...og eg veit iallfall to som kjem til å finne den under juletreet...:-)
Tusen hjertelig takk for at du visste det.
No var det jammen godt å "sjå" deg, Jostein! Har sakna innspela dine! Leselyst kan variere hos nokon og einkvar - det er så mangt som avgjer det - ikkje berr bøkene :-)
Eg las "Ditte menneskebarn" for "hundre år" sidan - og meiner å huske det som ei god bok. Tåler godt eit gjensyn! :-)
Det var leit, Bjørg! Håper å sjå deg likevel- du har ofte gode litterære meiningar!
Eg blir gjerne med vidare! :-)
Eg fann forsynemeg ei god, gammal bokklubbutgåve av "Kungsgatan" i ei litt gøymd hylle i heimen. Stod saman med fleire andre (gode) bøker eg har fått i gåve etter ein kjær familiemedlem. Trur eg skal ta meg tid til å sortere ...ein dag
November regn, november rusk,
Blodrødt bær i bladløs busk.
Noen som kjenner dette diktet og vet hvem som har skrevet det?
Jeg vet at det er 2 vers, men ikke mer.
Eg trur eg prøver meg med Allis sønn av Magnhild Haalke ein gong til.
Trur kanskje det er ei bok som vil gjere inntrykk på lesaren, og at Haalke fortener å få kome "frem fra glemselen".
Las ein stad at boka har vore framme hos ein del i 2019. Ein ny biografi om henne kom ut i vår, trur eg...
Denne likar eg godt, ja!
Har lest nesten halve boka og er fascinert av både språk og foreljarstil! At boka er særegen er det ikkje tvil i hos meg. Berre dei spesielle namna som blir brukt om nokre av personane: Duglaus, Store Fot, Svarte Frakk ...og slaktaren heiter Innvoll! :-)
Glad eg har halve boka igjen!
Hei..Eg var så heldig at eg fekk henta Før plogen din... av Olga Tokarczuk på biblioteket i dag. Skal starte på den no i ettermiddag. Håper det vert triveleg, har det iallfall triveleg her i godstolen med fyr i omnen og lys på bordet!
Elles så har eg somla meg til ei som har stått lenge på vent i bokhylla: Saganatt av Frode Grytten. Har vore eit artig møte til no - har ledd høgt meir enn ein gong!
Ha ei god helg!
Vakker, vakker bok!
En bra bok, men litt langtrukket på slutten.
Mi utgåve av "Løperne" er returnert til biblioteket - halvlesen. (Lånetida var ute) Eg likte godt språket i boka, men opplevde at boka ikkje var så enkel - forstod ikkje alltid kva som eigentleg var bodskapen, anna enn det å vere på veg.
Las ein kritikk av boka der det vart sagt at innhaldet er krevande. Stil og komposjon er iallfall svært spesiell.
Står i lånekø for "Før plogen over de dødes knokler". Håper eg får den snart!
God helg til alle :-)
"Tok meg på tak" som vi seier i vår del av verda- så eg har kome nokre fleire sider inn i den ustrukturerte verda hos "Løperne".
Har bestemt for å lese med litt andre briller- sidan det er ei av dei mest spesielle bøkene eg har lese i mi tid.
Det endrar seg heile tida både sjangermessig, og i tid og rom. No er eg plutselig saman med ein funksjonshemma kunstnar i Nederland på 1600- talet.
(Men, sidan det er farsdag må eg ta meg litt av husbonden...)
Stemmer- ser ut for meg som at innhaldet er om å vere undervegs, alltid undervegs mot noko anna.
Har ikkje lese lenger, må finne litt tid og ro seinare i dag....
Eg må tilstå: Eg har tjuvstarta...Bokmerket ligg på s 64.
Då eg begynte å lese for eit par veker sidan lurte eg på kva i alle dagar er dette? Så la eg den vekk, tenkte eg måtte vente til felleslesinga starta.
Har lese litt i dag, og opplever at innhaldet tiltaler meg på eit merkeleg vis. Teksten er fragmentarisk, men likevel er der ein raud tråd. Litt humor har eg også fått med meg, enten det var tilsikta eller ei.
I dag har eg lese: Overalt og ingensteds , Flyplasser, Å reise til røttene, Reisekosmetikk, La Mano di Giovanni Battista, Originalen og kopien og Reddharetoget.
Ser fram til å sjå korleis boka blir opplevd av andre lesarar. :-)
Er enig med deg. Likte starten såpass godt at eg bytta ei bibliotekbok med ei kjøpt utgåve. Angrar nesten no - deler av innhaldet kjeda meg til dels. Kjende at eg ikkje "trudde" på personane og hendingane. Dumt, sidan temaet blir meir og meir viktig!
Er jammen glad for å ha denne ståande på vent i bokhylla! Gler meg til å ta fatt på den etter omtalen din! :-)
Det handlar om livet på bygda, om dei nære ting og om nære relasjonar. Om dagane som kom og dagane som gjekk. Om fødsel og død. Om kjærleik og lengsel. Om familie, barn og foreldre.
Dette er er ei kjempefin novellesamling som anbefalast på det varmaste.
Historiane er allmenngyldige og lesaren kan lett kjenna att både personar, kjensler og hendingar. Det sorgmuntre er som alltid til stades og det er (som vanleg frå denne forfattaren) hyppige referansar til rockemusikken og til pinsebevegelsen.