Inneber dette at Gaarder har skrive av frå ei kjelde på engelsk?
Her gjeld nok teieplikta mi. Men eit interessant prosjekt kunne vere å gå inn i oppgåvesvara på landsbasis og sjå kva dei unge hadde skrive om lesing.
Ein del bøker les eg i embets medfør, som det heiter, og Steunhuggeren er ei slik bok. Karin Alvtegen og Jussi Adler Olsen har eg lese fordi eg hadde lyst (eller mest fordi eg ville ta alle lydbøkene på "A" på biblioteket - da har eg òg vore ute for den elendige Arnaldur Indríðason), og desse to synest eg skrive gode kriminalromanar. Det heilt store grunnlaget for å uttale meg om nordisk kriminallitteratur har eg ikkje, en eg liker André Bjerke (favorittane er Cristie, Conan Doyle og Simenon).
Steinhuggeren likte eg ikkje fordi det heilt frå starten av var opplagt kven som var skurken og korleis fortid og nåtid hang saman. Alle personane var flate og statiske, og ingenting av det som dei sa og gjorde, hadde samanheng med det som måtte vere av tematikk i boka. Det var berre fyllstoff. Dessutan har eg - igjen i embets medfør - bladd i Isprinsessen og har sett nok til å tenkje at det er usannsynleg at eit sambuarpar kan komme ut for så mange kriminalsaker som er knytte til den nærmaste familien og vennekretsen.
Til dagleg tenkjer eg lite på Läckberg og har ingenting imot at andre liker å lese henne. Men viss Steinhuggeren var av dei beste, er eg ikkje særleg tent på å smake på dei andre ...
Eg hugsar ikkje når siste gongen var, det må vere for mange år sidan, men fyrste gongen sit som spikra: "Den grimme Ælling" av H.C. Andersen, for kanskje 55 år sidan.
I have known him [i.e. Micawber] come home for supper with a flood of tears, and a declaration that nothing was now left but a jail; and go to bed making a calculation of the expense of putting bowâ€"windows to the house, "in case anything turned up," which was his favorite expression.
En mann som har reist mye, har kunnskap om mangt;
han har stor erfaring og kan tale med innsikt.
Ja, akkurat. Engstrand er nesten eit spegelbilete av Manders - han stiller dobbeltmoralen og hykleriet i relieff. Legg merke til det salvesesfulle språket hans! Og beinet! I ei svensk fjernsynsteaterframsyning lèt regissøren han prøve å kysse Regine, ei interessant understreking av incestmotivet i stykket. Ingen norske skodespel rommar så mykje som Gengangere ...
Det finst så mange stader ein kan utvikle lidenskap for. Sjølv om hovudaksane i livet mitt i så måte er Vardalsåsen, Jotunheimen, Roma og Granada, samlar eg ivrig på skotske øyar. Dei på vestkysten, altså, dei som Kirsti Jareg har skrive bok om: Øyene i vest. Hebridene, Orknøyene og Shetland. Eg hørte henne i radioen i 2007 rett etter at eg hadde komme heim etter ein ferietur på dei ytre Hebridane; ho vart intervjua om reisene sine der og bokprosjektet som ho var i gang med. Så kom forfattaren i hamn – i fjor haust. Å lese boka vart å reise dit på ny og lære om fortid og samtid der vest:
Boka er på godt over fire hundre sider. Dette slår ut på to måtar: Fyrst og fremst får lesaren ei grundig innføring i både stort og smått. For ein som har reist mykje i området, gjer det godt å kjenne seg att, oppleve lukter og lydar på ny og bli mint om vakre landskap, ville stormar, skummande ølglas og hyggelege menneske. For det er ikkje måte på kva Jareg finn ut og kan fortelje om. Ho gjer øyane levande ved å trekkje fram folk, stader og episodar i historia, både den norrøne og den nye. Ho er med det meste av tida og gir stoffet eit personleg preg utan å bli privat (ho er halvt skotsk, men styrer for det aller meste utanom slekt og familie). Samtidig er det ikkje til å komme forbi at detaljane fungerer best nettopp når lesaren kjenner seg att og opplever å få utvida eit kjent perspektiv. Når Jareg skriv om stader der eg dessverre ennå ikkje har vore, når ikkje opplevingane mine av stoffet like store høgder. Dette blir i alle fall min eigen reaksjon.
Bortsett frå i eitt tilfelle: Kirsti Jareg har til og med vore ute på St. Kilda, sju mil frå Lewis og North Uist, så langt ut mot det amerikanske fastlandet som det går an å komme frå Skottland, og skildrar natur og historie slik at sikkert fleire enn denne lesaren får enda større lyst til å dra dit.
Godt skriv ho òg. Ho er eigentleg psykolog, men har, skjønner eg, brei erfaring også frå andre fagfelt. Ho skapar nesten sin eigen sjanger – ingen reisegaid, inga reiseskildring, inga historiebok, inga essaysamling, men Øyene i vest blir ein frodig syntese av alt dette. Språket verkar gjennomarbeidd; det er berre ein overdriven bruk av setningsfragment som av og til blir litt slitsam. Stiltonen er variert, og det er tydeleg at forfattaren veit kva ho gjer når ho skal formulere seg. Boka ville dessutan ha tent på ein klarare struktur innanfor kvar hovuddel, for av og til flyt underkapitla saman utan klare overgangar når nytt stoff kjem inn.
På den eine sida: Litt i meste laget, kanskje, men på den andre: Ein treng ikkje å sluke alt på éin gong; ein kan nyte det som ein alt har eit forhold til, ein kan ha boka med seg på reiser og ein kan bruke henne som etterarbeid når reisa reint fysisk er over. Ein fascinerande del av Europa er det ho viser oss, så nær oss og samtidig så særeige.
Den som vil høre Kirsti Jareg fortelje om øyane, kan gå inn på ei nettside som forlaget har.
Jeg har gjort det enkelt. Tok og bokmerket Bokelskere og da er jeg inne med et tastetrykk..
Du skal ikkje forbanna den som er døv, og ikkje leggja ein snublestein i vegen for den som er blind.
(3. Mos 19,14)
Du skal ikkje undertrykkje nesten din eller røva noko frå han.
(3 Mos 19,13)
Ningún vecino es bueno, pero si fuese sordo y ciego será menos malo.
El dinero es el mayor mal del mundo; él solo dirve de entretener ladronas, pagar putas, vender leyes, comprar adulterios, satisfacer alcaguetas y hartar codiciosos: quien lo pierde, lo gana; y quien no lo tiene es el que lo tiene bien repartido.
La vida no se puede escapar de la muerte. El alma no se piede librar de la vida. El tormento y la gloria son mundo en donde sólo se mensuran eternidades.
El silencio es más cariñoso y más sabio que la conversación; [...]
Ni ting jeg har tenkt på, vil jeg prise,
[...]
et menneske som har glede av sine barn,
[...]
den son som har hatt lykke til å ekte en forstandig kvinne.
[...]
Stor er den som har funnet visdom!
Sløs ikke med tiden når du er blant de uforstandige,
men er du blant forstandige, så gi deg tid.
Lykkelig er den som har en god kone,
han lever dobbelt så lenge.
En dyktig kone er til glede for sin mann,
og han får leve sie år i fred.
Du finner Kang på Wikipedia. Der står det at den type seng er mye brukt i Mandsjuria og vestover til Tibet. Den blir også brukt til å tørke klær, til og med rugekasse for egg..
Eg ventar på Jeg nekter. Men Kongens fall las eg opp att og opp att for snart eit halvt hundreår sidan ...