eg har sjølv forsøkt på denne boka to gonger - lydbokversjonen - og til tross for ein talentfull forteller/oppleser blei eg óg lei og gav opp. Gav boka to forsøk fordi omtalene er så gode og lavande, men hm...eg mista liksom interessen

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Andre bok i slektsromanen om utvandring fra England til Australia på 1800-tallet. Boka er lettlest, en bok man kan slappe av med uten for mye hopping fram og tilbake i tid.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Firaren eg trillar her er svak, men likevel ein firar. Eg tek med det noko hensyn til sjanger og målar boka opp mot tilsvarande bøker innen same "stil". Ei slik feel-good bok som dette vil - i mi meining - aldri kunne måle seg mot klassikarar, djupare romaner med sterkere plott. Og eg leser begrensa av "slike" bøker som dette. Men i blant er det godt å berre la seg draume vekk, lese og kose seg.

Denne overraska meg, positivt. For eg hadde ikkje særleg til forventningar etter å ha sett terningkast tre og lunkne kommentarar. Eg las denne boka rett etter å ha dedikert halvanna veka på Dickens "Vår felles venn" - nevner dette fordi det nok har litt å seie for korleis eg opplevde boka; eg forventa ingenting som kunne komme i nærleiken av Dickens fortellerkunst, og eg tørsta etter noko heilt anna, noko lett og ukomplisert, noko underhaldande eg berre kunne lese utan å "tenke" for mykje. Ei slags "pause-bok" etter Dickens, rett og slett. Og eg fekk akkurat det eg var ute etter.

I denne boka følger vi eit lite utval av karakterar - Tess som drar heim til heimbyen etter ein konflikt med ektemannen, Rachel som framleis sørger over ei dåtter ho mista for tjueåtte år sidan og som no også står i fare for å "miste" sitt einaste barneborn fordi sonen skal flytte til New York, og Felicity som er ei travel "perfekt" hustru med tre born og ein ektemann med ein hemmelegheit. Og det er denne hemmeligheita som utløyser ei kjede av hendingar som knyter desse karakterene og liva deirar saman.

Eg likar godt at synsvinkelen vekslar mellom dei ulike karakterane, og eg følte eg blei godt kjende med dei tre hovudaktørane i tillegg til den mindre karakterane. Likar også at språket flyter lett og formidlar historia på ein enkel måte - det blir aldri rotete eller uvoersikteleg. Likar også at det er ei undertone av alvor heile vegen utan at boka blir nitrist og mørk - humor finnst her; både ispråket/formidlinga og også i handlinga.

Ser at ein del "klagar" over språket i boka - då lurar eg på om det er den oversatte utgåva det er snakk om, for eg fann ikkje mykje å klage over då eg las denne på engelsk. Det er ikke noko utprega fenomenalt ved språkbruken i boka, men det er slettes ikkje ille, ikkje noko eg merka meg med, og det gjer eg ofte (mellom anna mislikar er sterkt "adjektiv-helvete" som ofte preger lettlesne "damebøker").

Eg likte altså denne boka godt! MEN - det har nok mykje å gjere med "mindsettet" eg hadde då eg las; at eg var på jakt etter nettopp ei slik bok, at eg ville lese noko enkelt og ukomplisert. Så - les denne når du er i humør til det. Ikkje les denne når du er ute etter fart, action, spenning, noko tankevekkande, noko djupt. Les denne for å draume deg vekk, for å kjenne på kjenslar, for å refelektere litt kring kjærleik.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Spennende å høre om ditt møte med ulven. Her i Bergen har vi ikke snøring på ulv, selv om jeg nå gremmer meg når barna i barnehagen leker "alle mine barn kom hjem..." :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Svensklesing. Jeg liker å lese litt på andre språk - det blir selvsagt ikke så ofte som man tenker eller ønsker, det er det jo aldri noe som blir. Tiden er alltid den mest kritiske faktoren.

Boken har fått en del kritikk på grunn av den ikke er vitenskapelig, men den er underholdende nok. Nå er det jo slik at det å observere menneskelig adferd og kunne beskrive den er en form for empiri som - for å gi et tilsvar på kritikken om at det minner om astrologi - som mennesker alltid har gjort. Jeg kjente både meg selv og andre igjen, men er generelt skeptisk til personlighetstester. Mye skyldes nok at jeg selv har endret personlighet på MBTI skalen, har feks endret meg fra I til E. Jeg tror nok mennesker er formbare og slik sett er personlighet en kombinasjon av ytre og indre påvirkning. Vet at Big-5 er bedre rent vitenskapelig.

Men boken, ja. Den er god, underholdende, praktisk og kan fint benyttes.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stalla polaris står klar på mi hylle og, saman med to nye krimbøker av Michael Robotham - så med dei tre er påskekrimmen tatt hand om.
Takket bihulebetennelse heile denne veka fekk eg lese ferdig Dickens Vår felles venn mykje kjappare enn forventa. I morgon, laurdag, blir eg nok ferdig med boka eg starta på i går - The Husband's Secret. Ei bok som passa meg perfekt no når eg var i humør for noko enkelt, koseleg og lettlesen. Ikkje noko litterært meisterverk, men perfelr for fagsforma og humøret. Og så passar det ekstra godt med ein krim etterpå.

På lydbok lyttet eg til bok nr tre i Robyn Cass si Virgin River - serie. Skikkeleg guilty pleasure og eg må le av meg sjølv over ironien av at eg lytter til dette som i utgangspunktet overhodet ikkje er lin type litteratur. Klissklass, kyss, sex, relasjonar, drama, brullaup og graviditet over alt! Men men så lenge denne uventa begeistra varer får eg berre nyte det
Lyttar forresten også tidvis til Ondskapens kall av JK Rowling, men det blir helst på lengre gåturar og dei har ikje formen tillate så mange av. Trenger liksom skikkeleg med tid for å leve meg inn i og henge med i handlinga der. Medan Virgin River er skikkeleg lettvint å lytte litt på i bolkar utan å miste tråden

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Dette er bok ein av ørten i Virgin River-serien.

Kort oppsummert: Småbygd-drama, romantikk, kliss-kass, feel-good, lettlest,

Litt lengre:
Sjukepleierska Mel har sagt opp sin kaotiske jobb på sentralsjukehuset i storbyen for å ta det rolegare, for å få ein ny start, for å leve ein stad kor ingen kjenner til det som plagar ho. Ho har nemleg mista ektemannen sin og klarar ikkje kome seg vidare fordi alle kring ho veit om det som hendte, alle er så fulle av sympati og medkjensle; ho får dermed stadig påminning om det som har skjedd og kjenner seg fanga i rolla som "stakkars enke". Ho takkar dermed ja til ein eitårskontrakt som sjukepleier i den vesla bygda Virgin River. Men - trøbbelet for Mel viser seg alt før ho rekker å starte i jobben din. Biltrøbbel, bustad og arbeid som ikkje stemmer med dei ho blei lova ... ho er på nippen til å snu alt etter ein dag, men så skjer det noko som får henne til å bli eit par dagar. Og etter desse "par dagane" blir det vanskelegare og vanskelegare å venda nasa heim. Gradvis blir ho glad i den vesle bygda og menneska der. Og - gradvis kan ho også finne mot til å gå vidare og til å bearbeide sorgen. Vi følger hovudsakeleg Mel, men får også innblikk i liva til ein rekke andre karakterar.

Eg vil nok (unnskuld til dei tærne som føler seg tråkka på) kalle dette for ein slags "guilty pleasure" for min del - det er ikkje denne "typen" litteratur eg pleier lese. Men av ymse grunner har desse bøkene til Robyn Carr verkeleg falt i smak - akkurat no. Mykje fordi:
- Therese Plummer gjer ein heilt fenomenal jobb som forteller/opplesar av lydboka
- eg har lytta til ganske mange middelmålege psykologiske thrillarar som har skuffa noko heilt enormt
- eg har vore sjuk med bihulebetennelse og ikkje vore særleg skjerpa; å lytte til noko enkelt på tur o.l har dermed vore veildig godt selskap
- Eg trengte noko ENKELT for å kunne strikke samstundes som eg lytta - kompliserte plott, fleire tidslinjar, ørten trillionar karakterar osv er dermed ikkje ideelt.
- Ved sida av lydboka har eg lese meir komplekse og kompliserte bøker (Dickens, mellom anna) og ville dermed ha noko lett ved sida av (som for å nullstille intelligensen eg byggjer opp via klassikarne eg les... :-P ....!)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Med så mange fine ord om boka (som eg for så vidt er svært glad i sjølv!) er eg nyfiken på kvifor du trillar ein firar og ikkje ein femmar? :-) kva trekker ned, syntes du?

Godt sagt! (2) Varsle Svar
Godt sagt! (3) Varsle Svar

Lettlest. Hvis det ønskes bok for å slappe av, duger denne. Det vises til forlagets omtale.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er så einig! Backman varierer enormt med kva han produserer! Elska En mann ved navn ove, og elska og Bjørnstad. Men "Mormor hilser... " og oppfølgeren til Bjørnstad - "vi Mot dere" - syntes eg var skuffande - skikkeleg nedtur etter å ha slukt dei føre to bøkene. Dette er nok grunnen til at eg ikkje hsr lese meir av han, endå eg vurderte å lese "Britt Marie var her"

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg er vanligvis ikke glad i lange setninger jeg heller, men i denne boka fungerte det. Syntes i gså at Johan Harstad er en av få andre forfattere som mesterer bruken av laaaange setninger i romanen sine =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helga, og sannsynlegvis også resten av mars månad, blir eg nok sittande med nasen i Charles Dickens "Vår felles venn". Er kome litt over halvvegs denne veka, og det er vel faktisk først no at eg har begynt å like boka. Har slitt meg gjennom dei første tre hundre sidene: Mange karakterar å halde styr på, Lange og "unaturlege" dialogar, og i det heile tatt ikkje det enklaste å lese trass i god og solid oversetting. Formuleringane og språket genelt seier liksom ingenting direkte, det meste blir hinta til, implisert. Dette gjenspeiler jo veldig tidsperioden så eg anser det som del av sjarmed med å lese klassikarar, men når boka i seg sjøv er på nesten tusen sidar er det slitsamt i lengden og i blandt blir eg utålmodig og vil berre be Herr Dickens om å "BERRE SEI DET DIREKTE SLIK EG SKJØNNER KVA DU VIL FORTELLE!!!!". :-P

Men ... no har det iallfall løsna litt, trur eg, som om eg etter eit visst antall sider "plutseleg" har fått det enklare føre meg korleis eg skal lese og forstå. Så, trass i at eg kanskje verker litt negativ her, så er det altså det motsatte eg vil seie; at eg no, endeleg, har starta å like boka!

Ein ting er iallfall klart - etter denne skal eg definitvit lese noko svææææært lettlese og "feel-good"!

I lydbok-verda er eg også aktiv om dagen - går mykje tur, gjer ein del husarbeid osv og syntes då at lydbøker er godt selskap. Er dog ein smule småsjuk og pjsuk og ikkje heilt oppmerksam - så eg er veldig glad for å ha "oppdaga" Robyn Carr sine koselege romanar. Har lytta til dei fire bøkene i serien "Sullivans Crossing", og er no i gang med ei ny serie: "Virgin River" - som eg deretter, heilt tilfeldig, fann ut at skal bli til TV-serie i løpet av året. Dette er svær enkle bøker mtp plott og karakterar, og bøker eg nok aldri ville valgt frå ei bokhylle - litt sånn "guilty pleasure" & chick-lit. Eg fann bøkene fordi eg tidligare lytta til ei bok lese av Therese Plummer og eg elska lesestilen og stemma hennar. Og det er altså også ho som leser desse bøkene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

eg var faktisk på forfattar-treff med Herr Renberg og då spurte eg om han om dette: Eg nemnte at slik eg oppfatta bøkene mens eg las, så var Jarle eineborn i alle bøkene, heilt fram til den siste kor han plutseleg hadde ein eldre bror, og at eg ikkje fekk dette til å stemme overeins med plottet frå dei første fire bøkene. Og Herr Renberg "innrømma" at det stemmer, at det er slik det står. Men kvifor, korleis og noko god forklaring følte eg ikkje at eg fekk. Ikkje noko meir utover at det tilførte historia i den siste boka noko meir, og at det - i denne siste boka - passa så bra for fortellinga (noko eg ville vore einig i dersom bok nr fem "berre" var ei bok, ei frittståande roman - men sidan boka er del av ein serie syntes eg ikkje noko om denne broren som berre plutseleg dukka opp av intet.) Renberg sa også at planen aldri var å skrive fem bøker om Jarle Klepp. Det var ein som var planen, og så blei det ei til og endå ei... Eg syntes dei første to utfyller kvarandre meisterleg og er kjempefine bøker. 3-4-5 derimot er heilt greie, men no i ettertid trur eg at eg ville faktisk nøgd meg med å lese berre dei to første

Godt sagt! (3) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

John LarsenHelena ERonnyJulie StensethAvaHeidi LPiippokattaNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTovesveinKorianderTone SundlandSigrid Nygaard