Eg sit og skal prøve å kome i gang med Gå aldri fra meg av Ishiguro. Den var mitt forslag til lesesirkelen, men ser ikkje ut til å nå toppen! Eg likar det eg har lese av han før, så det er kanskje det flotte, kalde vinterveret som påverkar meg?
Visst er det flotte vinterdagar no, men litt for kaldt etter min smak.
Har elles nettop lese Elsked barn av Romy Hausmann. Ei sterk bok som gjorde eit djupt inntrykk på meg. Spesiell med dei ulike stemmene som fortalde om alle dei fryktelege hendingane!
Når det gjeld å gi opp ei bok, så gjer eg sjeldan det...vil vanlegvis prøve å få med det meste. Men - nokre har eg avslutta utan å fullføre!
Før jeg gikk, viste hun meg telefonen sin med et passbilde på baksiden av dekselet. Det var henne som smilende skolejente-det eneste hun hadde igjen fra en barndom der hun aldri hadde hørt om ordet voldtekt. «Jeg trenger å tro at jeg fortsatt er den jenta», sa hun.
Til sammen ble hun solgt til tolv forskjellige menn. Hun lister dem opp etter tur, både dekknavn og virkelige navn, selv navnene på barna deres. Hun hadde lært seg alle utenat, for hun var fast bestemt på at de skulle få unngjelde.
«Det verste var å bli solgt fra den ene til den andre som om vi var geiter», sa hun. «Jeg prøvde å ta mitt eget liv ved å kaste meg ut av en bil. En annen gang fant jeg noen tabletter og svelget alle sammen. Men jeg våknet igjen likevel. Det var som om ikke engang døden ville ha meg».
Hmmm....sidan det er så kort tid sidan, burde eg kanskje kome med noko anna. Får vurdere det i resten av veka- har tenkt på eit anna alternativ..
Har telt på knappane..og trur at Gå aldri fra meg av Ishiguro blir mitt forslag. Det er heilt sikkert mange som har lest den, men det er ei god bok som kanskje toler eit gjensyn...
Håper også at fleire blir med ....
PS- eg trur at eg berre står ved forslaget mitt..
Vil ynskje deg og alle andre eit godt nyttår!
Når det gjeld lesing har det gått ganske seint med meg - sjølv om eg les ei bok som er svært engasjerande: Hekneveven av Lars Mytting!
Eg var så heldig å få den i julegåve, men lesinga har ikkje tatt heilt av. Håper det betrar seg, for boka er god!
Ynskjer dykk alle ein god søndag!
Denne boka har jeg også lest for noen år siden, og likte den veldig godt. Når det etterhvert bli mange bøker siden kan det godt være jeg også kommer til å lese den igjen.
Det vart ikkje så mange bøker på meg....Fekk ei! bok - ei god bok som eg dessverre har frå før. På måndag blir den bytta. I tillegg fekk eg Kråkevik si nyaste «Juleroser» som eg vart glad for.
Heldigvis fekk gemalen eit par bøker som eg hadde ønska meg: «Hekneveven» av Mytting og «Felemakaren» av Hoem. Reknar med at eg får lese dei :-)
Heia! Har prøvd å kome i gang med lesinga, men det går seint. Dumt! Boka,eg har begynt på er Liv andre har levd av Edvard Hoem. Sikkert ei god bok, sjølv om eg ser at omtalane er svært varierande. Har likt det eg har lese av Hoem før, trur eg.
Vurderer å ta fram « En julefortelling» av Charles Dickens, eller kanskje eg skal spare den til romjula?
Ynskjer deg og alle andre her inne ei god adventshelg!
Seier meg einig med Lillevi; Omtalen er inspirerande...kanskje på eit slikt nivå at eg kan få tilbake leselysta mi! Det er det einaste eg har på ønskelista til jul!!
Har lest den første boka, og fekk iallfall lyst til å lese dei to siste!
Ellers så er det so godt å lese ei reell bokmelding...her har vore ein del rare siste veka, ser eg - kan nesten kalle det uvanleg info på feil plass? Merkelig!
Då kan eg vere glad for at denne sannsynlegvis kjem til å ligge under juletreet i år...Kjekt å ha noko å sjå fram til no om dagen :)
Då har eg og fullført boka om dei einsame «fuglane» ute på fyret.
Trur eg må sei at siste delen av romanen vart litt skuffande for meg. Den første tredelen med Johan, Marie og Darling og alle deira svik og løgner var den som greip meg mest. Eg trudde på personane og motiva for handlingane deira.
Siste delen derimot vart for meg noko platt, overflatisk og lite truverdig...på fleire vis. Handlingane vart utrulege, ikkje minst omkring «kalven» Valdemar.
Mi utgåve av boka er heimehøyrande på biblioteket, og eg hadde tenkt å kjøpe den for å ha i bokhylla. No står eg over...
Men, det er ei bok som har mange diskusjonstema, så mykje vondt som kan finnast i eit lite miljø!
Har av ulike årsaker hatt lesefri nokre dagar, men har nyleg fullført «Darling» sin del av romanen.
Er litt usikker på kva eg skal meine om henne...ho som både avskyr Johan, og som på mange måtar er «sin fars datter».
Mykje av det ho gjer er både bereknande og ufint, men kan kanskje forståast utifrå den oppveksten ho har hatt? Vondt.
Karen er ei positiv dame med både varme og omsorg. Eit gode for meir enn ein...
Skal starte på Marie-delen i dag...er spent på kva eller kven ho er oppi alt...
Det er spennande at eit så lite samfunn kan innehalde så mykje grums..
Denne helgen har jeg begynt på "Stemmen",av Jørgen Jæger. Han er en av mine favoritt forfattere. Deilig å kunne ta fatt på bøker igjen,etter en periode hvor familien blir mere viktig å prioritere etter fars bortgang.
Heilt først til Lillevi: Eg tolkar det slik at tittelen peikar på noko som einsemd og isolasjon medfører. På s 36 les eg: « Alle visste at han var blitt tussete etter at kona døydde. At han gjekk ute på skjeret åleine og snakka med fuglane»
Dei fire som bur på fyret er også einsame- Johan søkjer til einsemda sidan han ikkje fekk det slik han ville med kjærleiken.
Opplever han som ein som gjer ting som han ikkje greier å sjå konsekvensane av- hendingar som får svært vonde følgjer. Han får det han vil - arbeide på fyret - men, framgangsmåten hans fører til ulukke for fleire enn han sjølv.
Det er både godt og vondt å lese - godt fordi det er god litteratur- og vondt fordi der er menneske som ikkje alltid har det godt...
Har såvidt fått starta på romanen - men det ser ut for at dette vert eit givande møte med ein (for meg) ny forfattar.
Ho skildrar eit miljø som er svært ukjent...ein familie på eit utsett fyrtårn...eit liv som skal verte prega av isolasjon og hardt ver mm les eg på baksida av boka. .Så spesielt at dei må binde borna for at ikkje havet eller vinden skal ta dei.
Skal bli spennande å gå meir inn i handlinga!
Er glad for at biblioteket skaffa denne til meg.
Eg var så heldig å få Bare en mor som gåve! Skulle eigentleg i gang med « Gul bok» av Shakar, og har lese litt i den....trur den også er bra, men no vart eg meir frista til,å reise til Barrøy der oppe i nord.
Vêret er heilt optimalt til å vere i godstolen med ei god bok.
Ha ein god søndag!
Eg har vore så heldig å ha fått Yt etter evne, få etter behov av Olaug Nilssen.
Har berre lese litt, så veit ikkje om eg har fått meg så mykje anna enn at det ulike personar i ein dysfunksjonell familie som fortel om kvardagen sin..på godt og vondt, trur eg. Boka har iallfall fått gode kritikkar.
Elles så har eg mykje bra som venter på leselista mi, så kva blir neste val veit eg ikkje. Har litt å gjere med kva som blir valt i lesesirkel også.
Ei god helg til deg og alle andre som er innom her! :)
Fylleangsten hadde tatt skikkelig tak,og spilte harpe på nervestrengene.
Noen kjenner mitt navn av Lawrence Hill las eg ein gong for ein del år sidan...trur eg fann den ok.
Men ei eg las for ikkje så lenge sidan er Komme hjem av Yaa Gyasi , og den likte eg godt.
Om desse kan vere noko du kan ha nytte av, veit eg ikkje.
Håper du finn det du leitar etter :-)