Ikkje for å vera grinete men...
Dersom ein skal følgja med på alle julekalendarane og julekonkurransane som er i gang no, må ein nesten ta seg fri frå jobb. Det går vekk mykje tid på tulleting i desember.
Eg saknar fleire kritiske røyster til all denne reklamen som me vert bombarterte med i desse dagar.
Andre fascinerande titlar er overraskande "nye" ord og ordsamansetningar; Drømmefangeren, Sørgekåpen, Nattsøsteren, Honningfellen, Sukkerdøden. (Unni Lindell)
Enig!
Her er eit klipp frå youtube, herleg stemning!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Ja, nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Og grauten koker!
Og grauten koker!
Og grauten koker!
Og grauten koker!
Ja nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Og spurven sitter!
I ne-e-e-ket!
Og jæææ-æææii stapper!
Min lange pipe!
Og synger:
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Og bestefar kommer!
Og bestefar kommer!
Og bestefar kommer!
Og han er nisse!
God kveld, du gamle!
God kveld, du gamle!
God kveld, du gamle!
Sett fra deg stokken!
Ta av deg maska!
Her har du flaska!
Ta av deg maska!
Her har du flaska!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Og vi synger salmer!
Under juletrepalmer!
Og vi synger salmer!
Under juletrepalmer!
Og jeg pakker opp skrujernet!
Og jeg pakker opp skrujernet!
Og jeg pakker opp skiskraperen!
Og jeg pakker opp skiskraperen!
Takk onkel Petter!
Takk tante Laura!
Den der var grei den!
Den der var grei den!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Og ribba smaker!
Og her er kaker!
Og ribba smaker!
Og her er kaker!
En liten dram til?
Litt mere sursild?
Litt mere sursild
Litt mere sursild...
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Ja nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Arild Nyquist
Har starta opp med Misterioso av Arne Dahl. Dette er den fyrste boka i serien om A-gruppen.
Prøver meg på litt seriøs litteratur i lydbokformatet; Kongens hjerte av Gaute Heivoll. Per Frisch les fint og passe inderleg, og Heivoll skriv godt, - men nei.. Dette er for deprimerande og langdrygt. Snart ferdig heldigvis.
Og gjenta ho kjøpte seg spennor og stas,
og ringar med perlor av farga glas.
- Men ikkje vart gjenta gift.
So greidde ho håret med kost og med kamb,
til dess det vart krulla som ull på eit lamb.
- Men ikkje vart gjenta gift -
So tok ho ein sviptur til næraste by,
og sytte seg skjørt utav kjøpety.
- Men ikkje vart gjenta gift. -
Og gjenta stal pungen frå husbonden sin,
og kosta seg halsklut av røysekattskinn.
- Men ikkje vart gjenta gift. -
Då vart ho so arg at ho fræste som krut,
og flakte so av seg kvar einaste klut,
- men då vart gjenta gift......
- Jakob Sande
Så bra! Har akkurat oppdaga denne forfattaren, les Potensgiverne no. Viktig å humre til noko lettlest innimellom :)
Skyggedød er femte og siste bok i Inger Johanne Vik-serien. Tidlegare bøker i serien er Det som er mitt, Det som aldri skjer, Presidentens valg og Pengemannen.
Me hugsar alle kvar me var på ettermiddagen og kvelden den 22. juli 2011. Me hugsar kjensla av det uverkelege i dagane som følgde. Anne Holt har lagt handlinga i den nye boka si til desse spesielle dagane. Skyggedød er ei god, viktig og svært lettlest bok. Ikkje superspennande, men likevel ein sidevendar.
Handlinga startar altså fredag den 22. juli, Inger Johanne Vik skal hjelpa si gamle gymnasveninne Ellen med førebuingane til kveldens selskap. Men når Inger Johanne kjem til det herskapelege huset, har det skjedd ei tragisk hending. Sander, den 8 år gamle sonen til Ellen og Jon Mohr, har dotte ned frå ei gardintrapp. Han er død. Alt tyder på ei heimeulukke. Foreldra er utrøstelege.
Kriminalpsykologen Inger Johanne prøver å ta leiiing i kaoset, ringjer naudnummeret til politiet gong på gong og skjønar ikkje kvifor ho ikkje kjem gjennom. Samstundes ser ho ei stor røyksky over Oslo sentrum. Omsider kjem ein politimann, den heilt nyutdanna og sosialt evneveike Henrik Holmen.
Ganske tidleg får me innblikk i at det er noko som ikkje stemmer under den perfekte fasaden til ekteparet Mohr. Både mor, far, farmor og husvenen Joachim har ting dei prøver å skjule. Holmen skjønnar instinktivt at noko er svært mistenkeleg, men etterforskinga hans er amatørmessig og klossete. Inger Johanne har sine eigne private bekymringar, og klarar ikkje heilt å ta inn over seg at noko er gale i den vellukka familien Mohr.
Plottet er ganske forutseieleg, men ein viss spenning finst gjennom heile boka. Temaet barnemishandling er så hjarteskjerande at sjølve plottet ikkje vert så viktig. Anne Holt handterer det vonde temaet på ein enkel måte, med eit enkelt språk. Ho set fokus på korleis omgjevnadene snur seg vekk, at folk ikkje torer å melde frå om mistanke om mishandling av barn. Det handlar òg om institusjonar som skule og helsevesen som burde ha teke ansvar for det som skjedde. Boka er god fordi temaet er så opprørande, ikkje fordi det er ein spesielt spennande eller godt oppkonstruert krimroman.
I etterordet skriv forfattaren at utgangspunktet for romanen er den såkalla Christoffer-saka. Hendingane i Regjeringskvartalet og på Utøya er kun eit bakteppe for historia i Skyggedød. Forfattaren viser oss ein familietragedie i skuggen av ein nasjonal tragedie.
Skyggedød er på mange måtar ei bok til ettertanke. Anbefalast!
Les Skyggedød av Anne Holt, blar i sjølvbiografien til Zlatan Ibrahimovic, Jeg er Zlatan og lyttar til Potensgiverne av Karin Brunk Holmqvist. Tre bøker på ein gong går greitt når dei er såpass ulike.
Jeg var ute hele tida og spilte fotball eller sykla omkring på rappa sykler, og ofte var jeg så sulten som en ulv når jeg kom hjem, og rev opp kjøleskapsdøra og tenkte: Plis, plis, la det være noe der! Men nei, ingenting, bare det vanlige: melk, smør, litt brød og i beste fall multivitaminjuice i fireliters kartonger, kjøpt i den arabiske butikken, for den var billigst, og så øl selvfølgelig, Pripps Blå og Carlsberg, sixpacks med sånn plast rundt. Noen ganger var det ikke annet enn pils, og det brølte i magen. Det var en smerte i det som jeg aldri glemmer.
Takk for svar, eg forstår no at du har "vore innom" krimsjangeren. Eg forstår òg kva du meiner, men eg er ikkje enig. Det er heller ikkje så nøye. Hadde alle likt det same, ville det vorte kjedeleg.
Eg er elles heilt enig med Ekelund i at Minnesota-trilogien er svært bra. Du bør prøve Drømmenes land, De døde og Ravnene av Vidar Sundstøl.
Jeg spurte en gang en sebra:
Er du sort med hvite striper
eller hvit med sorte striper?
Og sebraen så på meg og sa:
Er du sterk med svake sider
Eller svak med sterke sider?
Er du god med onde påfunn
eller ond med gode påfunn?
Er du glad med triste dager
eller trist med glade dager?
Er du flink med dumme innfall
eller dum med flinke innfall?
Og slik fortsatte og fortsatte
og fortsatte den, og aldri, aldri, aldri, aldri
spør jeg en sebra om striper igjen.
Shel Silverstein (1930-1999)
Enig, dette var ein fin debut. Beverfjord er tydeleg inspirert av Liza Marklund. Grei og lettlest krim. Godt plott, overraskande slutt.
Skyggerom er bra, etter mi meining betre enn Tysteren.
OK, då har eg oversett det.
Men diktet er så fint og passar så bra på denne nettstaden, så det kan godt stå to gonger, ikkje sant?
Ah, lurt med ny tråd :-)))
Terningkasta er ein enkel form for omtale. Dei bør ikkje takast for seriøst.
(Tråden er blitt lang, litt vanskeleg å få oversikt. Om dette diktet ikkje er blitt lagt ut her før, så er det på tide)
Den riktige bok er en havegrind
til et land du får skjenket som gave.
For enhver står den åpen!
Enhver kan gå inn
og bli gjest i en eventyrhave.
De skjønneste planter,
hvis blomster er ord,
står stille og gror her i haven.
Her er det bokstavenes trollmenn bor,
og svinger med ord-tryllestaven.
En bok er en rikdom,
en bok er en venn,
og kan vel ditt vennskap fortjene,
for han som har lært seg å lese i den,
blir aldri på jorden alene.
- Andre Bjerke
Det er eit poeng, kanskje eg var for rask. Eg vart litt provosert :)
Eg merka meg artikkelen i Dagbladet, den var interessant. Eg meiner likevel at sjølv om det er ein del middelmådige mellom dei nye norske krimbøkene, så er eit stort fleirtal lesverdige, spennande og med gode og uforutsigbare plott.
Du har forresten ikkje mange norske krimbøker i boksamlinga di? Ingen?!
Du bør prøva nokre få forfattarar før du uttalar deg om kor kjedelege norske krimbøker er. Innlegget ditt luktar litt stramt av fordommar mot krimbøker.