Også eg har fått boka i hus. Spennande!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Uimotståelig. For en historieforteller han er, Wilbur Smith.
Jeg har ventet lenge på denne boka, og det var slett ikke forgjeves.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Må berre sei at Dickens er ein mine favorittar. Har lese mange av dei fleire gonger. Må berre fortelje at då gemalen og eg var nyetablerte, var økonomien noko skral. Bøker måtte lånast på biblioteket. Men, så fekk eg tilbod om ein flott bokserie av Dickens, i brunt skinn( skai) og med gulldekor! Då vart dei prioriterte framfor kjøttkaker, haha! Bøkene er eg stolt over å ha i bokhylla, og dei vert stadig framtekne. Ei av dei aller beste er Store forventninger.

Elles så har eg snart avslutta Sommerfuglene i Armero av Jon Magnus. Han fortel om opplevingar han har hatt på reisene sine som journalist. Variert innhald, og slett ikkje verst. Kva eg skal leite fram etterpå har eg ikkje bestemt enno.
God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Heia, Gretemor! Kor flott at du vil organisere lesesirkelen her inne! :-)
Eg vil gjerne vere med, og håper at at alt skal klaffe! Der er fleire bøker eg kunne hatt lyst til å foreslå, ma " Havboka" av Morten A. Strøksnes! Eg har lese litt i den...Boka vann to prisar i 2015.
Trur likevel eg går for Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen.
Boka fekk Brageprisen i 2014, og vert karakterisert som ei vakker bok om eit stillferdig liv, der det språklege vert framheva som usedvanlig rikt.
Skal bli spennande å sjå alle gode framlegg!
Ha ein fin søndag!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Siden denne allerede står i bokhylla mi så er det stor mulighet for at jeg slenger meg med denne gangen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dagbok 1942-44 av Hélène Berr traff meg veldig, i mye større grad enn Anne Frank. Det er en dagbok, men den er skrevet med tanke på at noen skal lese den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kurbad med konsekvensar
Poeten Andreas Öman - som har gifta seg til ein viss status - vert tvinga til eit sommaropphald på kurbadet Augustenbad av kona si. Ho har fått nok av alkoholproblema hans. Han får liksom ikkje til å vere så stor poet, heller.
Augustenbad vert styrt av Dr. Liljedahl, og behandlinga der er spesiell. Kosthaldet er svært enkelt, og kvar dag startar med eit kaldt, vått omslag over hele kroppen, der vatnet har ein temp på 6! grader!

Andreas Öman finn det vanskeleg å innrette seg etter alle forbod og påbod, så han bryt både det eine og det andre...Han innleier ma eit nært forhold til to kvinner, forhold som skal gi store konsekvensar for fleire enn han.

Eg veit ikkje om eg har fått med meg all bodskap i boka, sidan den for det meste har vore lesen i seine kveldstimar, så eg trur eg avstår frå å trille terningen, iallfall no.
Kan kanskje sei at både miljø og karakterar er spesielle, og kurbadet Augustenbad skal verkeleg ha eksistert.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Book Depository selger den som CD-Audio

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette var triveleg sommarlesing.
Eg likte å lese om Katie og familien hennar i ein kvardag der fattigdommen gav dei stadige utfordringar. Forfattaren skildrar små og store gleder og sorger på ein måte som gjer det truverdig.
Det var også rørande å lese om dei gledene dei fekk gjennom ein svært avgrensa tilgang til litteratur. Som du seier, boka gir eit godt historisk bilete av ei vanskeleg tid, og den er underhaldande!
Det er ei bok ei gjerne kjem til å anbefale vidare!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

På vei inn i helgen leser jeg ferdig American Tragedy The Uncensored Story of the O.J. Simpson Defense av Lawrence Schiller og James Willwerth. For første gang har jeg nå forståelse for hvorfor han ble frikjent, juryen hadde faktisk ikke mye valg uansett om de trodde han var skyldig eller ikke.

Tidligere i uka fikk og leste jeg den forhåndsbestilte Broken English av Marita A. Hansen. Etter å ha lest den på ett døgn fant jeg ut at det var på tide med ett gjensyn med hennes andre bøker, nå leser jeg Graffiti Heaven før jeg fortsetter på hennes The broken lives-serie. Dette er rå og brutale skildringer av New Zealands skyggesider.

God helg!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sit og kosar meg med "Det vokser et tre i Brooklyn", ei bok som er triveleg selskap ein fin sommardag. Men, no lurer eg på om rettskrivingsreglane er endra?
I boka les eg:
Johnny hang jakken fra seg over stolryggen s 64- og
Hun hang det opp over kaminhyllen s 340
Skal det ikkje vere hengte her, sidan verbet er transitivt? Eg lurte, berre, altså :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så vakkert om ei mor

Klaus Hagerup skreiv om si kjende mor nokre år etter at ho døydde i 1985.
Han fortel om hennar barndom, ungdom og ikkje minst om hennar stormfulle forhold til mannen, Anders.
Inger Hagerup var vestlending, kom til Oslo som 20-åring. Ho likte å skrive, og starta med å skrive dikt - dikt som mange har eit nært og kjært forhold til. Barnediktsamlinga "Så rart" er kjend for mange av oss.
Klaus Hagerup skildrar si mor som motstandskvinne som måtte over grensa til Sverige under krigen, han skildrar hennar utradisjonelle liv der det rett ofte gjekk livleg føre seg - og meir enn livleg. Ho var ei dame som hadde vanskar med å kontrollere alkoholbruken sin, men ho var også ei dame med stor livskraft og sterke kjensler.

Eg var ukjend med mykje omkring Inger Hagerup, men sit og trur eg veit litt meir no. Og ein ting er eg sikker på; Denne var ein stor fordel å ha som lydbok, der forfattaren sjølv les, der Inger Hagerup les ein god del av sine eigne dikt. Innimellom vert innhaldet krydra med mykje vakker musikk.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Innhaldsrik dystopi

Salamanderkrigen er ei bok som vil sitte i minnet lenge!
Romanen er spesiell - både i form og innhald, med alle sine originale sjangervariasjonar og illustrasjonar.
Romanen er tredelt:
I del ein møter vi den litt forunderlege kapteinen Van Toch som oppdagar ein heilt spesiell art av salamander. Det viser seg nemleg at dei på mange måtar kan sidestillast med menneske, dei kan både tenke og kommunisere. Van Toch ser muligheitene, han lærer dei opp til å finne rikdom for seg.
I del to blir det meir konfliktar mellom dyr og menneske. Salamandrane vert utsette for grusomme esperiment av naturvitskapsmenn, og sidan dei er så dyktige å finne perler- og med det rikdom- så vert dei selde som slavar. Men - med skulegang og lærdom innanbords, så blir salamandrane ganske så kravstore etterkvart. Og dei formeirar seg utanfor all kontroll. No er det dei som vil kontrollere verda!

I del tre kjem så krigen. Sidan landområda på jorda vert berre mindre og mindre fordi salamandrane treng meir kyst enn land, så er kamp einaste løysinga - katastrofen er eit faktum!

Det har vore interessant å delta i lesinga av ei bok som eg før visste lite om. Capek såg alt i 1936 faren i framveksande nazisme. Boka er ein allegori over alt det forferdeleg som skulle ramme Europa.
Så derfor: Takk til Ajiniakra som starta denne felleslesinga juli 2016! Det har vore givande!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Det blir fort for varmt for meg, men idag har det vært ett deilig skydekke som gjorde at jeg lå ute i 2 timer. Da går det i pod-cast og det er fortsatt Adnan Syed fra Serial det handler om, men denne gangen med Truth & Justice with Bob Ruff. Dette er nå tredje pod-Carsten jeg hører om saken, men det er så mange nyanser som gjør det interessant.

Tidligere idag leste jeg ferdig Jenta som sluttet å snakke av Trude Teige og siden jeg skal på "ferie" snart så vil jeg ikke begynne på noe omfattende. I bokhylla fant jeg derfor den lille boka "På vegne av venner" av Kristopher Schau, en kort bok om offentlige begravelser.

God helg og god sommer til alle bokelskere :-)

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Om du skriv gruvedrift i søkefeltet oppe til høgre, så får du mange gode forslag til bøker frå gruvemiljø, også bøker av Falkberget og Brekke.
Ser at der er mange ulike sjangerar å velje mellom. Håper du finn noko av interesse!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein ting kan eg iallfall sei; Det er ei spesiell bok som gjer inntrykk! Det er spesielt å lese om salamandrane som får menneskelege eigenskapar, som først let seg utnytte - før dei sjølve er så mange og så sterke at dei tek overtaket. Capek har levert ein allegori over ei gruppe menneske som får maktovertak i verda, og som utnyttar makta til sin eigen fordel. Dei tek lite omsyn til menneska som må lide - deira behov går framfor alt!

Det er også spesielt at han skreiv boka i 1936, før krigen braut ut i Europa, men kanskje han såg det kome?
Eg har bestemt meg for å lese boka ein gong til...seinare...når lesesituasjonen min blir betre.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Har dessverre ikkje fått fart i lesinga, det har gått litt seint- såpass at eg ikkje har fått med meg alle detaljar, eller rettare sagt: Dei viktige delane i boka.
No er eg imidlertid midt inne i andre bok, og det slår meg at Capek har både fantasi og innsikt i det han skriv om. Det ligg heile tida noko under, føler eg. Eg får assosiasjonar både til nazistar og kommunistar og andre totalitære regime. Både snålt og skummelt er det.

Trur at eg også må lese meg meir opp på boka, når eg får tid....

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Hammaren

Ein gong trefte eg
sjølvaste spikeren
på hovudet.
Meg hjelpte det
ikkje det minste.
Alle gongene eg har
halde meg langt
unna spikrane
har det gått mykje betre.

Forfatter: Einar Økland
Utgitt: Frå samlinga «Svarte norske», Samlaget 1997

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Lyn og torden

Eg håper det snart
begynner å lyne og tordne
slik at du blir redd
og gøymer deg under trappa.
Då skal eg kome og halde rundt deg
og når alt er over,
og du vil ut att,
så seier eg:
Eg såg eit lyn til.

Forfatter: Ragnar Hovland
Utgitt: Frå samlinga «Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville, Det norske Samlaget 1996

Godt sagt! (8) Varsle Svar

I heile verda

I heile verda finst det hundre tusen
millionar menneske
men ingen andre enn du og eg
ligg ute i enga
med bruspulver i navlegropa
og ventar på regnet

Forfatter: Hans Sande
Utgitt: Henta frå samlinga «Kyss ein bananfrosk», Damm 1995

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SsiljehusmorTove Obrestad WøienAgnesKirsten LundJoakimVibekeLene AndresenDaffy EnglundKorianderBjørg L.Aud Merete RambølAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeStein KippersundHarald KEli HagelundNinaMorten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaSigrid Blytt TøsdalIngeborg GBeathe SolbergSigmundRagnar TømmerstøGro-Anita RoenRisRosOgKlagingIngebjørgKjell F TislevollHeidi LJulie StensethGunillaSissel ElisabethFrisk NordvestMarianne MRogerGHeidiRune