Ser du har fått mange gode tips, eg heng meg på med forslag om Chris Tvedt. Her kan du velje mellom bøkene om advokaten Mikael Brenne og bøkene om kriposetterforskar Edvard Matre. Nokre av bøkene har han skrive saman med kona Elisabeth Gulbrandsen.
Eg tenkjer du bør ta ein prat med læraren din og få hjelp der. Lukka til :-)
Hun kikker bort på en bøtte med en oppvaskklut i blodig vann, og tenker at det eneste tortur avslører, er torturistens egne hemmeligheter.
Takk skal du ha! Vakkert er det uansett.
I år har eg få nyttårsforsett utover å lese faglitteratur. Og så gir eg meg lov til å slappe av med krim innimellom for å kvile topplokket litt. Men neste år derimot.... Då skal eg lese ungdomslitteratur for å kunne vere litt meir i dialog med elevane mine (sjølvsagt får dei tips frå meg om anna litteratur og).
To biografiar peikar seg ut: Mitt liv var draum - Olav H. Hauge (Knut Olav Åmås) og Menneskenes hjerter - Sigrid Undset. (Tordis Ørjasæter). Dette er bøker eg aldri gløymer og som har satt spor hos meg. Eg vil tru at du må ha eit forhold til forfattarane om bøkene skal gje deg noko, men heilt sikker er eg ikkje, så det er berre å prøve.
Då eg første gong las noko av Linn Ullmann må eg innrømme eg var full av fordommar.... Dotterkjendis og greier, men "gu" for ein forfattar ho er! Har lese alle bøkene hennar og likte dei alle som ei.
Litt spennande å sjå kor ulik oppleving ein har av bøker, denne fall ikkje i smak hos meg. Undervegs tenkte eg at boka sikkert kunne gjort seg som tv-film. Ho har "alt": kvinneleg "profiler", mannleg og alkoholisert politimann, sjølvsagt ligg det litt romanse i lufta. Menneskehandel og unge vakre jenter som lever farleg då ein seriemordar går laus. Og som om ikkje det var nok så har hovudpersonen si syster vore offer for gruppevaldtekt, kanskje frå same gjeng som hovudpersonen Clare Hart er på jakt etter.
Så ja, plottet er heilt greitt, handlinga er lagt til Sør-Afrika, og forfattaren Margie Orford er i dag busett i same land. Vaskesetelen fortel at forfattaren er journalist og opptatt av levevilkåra til kvinner og barn, noko som og kjem fram i boka (tema: menneskehandel/prostitusjon).
Boka har fleire spenningstoppar, og ja, dei er spennande. Det meste er eigentleg "etter boka", så kvifor fengde ho meg ikkje? Mi oppleving trur eg heng saman med den norske omsetjinga. Eg stussar over litt tunge setningar og fleire stader undrar eg meg og over setningsoppbygging og val av ord. I teksten får me meir enn ein gong ei oppramsing av hendingar (refererande), og det er dette som gjer sitt til at eg trur mi oppleving har noko med omsetjinga å gjere.
Ja, for meg kan det ligne på noe fra en katolsk bønn.
Ojj! Så nå at det visstnok stammer fra ham.
Takk gretemor! Har boka og slått det opp, men ei heller der står det noe om hvor det opprinnelig stammer fra. Får prøve å lete videre.
Har hatt opprydning og fant en lapp hvor jeg hadde notert ned 3 linjer, jeg vet ikke hva det er eller hvem som har skrevet det eller hvor det kommer fra:
*Måtte jeg handle med heder
Måtte jeg opptre med mot
Måtte jeg oppnå ydmykhet.*
For meg virker det som en del av en bønn, men jeg er langtfra religiøs, så jeg aner faktisk ikke.
Synes det er vakkert skrevt og skulle gjerne visst hvor det stammer fra.
Eg set Elena Ferrante og hennar Napoli-kvartett øvst på lista i år. Bøkene har eit så fint språk, og oversetjar Kristin Sørsdal har gjort ein framifrå jobb. I motsetnad til Knausgårds mursteinar av nokre bøker, der eg til slutt berre venta på at han skulle leggje inn årene, - gjekk eg med Napoli-bøkene berre å venta på neste bok. Kjenslevare skildringar av både kjærleik og krig, glede og sorg. Den siste boka Historia om det tapte barnet er kanskje og kvartettens beste.
Pyramidespill er ren svindel..
Det vanskeligaste med jobben er å halde kontroll på alle konsonantane til polakkane. Nimmersjø seier at han aldri i sitt liv har sett så mange konsonantar. Hadde ikkje Gud tilgang på vokalar då han laga Polen? spør han.
Regn og restskatt er blant de sikreste høsttegnene, i Bergen som så mange andre steder.
Kjolen var elegant nok, kuttet rett over knærne og mønstret med store, kinesiske drager i rødt mot mørkeblått og med en så høy splitt i siden at den forbudte byen ikke kunne være langt unna.
Det er så mange gode tips her, så 10 på topp får du ikkje av meg, men Napoli-kvartetten til Elena Ferrante må du absolutt få med deg. Start med bok 1: Mi briljante venninne og ta dei føre deg etter tur, eller les fleire av boktipsa du har fått innimellom. Bøkene er nydelege i både språk og handling (nynorsk).
Boka står på ønskelista og eg er veldig spent på korleis Renberg meistrar det å skrive på nynorsk.