Så enig! Eg las Tjenerinnens beretning i haust, og den er blitt ei av mine favorittbøker! Har også lese Oryx og Crake av samme forfatter, kan anbefale den også hvis du liker framtidsbeskrivelser/dystopi.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Minstemann på 4 og eit halvt sine favorittbøker det siste året.


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sidan eg er ein av dei heldige som har lang sommarferie (eller berre mykje oppspart avspasering...) så er sommaren lesetid for meg. Dette er nokre av bøkene eg har lyst å lese i sommar, enten fordi eg ser på dei som fin sommerlektyre eller fordi sommaren kan vere ein passande anledning tilå få lest bøker eg ikkje får lest ellers.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bøker som på ein eller annan måte handlar om å reise.


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Likte denne boka veldig godt! Lettlest, nydeleg språk og gode dialogar. Høg gjenkjennelsesfaktor for unge, middelaldrande kvinner som har vokse opp på bygda... Romantisk og litt feelgood, men unngår å bli klisjeaktig. Tar utgangspunkt i det daglegdagse og konkrete, men er ikkje overfladisk eller for lett. Handlar kanskje om å bestemme seg for å bli midtpunkt i eige liv igjen, på den eine eller andre måten.
Har blogga om boka her.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Han har stoppa nedanfor trappa. Står der og kikkar opp på henne med eit smil som får henne til å smila tilbake. Hjarta sprellar til som ein liten fisk. Ho er glad for at nokon kom. Det er det ho alltid vil når ho går bort frå der dei andre er. Ho vil at nokon skal oppdaga at ho ikkje er der lenger, sakna henne, leita etter henne, finna henne. Som då ho var lita og pakka den vesle, raude kofferten med kvite blomar på for å rømma. Heile formiddagen kunne ho sitta under syrinbusken i hagen og lengta etter at mora skulle finna henne. Til slutt måtte ho alltid gi opp. Det var betre å rømma når ho var på besøk hos besta. Besta fann henne kvar gong.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Men om du vil ha eit siste tips frå ein døyande skrott, må det bli at du skal vere forsiktig med kva råd du tar imot og lyttar til. Du skal hugse på at folk ofte gir dei råda som dei sjølv lengtar etter å få, eller råda som kan stadfesta vala dei sjølv har gjort. Gudane veit at eg har gjort det.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det har ikkje alltid vore sånn. Det var ei tid då ho var jenta i shamporeklamen og den sjølvsikre unge kvinna med Libresse-bind i veska som kunne ta verda på strak arm. Midtpunktet var der ho var. Ho fekk ikkje med seg når verda bestemte seg for å byta midtpunkt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Herlig bok om Agnes som har kjærlighetssorg! Heidi Linde balanserer fint det tragiske og det tragikomiske, og boka er både morsom, underholdande og lettlest - kan abolutt anbefalast!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje fordi vi er like, tvert imot... Ho er redd skuggen sin, mens eg set meg på min. Ho skriv av sonetter, eg lastar ned samplingar. Ho beundrar kunstmalarar, eg har meir sans for fotografar. Ho seier aldri det ho har på hjertet, eg seier alt rett ut. Ho skyr konfliktar, eg liker at ting er på bordet. Ho likar å vere "litt susete", eg drikk når eg drikk. Ho liker ikkje å gå ut, eg liker ikkje å gå heim.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

For Carine er det å leve ei skikkeleg utmattande øving.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ei lita perle av ei bok frå Anna Gavalda! Språket er SÅ bra; lett og ledig og med mykje dialog. Dette er ei lita bok, med handling som utspeler seg over eit par dagar - om søskenkjærlighet, oppvekst og det å bli vaksen. Herlige personskildringar, og ei bok eg blei glad av å lese. Perfekt lesestoff ein solskinnsdag på terrassen:)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fin bok! Tok litt tid før eg blei revet heilt med av historien, men siste halvdelen av boka var det vanskelig å rive seg laus:) Fantastisk univers med drager, riddere, alver, dverger, trollmenn og trollkvinner, med kampen mellom det gode og det onde sentralt. Språket kan av og til bli litt enkelt, men det la eg ikkje merke til etterkvart som eg forsvant inn i fantasiuniverset... Ei ungdomsbok som passer godt for voksne lesarar også, spesielt om ein er glad i fantasy.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg blei nok litt skuffa over denne boka, sidan eg hadde lest veldig positiv omtale av den. Syns beskrivelsene av samfunnet og "Metaverdenen" til tider blei for detaljerte og tekniske, så eg klarte ikkje å leve meg heilt inn handlinga. Syns også den historiske parallellen forfattaren bruker i forhold til virus blir dratt for langt, og samtalene karakterane har rundt dette temaet virker konstruerte for å forklare lesaren samanhengen. Når det er sagt har boka absolutt sine sterke sider óg! Det er i perioder godt driv i historien og både spennande og morsomme "actionscener". Eg likte godt hovudpersonene Hiro og Y.T., og det er mange spesielle karakterer og miljø i boka som blir godt skildra. Lurer på om kanskje dette er ei bok som mange gutter/menn liker bedre...?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mange gode bøker her:) Balansekunst gjorde sterkt inntrykk på meg, men Shantaram kom eg meg faktisk aldri gjennom... Kan ellers anbefale En passende ung mann av Vikram Seth. Leste den før eg skulle til India for en god del år sidan, og det er nok mi favoritt India-bok!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for mange gode tips her! Skal i gang med Metro 2033 snart, og har store forventninger til den:) Kan ellers anbefale "En fantastisk mann" av Marge Piercy.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Karin Ærø bøyde seg en gang imellom fram bak dem som sang mens hun gikk rundt de syngende. Og så sa hun ganske lavt, så bare den hun var henvendt til kunne høre det:
- Utmerket.
Det kalles ros. Det sies å være en liten velgjerning.
Neste gang hun kom forbi, og var like bak deg, da merket du frykten hos den hun hadde rost. Ikke noen stor frykt, det var ikke snakk om fysisk straff. Men en liten frykt, som kanskje bare kunne bli helt tydelig for den som aldri var blitt rost noe videre selv. Frykten for ikke å være like god som forrige gang, for ikke å gjøre seg fortjent denne gangen også.
Du visste at når Karin Ærø kom, bak deg, kom det alltid også en dommer. (...)
Å dømme og vurdere. I den store planen var det svært viktig. Derfor kunne du ikke unngå å spørre deg selv om Karin Ærø visste hva hun gjorde. Visste hun det? At når du roser, så dømmer du også. Og da gjør du noe som har dyp virkning.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Lisa Chatur VestbyIngunn SRonnyHarald KTralteVannflaskeJulie StensethInger-LiseAnne-Stine Ruud HusevågMathildeAkima MontgomeryLinda NyrudTove Obrestad WøienflaEvaHeidiBeathe SolbergKirsten LundAmanda AEster SBerit B LieHarald AndersenEivind  VaksvikCecilie69Lars MæhlumTonePiippokattaStig TmarvikkisKarina HillestadTanteMamieFredrikEllen E. MartolTor-Arne Jensenanniken sandvikLilleviVibekeBente NogvaFrode Øglænd  Malminelme