Boka som for alvor gjorde meg glad i lesing var Diane Setterfields bok "Den trettende fortellingen" - det er ei bok eg no har lese tre gonger, på norsk, på engelsk, og som lydbok. Og kvar gong finn eg noko nytt, ei ny samanheng, eit nytt hint, eit nytt teikn/symbol/metafor.
Så ... når eg no fann denne boka her av same forfattar var eg litt redd for å gå laus på ho, for forventningane var høge, og dermed også fallhøgda like så. Heldigvis var eg uroa utan grunn - nok ei perle av ei bok!

Boka er skriven på eit språk som gjer at eg opplever ho som eit slags eventyr for vaksne. Heile handlinga litt innpakka i ein slags mystikk og undring. Det finnst element av noko overnaturleg i boka, men eg vil likevel nøle med å seie at sjangeren "fantasy" er gjeldane. Boka er solid gjennomført både mhp språk, karakterar og plott.

Slik eg ser det, er denne boka ein slags (vellykka) kombinasjon av mysterium, mystikk, magi, dramatikk og romanse.

Kort om handlinga:
Ein haustkveld dukker ein skada mann opp på den lokale pub-en. Med seg har han ei livlaus jentunge. Mannen er hardt skadd, og segner om. Sjukepleirska blir tilkalla. Ho fastslår at jenta er daud. Men så - kort tid etter at ho har fastslått dette finner ho svak puls, og får liv i ungen igjen. Mannen blir liggande i sjukesenga nokre dagar. Då han vaknar til er minna hans vage og han veit ikkje kven jenta er. Historia om den daude jenta som vakna til liv sprer seg i området, og tre ulike personar/familiar dukkar opp for å ta til seg ungen - som dei hevder tilhøyrer dei.
Vi følger dei tre, samt menneska rundt.

Boka byr på spenning og mystikk. Samstundes finst mykje humor mellom linjane - elegant humor som ikkje blir kasta på deg, men som ligg litt skjult og uhøgtidleg spredd. Karakterane er herlege og velutvikla. Plottet henger godt i hop. Språket løfter heile boka opp - det er tidvis litt lyrisk, utan å bli for billedleg og treig. Samstundes er det flytande og enkelt å lese. Og ikkje minst er det morosamt, sjølv om humor på ingen måte står sentralt i fokus i denne boka.

LES LES LES!!!!!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ser aat den faktisk ligger på Storytel som lydbok. Skal legge den til i lista mi =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er ikkje med inlesesirkelen her, men såg at Tor Åge Bringsværd blei nemnt og ville berre seie at eg nyleg har lese to bøker av han som eg verkeleg har storkost meg med så håper dykk velgjer å lese noko av han! Dei to bøkene eg las (og likte!!) var forresten "Slipp håndtaket når du vrir" og "Kalifens gave" - to svært ulike bøker som begge to fenga lg begeistra. Elskar humoren som ligg så elegant på lur i språket

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det er alt skrive mykje om denne boka, og å gjenta det same som alt står skriven tilfører ikkje stort av verdi. Eg vil likevel skrive nokre få ord om boka då dette er bok som fortener omtale, merksemd og fleire lesarar. Dette er ei bok som tidleg utpeika seg som favorittliste-kanditat hjå meg, og som sidan har stått på den lista, og der kjem ho til å bli ståande.

Å halde lesarens merksemd gjennom 800 kompakte sidar er ein bragd! Og forfattaren gjer nettopp det. Ikkje eit sekund sukka eg over bokas lengde eller tenkte at ho skulle vore strammare redigert (slik eg ofte elles gjer med mursteinsbøker).

Boka handlar om fire menneske sitt liv i India i perioden frå unntakstilstanden til frigjeringa. Det er altså ein realistisk og historisk roman. Verken historia/sannferdigheita eller realismen står i vegen for romanen - tvert om! Romanen er i fokus, historie-delen er eit slags bakteppe som ikkje tek over fokuset. Og eg trur det er mykje av grunnen til at denne boka fungerer såpass godt. EIn lærer mykje om INdia ´utan at ein opplever å bli skolert på noko som helst vis

Bokas plott et sterkt! Liva til desse fire karakterane blir formidla med flytande overganger mellom dei ulike karakterane, vi blir godt kjende med dei kvar for seg, og saman som gruppe. Karakteranes styrker og svakheiter gjer dei truverdige, ekte, og høgst likandes! Boka vekker kjensler hos oss som lesarar óg; sinne, sorg, frustrasjon på vegne av dei mange stakkarslege skjebnene, men også augenblink med glede, lattar og fascinasjon.

Ein ting til eg likte særs godt og som må nevnas er at "alt" i boka henger i hop på elegant vis - ei raud tråd, balansekunst, finnst gjennom heile boka. Alle små hendingar, alle karakterane, alt kan på sett og vis settast i hop til slut - akkurat som lappeteppet symboliserer. Sjakken, tigginga, kjærleiken, skadene, dødsfalla, politikken, familielivet, sjukdom, skjebne, ... dei mange tema og aspektene blir samla på elegant vis!

Dette er ei bok man verkeleg MÅ lese.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ei skikkeleg feel-good bok med skarp humor, herlege karakterar. Ikkje noko banebrytande eller nytt, men ei perfekt bok å slappe av med. Kjærasten og eg lytta til denne lydboka på veg heim frå nyttårshelga. Koste oss godt, begge to!

Vi følger livene til tre karakterar i tida fram til jul - ein smådeppa, gretten taxisjåfør; ei overarbeida, ung advokat; og bestemora til denne ungen damen. Og det er denne bestemora som er limen i historia.

Kort bok, lettlesen, humoristisk utan å bli fjasete. I år blei "En dag i desember" på sett og vis "kåra" til den store juleboka. Eg las ho. Og så las eg denne. Og slik eg ser det er dette ein mykje betre "julebok": Handlinga utspeler seg i desember - i tida fram til jul, julesteming (og mangel derav) spelar ein rolle i boka, gåver, julemat osv går igjen. Jul er eit tema, men det ikkje hovudtemaet. ("En dag i desember" derimot handlar i grunn fint lite om jul..!)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

En fore fri er skrevet av Beate Grimsrud :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kjører på med samme plan som tidligere, med å lese 52 bøker i året.


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bøker lese i tjue nitten


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Godt nytt bokår! :)

Moro å ha noen målsetninger med lesingen. Her er mine:

  • Lese minst 52 bøker (som i fjor)
  • Delta på biblioteket mitt sin leseutfordring (som i fjor)
  • Lese flere av mine egne bøker, enn biblioteket sine
  • Delta på minst én felleslesning i lesesirkelen her inne
Godt sagt! (11) Varsle Svar

Det finnes et japansk ord for dette fenomenet
https://spraakraadblaagg.wordpress.com/2018/06/27/tsundoku/

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (8) Varsle Svar

Dette er nok det første året hvor jeg ikke får en drøss bøker! Og mtp hvor mange uleste skatter jeg har stående på vent i hylla, er det kanskje like så greit. Fikk én bok da - men det er nr. 8 i en krimserie jeg ikke har lest, så den skal jeg bytte. Og da tenker jeg at jeg endelig får tak i Marit Eikemos siste bok! Har til nå kjøpt og lest alt av henne, så denne siste må også leses og plasseres ved siden av de andre i hylla. :-)

Romjulsboka je har valgt meg ut er "Balansekunst". Har lenge hatt den i hylla, men har vært litt skeptisk fordi den er så tykk, og sidene kompakte med liten skrift. Men starta i går kveld og er alt over hundre siden inn i boka. Fengslende og bra! Spørs om den varer hele romjula, slik tanken var. Den blir uansett med til Danmark når vi reiser i morgen - sammen med Jon Fosses trilogi som en back-up; om jeg skulle komme til å lese den ut.

Regner også med at vi finner oss en fin lydbok å lytte til på bilturen. Men hvilken det blir ... valgets kvaler, gitt!

Ønsker alle en god (rom)jul og et godt nytt år!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fin historie, lettlest og rørende. Fort lest og nok også ganske fort glemt. Fullgod kosebok med gjenkjennelige følelser. Ikke noe som gir varig inntrykk, men ypperlig underholdning. Fin bok når en vil lese noe lett, romantisk og småklissete. Ikke nor for deg som vil utfordres intellektuelt eller som er gira på noe dypt og tankevekkande. For meg passa denne perfekt å lese som avbrekk mellom to smånifse krimbøker.

Jente ser gutt og faller pladask. Leiter etter han i ett år... Finner han omsider men da har ting Endret seg og Rt forhold er uaktuelt. I løpet av ti år spiller disse to en viktig rolle i hverandres liv, venner, uvenner, støttespillere, forbudt kjærlighet...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Avbroten

Tankevekkande og rik på kjensler. Og ei rekke tema tas opp - dødsstraff, organdonasjon, religion, frelse og tilgivning, liv, død, frihet... I denne boka følger vi ein rekke menneske som på ulikt vis blir involvert i ein sak kor ein dødsdøymd mann ønsker å donere hjartet sitt. Men, om han får den daudelege injeksjonssprøyta kan ikkje hjartet brukast. Vi følger ein av fangane i same fengsel, ein prest, ei advokat, samt ei mor (som er enke, mannen og den eldste dottera blei skoten av den samme mannen som no ønsker å donere bort hjartet sitt) og dottera - som er sjuk og treng nytt hjarte...

omlag halvvegs i boka hadde eg ikkje heilt gjort meg opp ein meining. Det blir litt for mykje religion etter min smak, men boka er interessant likevel og religionen er heldigvis ikkje framstilt som feilfri eller som "det riktige"

Starta bra, men så begynte eg å kjede meg. Kom ikkje nær nok karakterane, emosjonelt, til å bry meg tilstrekkeleg om dei. Religion og bibelprat fekk for mykje plass. Og ja... Eg veit ikkje eg blei rett og slett lei. Det er sjelden eg legg vekk ei bok som eg alt har lese halvparten av... Men ja.. Når eg sit og kikkar på klokka heller enn å nyte boka... Då er det ikkje særleg givande å lese. Livet er for kort og bøkene for mange til å bruke tid på bøker som. Ikkje fenger.
Vil berre påpeike at boka ikkje er dårleg... Ho traff berre ikkje meg. Språkleg sett er ho heilt ok, men ikkje noko å skrike hurra om. Så ikkje noko oppsiktsvekkende dårleg språk, men eg trur likevel at eit sprekere språk ville gjort boka betre og løfta historia såpass at boka blei meir innbydande og interessant.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lytta til lydbokversjonen og det var helt utrolig, rett og slett fordi oppleserane gjorde ein makalaus jobb. Mykje (eller alt...) blir fortalt via dialogar/mail/referat-ein eller annan form for kommunikasjon - og det gjorde seg veldig godt på lydbok! Alle tre bøkene ligg på Storytel så anbefaler verkeleg å lytte til dei neste der dersom du ikkje alt har kjøpt bøkene :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei av mine favorittar! Anbefaler også å sjå filmen! Den er litt annleis enn boka, men endringane som er gjort gjerne at det fungerer veldig bra som film

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Las nettopp The Secrets She Keeps av same forfattar, og den er den beste thrilleren eg har lese på lenge. Anbefaler den!! Også krimboka Liv og død er å anbefale. Denne forfattaren er på god veg til å bli ein favoritt hos meg :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi følger dei to kvinnene Meghan og Agatha, som begge to går gravide i si siste månad. Anna kvart kapittel er skriven i synspunktet til henholdsvis Meghan og Agatha.

Meghan - gift med TV-kommentator, TV-fjes, kjendis-mannen. Sjølv er ho bloggar og har ein god fan-base. Ho har venninner, ho har foreldregrupper, ho har nettverk, ho har alt - tilsynelatande, sett utan frå - særleg sett med Agatha sine augo.
Agatha - skilt, einslig, ein trøblete oppvekst, ei litt ustabil sjel. Men samstundes svært god, kjærlig. Søkande. Leitande etter noko og nokon og høyre til. Ho lyger ein del. Men ho seier også mykje som er sant...

Vanskeleg å skrive noko om denne boka uten å røpe vesentlige ting... så eg skal bare seie veldig kort at: av alle bøker innen sjangaren "psykologisk thriller" er dette den beste eg har lese! Eg klarte verkeleg ikkje legge boka ned, eg slukte dei 500 sidene på to dagar.. eg blei oppslukt!
Språket er kort, presist, enkelt å lese. Samstundes inneheld det vittige formuleringar og ein småironisk tone. Karakterane er ekte og velutvikla. Plottet er gjennomført, truverdig og overhodet ikkje forutseigbart. Skal du lese ein thriller....LES DENNE! Må også nevne at det er gøy å lese ein thriller som ikkje er skriven frå politiets sitt perspektiv (eller en journalist eller ein psykolog ...) LES LES LES!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Apropos advent - siden det er mange leseglede menneske her kan det jo være at dette er av interesse? Eg har i år laga ein 24-episodars juleeventyrkalender. I utgangspunktet for tantebarna mine, men no har sambuar og ein del andre også fått lese og har likt det såpass godt at dei deler det vidare... Så i tilfelle nokon vil lese ein slags adventskalender: https://spraakraadblaagg.wordpress.com

Det er ikkje mykje eller krevende. 1-2 sider med tekst per dag. Skriven ned humor og snert, hopar eg... Håper dei som eventuelt leser likar det :)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er ei fin bok! Anbefaler også å sjå filmatiseringa, blei imponert over kor godt tankane og kjenslane til karakterane kom fram på lerretet, hadde ikkje forventa at den boka skulle kunne bli så bra som film

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundHarald KLene AndresenEvaSynnøve H HoelTonjeRisRosOgKlagingPiippokattaJohn LarsenTheaAnn ChristinRandiAgretemorTone HJulie StensethGrete AastorpGladleserDaffy EnglundReadninggirl30MarianneNAvasomniferumBjørn SturødHanne Kvernmo RyeAnne Berit GrønbechHilde Merete GjessingWenche VargasJarmo LarsenKaramasov11MaikenFlyvebladTine SundalLesevimsaNorahIvar SandLeseaaseFindusEllen E. MartolIngrid HilmerTrude Jensen