Engelsk både her og der, islandsk, to variantar av gresk, malayisk, arabisk, pidginspråk og kreolsk - og Afrika. Og utviklinga av "skolespråka". Riktig variert om språkpolitikk og -situasjonar, m.a.o. Til slutt: "Kva er språkleg frigjering?" Bra!
Spenning er her nok - med den talande moralen om at brotsverk - særleg økonomiske - støtt lønner seg. Flate karakterar, og kanskje ikkje heilt truverdig opplegg og av og til riktig dårleg komposisjon, men forfattaren lander med nesten begge beina på jorda. Kanskje fordi enkelte av skildringane frå borgarkrigen fengar - og fordi slutten slett ikkje er så verst.
Ein av dei aller dårlegaste romanane eg har lese. Takke meg til gymnaslærar Pedersen om denne epoken.
Heile tida det same miljøet, dei same menneska som strevar med livet. Teikna med varme og akkurat passe blanding av humor og alvor.
"Bare mjuke pakker under treet" er ein god tittel, ja. Så fint at tittelen på denne måten understreker livssituasjonen til desse menneska. Og så slepp ikkje forfattaren taket i dei; han har ei grunnleggjande tru på mennesket, synest eg.
For ei stemning "Snø vil falle over snø som har falt" formidlar! Ibsensk i komposisjon, undsetsk i tittelen (jf. snøen som fell til slutt i "Korset"). Og menneska og forholdet mellom dei: Så variert, så til å kjenne att frå miljøet. Ei vidunderleg bok - som fleire av oss samanliknar med "Ut og stjæle hester". Slett ikkje så rart. Men vanskeleg å seie kva for ei som er best ...
Language learning is for everybody. Only a very small minority of people has physical, mental or other characteristics that make language learning impossible.
Nyttig undersøking av kva som ligg bak elevanes val av fremmendspråk på ungdomstrinnet. Men same kva språk dei vel: Endå dei kunne få med seg at hardt arbeid er nødvendig for å lære ...
Jeg har læst paa Tryk - og Sattsen er sand - / 'ingen blir Profet i si eget Land.'-
Nej, en ved aldrig, hvad der kan hændes. - / Rap dig, Grne, min Ganger god! / Guldtøffel till at støtte min Fod! - / Paa Ridestellet skal Storfolk kjendes!
Jeg maa frem! Kapitaler i Øst eller Vest! / Mit Rige, - mit halve Rige for en hest!
Litt utfyllande, faktisk, om fonetikk og fonemikk. Også så artig framside, då! Og med spørsmål og svar baki.
Kompakt og oversiktleg. Med grunnomgrepa i fonetikken.
Her er Levi Henriksen på noko av sitt beste, i alle høve innimellom - presist oppsummert i kommentaren din.
Nei, dette var tynne saker. Vart liksom aldri noko poeng her bortsett frå nokre småartige formuleringar innimellom. For på enkelte område er Levi uslåeleg, men her hadde eg venta meg ei betre historie.
Ti Noel era un hombre libre. Andaba ahora sobre una tierra en que la esclavitud había sido abolida para siempre.
Sterk roman om slaveoppøret i Haiti. For problema i landet starta lenge før jordskjelvet. Mykje kan førast tilbake til fransk kolonialisme.
Ja, nettopp. Følg gjerne opp med Teresa.
Den som ikke kan sin bibel, han er ikke med i Europa.
Takk! Denne nettstaden fungerer godt på mange måtar. Også til å kjenne att avisskribentar.