Listen up - there's no war that will end all wars.
It made her think that it was curious how much nicer a person looked when he smiled. She had not thought of it before.
Så fin og interessant bokmelding! Eg har hatt sansen for Amin Maalouf ein del år og har lese nokre av bøkene hans. Nå blei eg inspirert til å lese Verden i ubalanse, og har så vidt begynt. Kjem til å lese boka parallelt med andre bøker, så det blir ikkje intensiv lesing, men temaet tykkjer eg er veldig viktig og interessant.
Nyttårslesinga mi blir Skrapkaka - det er meg av Kari Vinje, ho som skreiv dei filmatiserte barnebøkene om Camilla og tyven. Denne boka er ei skildring av barndommen hennar i Nordnorge. (Ho er fødd i 1931)
Skrivemåten ser ut til å vere lett og lun, med islett av humor, sjølv når ho skriv om alvorlege tema.
Eg ynskjer dykk alle eit godt nytt leseår!
Twelve Days of Christmas av Trisha Ashley har vore koseleg, avslappande julelesnad. Ikkje stor litteratur, det hallar vel mot chic litt, men er ikkje så verst. Boka handlar om Holly, som er professjonell kokk og i tillegg passar hus der eigaren er bortreist. Ho feirar ikkje jul, for det vekkjer vonde minne. Denne jula skal passe eit stort hus, langt ute på landsbygda i Lancashire.
Ho ser fram til å vere åleine, men den eine etter den andre av slektningane til eigaren dukkar opp, og ho endar opp med å stelle til julefeiring for ein heil flokk, sidan det blir eit forrykande snøver, og vegane er stengde. På toppen av alt kjem eigaren av huset uventa heim. Dette medfører ein del problem.....
Eg tykte det var ganske interessant å få innblikk i tradisjonelle engelske, landsens juletradisjonar, sjølv om enkelte kanskje vil meine det blir litt mykje matlaging. Forfattaren har skrive nokre tradisjonelle oppskrifter sist i boka.
Vi får også innblikk i historia til bestemora til Holly gjennom dagbøker som gir ei stor overrasking.
Ikkje stor dramatikk i boka, - men litt. Ein god del humor.
Det låg nokre bøker til meg òg under juletreet.
2 stk Det dyrebare av Linn Ullmann
Skrapkaka - det er meg av Kari Vinje
Cee Cee Honeycutts reddende engler av Beth Hoffman
Jeg skal gjøre deg så lykkelig av Anne B. Ragde.
Sjølv ga eg bort 17 bøker, vaksen- og barnebøker.
Mot jul av Margrethe Munthe fann eg i ei barnedikt-bok. Kan syngjast på tonen til Aftnen er stille av Bjørnstjerne Bjørnson/Agathe Backer Grøndahl. Ho har sannsynlegvis dikta til denne melodien...
Det skal bli herleg å slappe av med lesing innimellom koselege familie- og vennebesøk. Eg har så vidt starta på boka Twelve Days of Christmas av Trisha Ashley, - teiknar til å vere lettlesen og koseleg. Elles har eg planar om å lese siste boka til Linn Ullmann. Men om det ligg noko endå meir interessant på bokfronten under juletreet, kan nok planane forandrast.
Dette diktet hra eg kalligrafert på julemotiv-ark. Det heng på kjøleskapsdøra i adventstida. Nydeleg, stemningsfullt dikt!
På framsida av Den hemmelige nattverden av Javier Sierra står det at denne romanen vil ta pusten frå alle som var fascinert av Da Vinci-koden. Dei som bit på det, vil bli skuffa. Denne boka er inspirert av Rosens navn av Umberto Eco, seier forfattaren. Boka er meir eit intelektuelt plot enn einn triller. Den einaste likskapen mellom bøkene er vel at begge framstiller Leonardo da Vinci som uortodoks i kristen samanhang, og ein kunstnar som bruka skjulte bodskap i kunstverka sine. (Noko som ikkje var uvanleg for kunstnarar på den tida).
Dei aller fleste av personane i romanen er historiske, men hovudpersonen, inkvisitoren Leyre som "limer" historia saman, er oppdikta. Forfattaren har gjort grundig førearbeid, og har stor historisk kunnskap. Ein lærer ein del om kyrkja på 1400-talet, om katarane, som omtrent var utrydda, om klosterlivet og om Leonardo Da vinci sjølv.
Forfattaren er journalist og skriv faktabøker også. Eg tykkjer ikkje han markerer seg som ein stor skjønnlitterær forfattar, men temaet er interessant nok. For meg var boka lesverdig.
Nå blei eg mind på denne boka som eg las for mange år sidan. Else - en julefortelling greip meg sterkt, hugsar eg. Alexander Kielland var ein ypparleg skildrar av personar, miljø og natur. Eg har lese fleire bøker av han. Nyleg las omatt (på lydbok) Garman og Worse. Herleg å friske oppatt denne framifrå gode romanen. Eg har tenkt å lese omatt fleire av bøkene hans.
Eg kjenner òg til nokre slike prestar. Gode til å kombinere humor og alvor.
Eg reiser land og strand rundt saman med fylgjet til Olav Digre/Olav Haraldsson, seinare Olav den Heilage. Ein hardbarka, men klok kar i ei ganske så brutal tid.
Lydbok: Snorre 2.
Ivar aasen har òg skrive dette:
Vatn er sterkaste drykkjen, det dreg både sag og kvern.
Snøbarnet er ei nydeleg bok! Ei fengslande forteljing med fasinerande skildringar av villmarka i Alaska. Det har vore interessant å lese forfattaren,Eowyn Iwy, sin blogg Letters from Alaska. Her fortel ho om inspirasjonen til romanen, om mottakinga av boka - og om livet ho og familien lever på landsbygda i Alaska. Ho er nå godt i gong med den neste romanen. Gledar meg til den!
NOVEMBERNATT
Driver regn mot hus
en novembermørk natt,
driver regn mot en dryppende rute.
Rommet bak ruten er stille og mørkt.
Belgmørkt og kaldt er det ute.
Driver regn mot en port
ved en singelstrødd vei,
driver regn mot det sovende huset.
Vinden gjør vold mot en skjelvende osp,
bladene faller mot gruset.
Driver regn. Uler vind
i de halvnakne trær.
Men la falle, la riste, la rase.
Bittesmå knopper hvor blad faller av
er vårens begynnende fase.
Dagny Tande Lid
Dete er også mi første bok av Ari Behn. Er einig med di vurdering av boka. Eg las boka fortløpande, noko som ikkje var så lurt. Kvar novelle krev nok noko filosofering i etterkant. Her får ein fragment av historier og må tenkje seg "kjøtet på beina" sjølv. Ikkje alltid like lett.... I grunnen likar eg best å få servert historier ferdig-tenkte og -skrivne.
D`er haust, det ruskar ute
med regn og kalde vind.
Småfuglen flyg mot rute
og vilde gjerne inn.
Men under omnen god
der ligg på sekkje-pute
han gamle Mons i ro.
Der ligg han trygg og drøymer
og blinkar stilt og smått
og alt i verda gløymer
og hev det varmt og godt.
Og segjer ingen ting,
men liksom inn seg gøymer
med rova sveipt i kring.
Frå diktet Veslemøy ved rokken av Arne Garborg.
Har nå lese Fortellinger og legender, som eg las for første gong for mange år sidan. Desse forteljingane ber sterkt preg av Leo Tolstoj sitt reliøse syn, som har elementer både frå kristendommen og buddhismen. Hans ikkje-vald-engasjement er tydeleg.
Alanya-bøkene av Iselin Alvestad ville truleg vere midt i blinken.