Eg er einig med deg angåande Hislop si bok "Øya". Eg fullførte boka, men sat igjen med ei kjensle av å ha lese ei ok historie, fortalt på ein lite god måte. I tillegg syns eg språket verka kunstig og banalt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dårleg språk kan gjere at eg i verste all legg frå meg boka. Eg har og opplevd at det til dømes er brukt feil namn på karakterane i ei bok. Dette er irriterande, og til tider forstyrrande, for leseflyten. Feil namnebruk kjem vel truleg av litt slett arbeid frå oversetjar, men irriterande er det like fullt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helga, og resten av ferien blir det Anna Karenina for min del. Satsar på at eg kjem gjennom den før eg startar på jobb igjen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For augneblinken har eg lesehelg heile veka. Nyt strandlivet i Makarska, og les når eg har sjansen. Foreløpig har det blitt mykje krim av Elizabeth George. Sjangeren passar bra til late soldagar. Dersom eg blir inspirert nok tek eg fram Anna Karenina og i løpet av veka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For første gang på lenge har det vore ei skikkeleg lesehelg. Fredag las eg ut 'Sjalet fra Kashmir' av Rosie Thomas, laurdag las eg 'Den hvite fjæren' av John Boyne og i dag har eg lese 'Ære' av Elif Shafak.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Med god tid og ei fengande bok tek det meg gjerne 1-3 dagar å komme gjennom ei normalt lang bok (ca 300 sider). I periodar der eg har mindre tid, eller ikkje er så oppslukt av boka kan det ta ei veke eller to å fullføre. Ikkje noko fasit med andre ord :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så bra! Eg likar boka veldig godt. Mange spennande historier om ulike menneske, på ulike stader, og med ulike krigsopplevingar. Alt frå Stillehavskrig, til konsentrasjonsleir,kvardagsliv i Usa og sabotasjevirksomhet i Frankrike. Sjølv om boka har mange hovedpersonar er det lett å halde tråden i dei ulike historiene.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fare, fare krigsmann/ Gone to soldiers av Marge Piercy.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eg er veldig glad i dei bøkene. Har alle, både på norsk og engelsk. Blei veldig glad då eg las den engelske versjonen og oppdaga både nye bøker og fleire kapittel. Las bøkene første gang som 10-12-åring, og blir framleis like rørt!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg likar generelt å lese bøker opp igjen, og har alltid likt det. Bøker eg les jamnleg er mellom anna Harry Potter, Stolthet og fordom, Jane Eyre, Fornuft og følelse, Anne fra Bjørkely, En liten sang om kjærlighet. Alle desse har eg lese fleire gangar enn eg kan hugse, og kjem nok til å ta dei fram igjen. Nokre av desse les eg kanskje så ofte som ein gang i året, andre går det lenger tid i mellom kvar lesing. Eg storkosar meg når eg tek fram ei bok som eg veit vil gi meg ei god leseoppleving!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har nettopp avslutta denne. Eg likte handlinga godt, men syns at boka til tider var prega av dårleg språk. I tillegg har oversettar fleire plassar skrive feil navn, noko som irriterer meg litt. Men totalt sett ei god og underhaldande bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det blir ikkje mykje lesetid i helga, men kjem nok nokre sider vidare i Katedralen av Ken Follett.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her er det snø og ufyseleg vær, så det burde by seg nok av anledningar til å lese. Eg held på med Sverdet og korset av Ken Follett.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

God bokdag til deg og! Som lærar får eg vere med på litt bokdag-feiring kvart år. I dag har eg vore med på bok-quiz på biblioteket, elevane har hatt teiknekonkurranse og vi har hatt mykje høgtlesing. Sjølv var eg høgtlesar i ein klasse eg ellers ikkje har. Som Roald Dahl-fan nytta eg høvet til å lese Georgs magiske medisin til ivrige 5-klassinger, med det resultat at dei helst ville høyre resten av historia med ein gang. Både store og små på skulen har kosa seg med bokaktivitetar i dag.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Denne boka er ein skikkeleg hit, både hos eigne barn og elevane mine!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hm, kanskje ein liten tur innom ein filmbutikk må til?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fins det fleire filmatiseringar av Persuasions og? Eg har berre sett ein, 2007-versjonen. Men eg er alltid klar for ein ny Austen-film.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg fekk 15/ 20. Litt problem med enkelte av karakterane, Frank Churchill og Willoughby visste eg tydelegvis ikkje korleis såg ut.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har lese Åsa Larsson si "Et offer til Molok" denne helga. Heilt grei underhaldningskrim!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kan berre signere denne. Då eg las hovedinnlegget var dette dei bøkene som først falt meg inn. Veit ikkje heilt kvifor, men desse bøkene freistar ikkje i det heile.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilFriskusenAliceInsaneMetteellinoronillePernille GrimelandGro Anita MyrvangEster STonjePirellisveinKikkan HaugenIngeborgMarit MogstadHanne Kvernmo RyeKaramasov11HeidiMarenConnieFarfalleHilde H HelsethCarine OlsrødRufsetufsaJohn LarsenGrete AastorpHelena ELinnKirsten LundNorahMarieVegardsomniferumMarit HåverstadAnne Berit GrønbechAnn ChristinAlice NordliToveTorKjell PEli Hagelund