HUSRÅD TIL UTVORTES BRUG
Hvis du en dag
er trist i sind,
så krus blot med et smil
din kind.
På to minutter
slår det ind.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Så har eg òg lese Det usynlige fjellet. På engelsk. Eg er einig med det dei fleste i denne tråden har skrive. Carolina de Robertis har skrive ein utruleg god debutroman.Vi får historiane til dei tre kvinnene Pajarita - urteekspert, dottera Eva - poet og Salome, dotter hennar att - revolusjonær. Dette er sjølvstendige, individuelle kvinner. Alle tidleg vaksne. Historiene deira spenner over mesteparten av det 20. århundret. Mennene i boka er ikkje særleg framtredande, få er sympatiske. Samstundes med kvinnene sine historier får vi også Uruguay si historie - frå demokrati til diktatur, til revolusjon og så til demokrati att. Det er sterk lesing som set spor. Særleg er historia om fengselsopphaldet til Salome gripande.
Historiene til dei tre kvinnene er ganske avgrensa. Eg kunne tenkt meg å fått vite litt meir om familien sitt liv innimellom. F eks korleis reaksjonane var då Salome forsvann.
Forfattaren er sjølv frå Uruguay. Evakuert med familien til Europa og seinare til California, der ho nå bur.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

BRYSTBEINET AV ET RÅDYR

Jeg ville så innerlig gjerne at
det skulle bli noe igjen etter meg.
Noen ord, helst,
Noen gyldige ord, en tanke, ett uttrykk. Noe
som mennesker i kommende år
skulle ta opp i seg
i glimt av gjenkjennelse.
Slik en bærplukker i skogen
brått kan komme over
ei værbleik beinknote i måsan.
Ta den opp
snu og vende på den
og tenke: Dette
er brystbeinet av et rådyr.

Hans Børli

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg fekk ikkje med meg gårsdagens episode av Erobreren. Bra om serien tek seg opp. Boka fortener det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har lese alle bøkene av Anne Karin Elstad, og desse første bøkene lika eg aller best. Nå er eg freista å ta dei fram att. - Eller sjå om eg kan låne dei på lydbok...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er godt i gong med denne boka nå. Fengar meir og meir...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mi helgelesing er The invisible Mountain av Carolina de Robertis. Elles har eg rota meg inn på Twitter, - og å følgja med der tek jo si tid...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg så gradestokken nyss.
Det er en av vårens slags:
Når den får et solskinnskyss,
stiger kvikksølvhjertet straks.
Og hvert hjerte blir så
som været, bevares, svingende
når våren løfter vingene
mot himlen i mars.

Herman Wildenwey

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er heimkomen med 14 bøker. (Eit par til er bestilt) Av vaksenbøker har eg førebels:
Fruen av Sorano av Marina Fiorato
Nede i Himmelen av Tove Nilsen
Mot nordavinden av Daniel Glattauer
Vennskap i storm av Edvard Hoem
Adjø Istanbul av Irfan Orga
Påskequiz (ikkje sal)
Resten er barnebøker.
Nå står det att å bestemme seg for kva bok eg skal lese først.
Dei andre "skal-lese-bøkene" blir nok skuva bakover på lista....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fin omtale av Cecilie Enger si bok Kammerpiken. Eg hadde nok litt for store forventningar til boka, så eg blei litt skuffa. Enger har gitt eit fint og respektfullt bilete av livet til kammerpikene til dronnin Maud,men det blei til tider litt kjedelig, tykkjer eg. Her er delvis fakta og delvis fiksjon. Ikkje alltid lett å vite kva er kva. Eg reknar med at alle samtalane som finn stad er fiksjon, - sjølv om vi her får små innblikk i ting som rører seg i tida. Elles er desse samtalane noko tame.
Det var interessant å få greie på det desse to damene gjorde for redde klær og eigneluter frå tyskarane då krigen braut ut.
Eg òg skulle lika å vite meir om livet til desse to engelske damene etter at dronning Maud døydde.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sjå dagen sprett
i auster-ætt!
Han livet upp vil yngja.
Sjå skuggar fly,
og solglytt ny
no gyller sky,
og tusund munnar syngja!

Elias Blix

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Diktet er frå Dikt i utval av Jan Magnus Bruheim.
Noregs Boklag 1981

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nå har eg lytta ferdig Little Women av Louisa May Alcott. Uavkorta versjon. (Frå I-Tunes).
Del 1: Little Women. Del 2: Good Wives.
Vi møter familien March i ein av nordstatane i USA midt på attenhundre-talet. Faren var med i borgarkrigen, og mora med dei fire døtrene deira levde eit godt, men nokså fattig liv saman med ei hushjelp. Vi får innblikk i både gleder og problem i familien. Moral og kjønnsroller frå viktoriatida er ganske framtredande, men boka er sjarmerande og koseleg. Ein blir glad i karakterane.
Romanen byggjer delvis på forfattaren sin eigen barndom og ungdom. Ho er modell for Jo, nesteldste dottera i familien. Ei impulsiv, litt vilter, men omsorgsfull jente med litterære evner.
Vi får eit godt bilete av Alcott si samtid. Boka er lang og detaljrik som var typisk for den tida, men ho kan veldig godt lesast i vår tid òg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så flott at du fann denne songen. Me song eit vers då eg gjekk i småskolen, men eg ser at læraren vår nok har blanda litt. Nå skal eg ta utskrift av rett utgave. Takk!!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

KVA KJENNER FRØRT
Kva kjenner frøet
i klaka jord,
i frost og kulde
og kalde vindar
frå nord.

Kva drøymer frøet
som ligg og ventar
i vintersvevnen.

Kva kjenner frøet
når jordi mjuknar,
når safter strøymer
og sevja går.

Kva livnar opp
i den frosne hug,
i bekkjesusen
og fuglekvitret
og sus frå skog.

Jan Magnus Bruheim

Godt sagt! (3) Varsle Svar

For tida hjelper eg Hilda Copper med å halde styr på kjolane til dronning Maud. ..Kjedar meg litt i grunnen..
Kammerpiken av Cecilie Enger

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg bøyer meg i støvet!!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har ikkje lese Herland si bok, berre omtalar. Du har skrive den beste. Eg er veldig einig i argumentasjonen din vedrørande innhald i boka. Flott skrive!!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som eg skulle ha sagt det sjølv. Bortsett frå at eg ikkje har hundar, - men har katten på fanget...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein grundig og veldig god anmeldelse av Amin Maalouf si bok Verden i ubalanse! Mange fine sitater. I grunnen kunne ein sitere heile boka. Viktig, interessant og tankevekkjande stoff, framstilt på ein fengslande måte. Utfordringane til verdssamfunnet er enorme, og Maalouf er både pessimistisk og håpefull. Det spørst berre kva steg som blir tatt mot ei god løysing. Han meiner at ein i alle fall må satse på kultur og litteratur, - som du også har sitert ovafor.
Eg skulle likt å vite korleis Maalouf ser på "Den arabiske våren" og finanskrisen i Europa. Vi får kanskje ei ny bok etterkvart.

Eg har stor sans for Amin Maalouf som skjønnlitterær forfattar. Las fleire av bøkene hans i "midtausten-perioden" min.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundTove Obrestad WøienElisabeth SveeSynnøve H HoelGodemineHeidi HoltanKari FredriksenKjell F TislevollAskBurlefotAvaTrine Lise NormannlittymseKjersti SIngebjørgTanteMamiemarvikkisIngunn SSissel ElisabethEivind  VaksvikEllen E. MartolJoannAneEgil StangelandAmanda ACatrine Olsen ArnesenGro-Anita RoenBente NogvaLinda NyrudAnn ChristinMarianne MRonnyToneGunillaJulie StensethBjørg L.Fride LindsethBjørg Marit TinholtÅsmund ÅdnøyIngeborg GTine Sundal