helg! :-)
Ei spesiell bok om spesielle Elling som les «Lanzarote» og som blir heilt sjokkert over innhaldet i boka.
Eg fekk nyleg boka i gåve, og både likte det eg las, men undra meg litt også...Ambjørnsen får godt fram einsemda og frykta hos Elling.
Lurer elles på: Kvar vart det av Kjell-Bjarne?
Eg har lese dei andre bøkene om Elling, men huskar ikkje ....det er nokre år sidan...
Trur eg må på biblioteket og lese « Lanzarote» eg også....
Eg har dessverre ikkje fått vere med på denne leseperioden, sjølv om hadde veldig lyst. «Markens grøde» er kanskje den romanen eg har lese flest gonger i diverse sammenhengar, og har også skrive oppgåve om boka. Har opplevd at boka har gitt meg mykje.....
No kom eg så langt at eg leita fram boka, og der låg den og gav meg dårlig samvit i dagevis. No har eg sett den tilbake i hylla, og veit med meg sjølv at eg kan ta den fram når situasjonen min endrar seg...
Kjekt å lese andre sine opplevingar av innhaldet. ...
Las nettopp på NRK at «Allis sønn» nyleg er utgitt i ny utgåve. Trur nesten eg må leite fram den som står i bokhylla og lese igjen....
Kritikaren var svært positiv til innhaldet :-)
Hei! Her er lesaren sterkt i tvil om kva som skal verte neste bok......Fullførte nyleg Frida min ukjente farmors krig av Nina Grünfeld.
Den gjorde så stort inntrykk på meg - på fleire måtar - at det vart litt vanskeleg å velje neste ...Men, har mykje å velje mellom, så noko blir det. Har bruk for noko som er både godt og lettlese.
Ha ein god søndag vidare!
Reeves flytter litt på seg og gir meg et smil så blendende hvitt og med så store tenner at de konkurrrerer med pianotangentene.
Eg lurte ei stund på kva eg skulle foreslå, men ei lita opprydding i nokre bøker eg har arva, avgjorde saka: Kungsgatan av Ivar Lo- Johansson blir mitt forslag denne gongen...
Eg veit lite om innhaldet, berre at det skal bere litt preg av sjølvbiografi.
Det skal vere om to ungdomar som reiser til Stockholm på starten av 1900-talet for å finne ein leveveg.
Trur eg har likt godt det eg har lese av forfattaren før, sjølv om det er ei god stund sidan.
Mellom bakkar og Berg utmed havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.
Han såg ut på dei steinute strender;
det var ingen som der hadde bygt.
« Lat oss rydja og byggja oss grender,
og så eiga me rundingen trygt.»
Han såg ut på det bårute havet;
der var ruskut å leggja utpå;
men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken den ville han sjå.
Frampå vinteren stundom han tenkte:
Gjev eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
Og når liene grønkar som hagar,
når det lavar av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.
Og med denne skriven av Ivar Aasen i 1863, vil eg gratulere alle bokelskere med dagen!
17.05.20
Ein ting er hundre prosent sikkert: Det er lite Powwow utanfor her i dag! Her er det kvitt og kaldt!
Alt anna enn « ..mai du skjønne milde».
Fekk lest nokre sider i går, og må tilstå at konsentrasjonen ikkje var heilt på topp.
Måtte stadig blade tilbake til dei første sidene for å finne kven som var kven.
Likevel- det meste Orange skriv er engasjerande. Trur han brukar språket til å få fram dei ulike personlegdomane. Det er også litt vemodig å lese om problema som så mange opplever - alkohol og stoff er sentralt i mange sitt liv.
Ser fram til finalen, Powwow.
Ha ein god søndag!
PS: Romanen er ferdiglesen...eg opplevde finalen som svært dramatisk! Trur der må vere ein del symbolikk, så eg må kanskje repetere dei siste sidene....
Har lese Prolog og Del I- og kan sei med ein gong at eg likar det eg les, men - meir pga gode skildringar av både personar og miljø, enn av det miljøet og den kvardagen dei ulike personane opplever.
Både unge Loneman og dei to halvsøstrene er deltakarar i eit liv der alkohol og dop spelar ei stor rolle.
Synest Orange får fram tankar, melankoli og hendingar på eit vis som får meg til å tru på det han skriv.
Og heilt utan håp er det ikkje - der finst draumar og von...og språkleg godt.
Ser fram til resten.....
Eg les Komme hjem av Yaa Gyasi - ei bok eg ikkje hadde nokon forventningar til. Men, iallfall deler av det eg les gjer inntrykk. Slavelivet var heftig!
Elles så ser eg fram til Powwow som skal samlesast. Har greidd å ikkje starte før tida...
I desse rare tidene er det godt å greie å «rømme» inn i ei bok....sjølv om kvardagane no ser ut til å lysne ....
Eg braut med alle mine gode forsett om bokkjøping- kom heim i dag med ei utgåve...kjøpt til klikk-og-hent pris. Litt nedsett, då.
Skal bli spennande å samlese ei bok som ser ut til å vere god! :-)
Spennande bok som vart vinnar denne gongen. Skal sjekke med biblioteket vårt om dei kan skaffe meg eit eksemplar! :-)
Fullførte romanen i dag, og også denne gongen gjer eg meg mange tankar om både språk og innhald. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen; Kjærstad skriv godt!
Siste delen høyrer til Nicolai Berge. Eg opplever han som ein sjølvsentrert mann, ein som prøver å vere forfattar, og som er svært sjalu.
Han greier aldri å gløyme sitt livs kjærleik- Gry- og brukar fleire år på å vinne henne tilbake. Han ville verte Ap-politikar, men vende partiet ryggen då Gry slo handa av han.
På meg verkar han nesten sjuk...nesten psykopat i tankar og gjerninger.....
Synest også at eg vart betre kjend med Ine Wang gjennom dei møta ho hadde med Berge.
Romanen gir mykje tankeverksemd gjennom å skulle finne svar på hendingar og handlingar..
22 juli - og dei vonde handlingane der vert nærliggande å minnast. Vondt!
Mitt forslag blir Karthago av Joyce Carol Oates.
Eg har ikkje lese så mykje av denne forfattaren, men såg ein omtale om boka her inne, og tenkte at det kan vere noko som kan vere verdt å bruke tid på.
Innhold både spenning og seinverknader etter krigshandlingar...etter det eg kan lese meg til.
Då har eg også fullført teksten om Peter Malm!
Synest Kjærstad skildrar glimrande både personen og hans «særegenheter»...og ikkje minst
får han fram det konservative gjennom språket.
Malm er ein rutinert, kulturivert person, ein mann som trivst åleine, ein mann som likar best at dagane er som dei brukar å vere.
Svært kjekt å lese om hans interesse for litteratur! Ganske mange av bøkene han har er mellom mine favorittar.
Reint språkleg er dette godt. Og eg opplever at historia har nokre likskapar med 22. juli...får også svake assosiasjonar til den tilstanden vi er i no. Rart å oppleve boka så annleis enn eg gjorde første gongen eg las den...:-)
Det er ikkje så lett å samle tankane i desse tidene, men håper du blir med vidare!