Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

VI.11.VIII Tredje og siste møte med Smerdjakov
Vi kan velte oss i viktige kapittel! Vi legg merke til at forteljaren, i presens, er med; «I den bydelen hvor Smerdjakov bodde, finnes det nesten ikke gatelykter». På veg til Smerdjakov møter Ivan ein bonde som han kjem i klammeri med; dette blir ramma for kapittelet, til slutt møter vi denne bonden på ny. «'Han kommer sikkert til å fryse i hjel!' tenkte han og fortsatte videre til Smerdjakov.» – ganske kaldt. Smerdjakov er ikkje bra og opptrer hovmodig. Han har boka Vår hellige fader Isak Syrerens ord, ein ikkje uviktig nykel til å begynne å forstå Dostojevskij univers.

Smerdjakov seier at «denne tredje» er saman med dei – det er vel Gud, det. I strømpa har han dei tre tusen rublane som vi har høyrt så mykje om. Om mordet har han nå dette å seie til Isak: «Jeg drepte ham sammen med Dem», og minner gjesten om utsegna «Alt er tillatt»: Spørsmålet om alt er tillate dersom Gud ikkje finst, er jo hovudspørsmålet i romanen. Er det derfor Ivan er medskyldig?

Så kjem dei inn på mordet og at Smerdjakov hadde simulert anfallet fyrste gongen og fekk mistanken over på Dmitrij, men det er, seier Smerdjakov, Ivan «som er den virkelige morder i lovens rette mening». Smerdjakov fortel altså om mordet, om kva som skjedde om natta og om pengane. Ivans replikk «du har vel hatt fanden selv til medhjelper» kan vi oppfatte som bokstavleg meint! Også seinare i kapitlet kjem vi tilbake til utsegna om at «alt er tillatt».

Ivan møter som sagt bonden att og kjenner eit «isgufs i sjelen». Han vart sittande

med hodet støttet i begge hendene, og stirre mot sofaen som sto ved
veggen midt imot ham. Det var visst noe der som irriterte ham, en
eller annen gjenstand som uroet og pinte ham.

Neste kapittel skal, heldigvis, forklare meir om sjukdommen hans.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (3) Varsle Svar

Han fortalde dei òg ei likning: 'Ingen riv eit stykke av eit nytt klesplagg og bruker det til bot på eit gammalt. For då blir det nye klesplagget sundrive, og bota frå det nye passar ikkje på det gamle. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker. Og ingen som har drukke gammal vin, har lyst på ny. Han vil seia at den gamle er best.'

[Luk 5,36-39]

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (6) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er så mange gode tips her, så 10 på topp får du ikkje av meg, men Napoli-kvartetten til Elena Ferrante må du absolutt få med deg. Start med bok 1: Mi briljante venninne og ta dei føre deg etter tur, eller les fleire av boktipsa du har fått innimellom. Bøkene er nydelege i både språk og handling (nynorsk).

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Boka står på ønskelista og eg er veldig spent på korleis Renberg meistrar det å skrive på nynorsk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Der avslutta eg kvartetten om Elena og Lila, dei to venninnene frå Napoli og deira spesielle vennskap. Eg veit nesten ikkje kor eg skal begynne, men at dette er romankunst er det ingen tvil om. Her er det og på sin plass å gi honnør til oversetjaren Kristin Sørsdal som har gitt boka ei nydeleg nynorsk språkdrakt.Berre språket i bøkene er grunn god nok til å lese dei.

Dette er ein oppvekstroman som skildrar korleis det var å vekse opp og bu i Napoli, på godt og vondt. Mest det siste kanskje, i alle fall frå vår synsvinkel som innbyggjarar i eit samfunn som for dei fleste er både trygt og forutsigbart. Me følgjer jentene frå dei var små og inn i alderdommen, forelsking, giftarmål, skilsmisse og død. Vennskap og fiendskap, politiske hendingar og kvardagsliv. Og kanskje er det dette som er romanen si styrke, skildringane som gir lesaren så klare bilder frå heimane, gata, byen og landet, og ikkje minst skildringane av menneska gjennom hovudpersonen Elena sine auge.

Dei fleste som er interessert i litteratur har nok høyrd om både forfattar og romanane hennar. Er du i tvil om desse bøkene er noko for deg vil eg seie: lån den første uansett og sjå kva du synest. Sjølv meiner eg bok nummer tre er den svakaste, og nummer fire er kanskje seriens beste. Dette er ikkje "damebøker" og eg håpar inderleg at også menn vil lese desse bøkene. Det er dessverre slik at nokre menn berre les bøker av andre menn, det er det her ein god grunn til å endre på.

Godt sagt! (7) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og denne har eg heller ikkje sett etter å ikkje ha vore så aktiv for tida. Nå har du kanskje lese Bienes historie og ser at ja, det er ein type dystopi:-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ups, eg har ikkje vore aktiv her på lenge og heilt gløymt å sjekke svar til meg i "boksen". Eg tok eksamen i lese- og skriveopplæring: vidareutdanning som norsklærar. Kjempeflott studiet.

Håpar du har funne tilbake til leselysta :-) Det er lov å sutre litt innimellom ;-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (5) Varsle Svar

Man kan si mye om kandidatene og valgkampen, men for meg er det ingen tvil om at en av de er en større trussel om de får tilgang til kofferten. Og hvem som har mest kunnskap og er best kvalifisert til å være en av verdens mektigste ledere er det vel ingen tvil om, for de fleste.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Monica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumHarald KBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakka