Tsjekovs tre år er ein god start. Ein av mine favorittar er Pessoa: han har tre tynne bøker; Djevelens time, Stoikeren og min favoritt Den anarkistiske bankier..den handlar kort om ein samtale mellom to personar, der poenget er å gå legitimere sin ideologi med arbeidet sitt som bankier. Argumenta treffer presist og oppstår som ein moral utanfor samtalen.. slår til med eit sitat herifrå; "Den sosiale fiksjon er ikkje menneske du kan skyte".. Vidare; dødsdommen av Blanchot, dette er to historier om ei kvinnne som skal henrettast. vi følger forfattarens trådar inn i eksistensielle spørsmål, utan riktig å forstå dommen.
til slutt Nokon norske og der har Jon Fosse eit utval av korte romaner: Andvake er ei gripande forteljing med ein grammatisk kunstleg friheit. Det er Ales følger opp i same Fosse-stil. + Blod, steinen er, Prosa frå ein oppvekst (Fosse sa om denne at den er så lett leseleg, at kven som helst i utgongspunktet kunne skreve den.).. LUKKE TIL! Har sjølv planar om å kaste meg over nokre bøker før eg legg meg...
Den første boka av sitt slag, skreve av ein forfattar som tok livet sitt etter ei avgjerdsle i stortinget?
Den utenlandske romanens namn er det same som ein norsk vestlandskommune?
81 år gammal forfattar flyttet til Frankrike i eksil, er født i same by som Robert Musil?
Essaysamlingar! I første omgong berre det eg sjølv har lest, kom gjerne med anbefalingar eg klør etter å lese fleire essays..
Askildsen er ein av mine favoritter, så den er å anbefale. Vidare Øystein Lønn-Thranes metode og Hva skal vi gjøre i dag? Ellers har Tor Ulven satt djupe spor i meg så det må eg anbefale. Eit tips er å lese Cargo av Sigbjørn Hølmebakk her finn du dei beste novellene frå uttallige amerikanske forfattera.
Prøva å trappe litt ned ja sjølv om det er vanskeleg, er nok sosial til tider men det hadde vel ikkje gjort noko om eg prioriterte dette meir. Ein gylden middelveg ja det hadde vore noko. Prøver stadig.. Takk.
Artig du tek med den, eg satt med den akkurat i stad, flott bok. Tsjekov fortjener abselutt ein plass på lista.
ja den ser eg men eg kan prøve å halde meg til skjønnlitteratur i første omgong så for vi sjå kor omfattande den blir.
Den hadde eg selvfølgeleg gløymt. Har du andre?
Kven har oversatt Hva bå lille mann? til norsk? Nonnen er ei skreven av ein amerikansk forfatter, etternamn? Norsk forfatter skreve om mordet i skippergata, etternamn? Tittel og første bokstav i forfatterens etternamn? Forfattaren bak Billy Bathgate? Forfattar med direkte bånd til tidlegare statsleiar, etternamn? Debutromanen til Sigurd Hoel? Ritualer er ei bok i frå? Marten Kross er i frå? Eit av Platons verk?
I første loddrette rekke hovudperson i norsk roman.
Heldig du, hadde eg hatt ein slek lærar i biologi så hadde eg nok danka ut han Linne.
Selvfølgeleg, hadde eg gløymt. Utan samanlikning vel å merke.
Kva er etternamnet til forfatteren som tok sitt eige liv med saks? Kva land kjem Ismail Kadare i frå? Denne romanen kom ut i 1972? Øya som Derek Walcott opprinneleg er i frå? Etternamn på forfatterinnen som har skreve kameratene kommer? Orginaltittel på Soljans "havnen"? Etternamn på person som besøkte Noreg, var god venn med Heinrich Böll? Etternamn på indisk nobelprisvinner? Forlag - Eudora Welty? Mason & .....?
Svaret danner i første loddrette rekke ein forfattar, kven?
Korrekt, det må eg sei, du kan ditta. "Stjerne i boka"
Kva heite forfattaren?
Han omtalte seg sjølv som Buddhist Den han delte nobelsprisen med var den første til å få Nordisk råds litteraturpris. Påverka av Tolstoj, Kipling og Conrad Hans mest kjende diktsamling heiter Aniara og kom ut i 1956
Muligens vanskeleg - eller nei, har trua på dykk!
Intressant, dette er eit tema eg har tenkt på lenge, men då litt meir knytt opp til kvinnlege og mannlege forfattarar. Det kan forstås at menn leser bøker skrevne av menn for å identifisere seg med den mannlege hovudpersonen (trad. sett) og på den same måten hjå kvinner. Det eg vil stille spørsmål til her er i kva grad ein skal identifisere seg med hovudpersonen i boka, er ikkje det eit poeng innanfor litteraturen at ein skal sjå ting frå ein annan vinkel? Er ikkje det med på å skape ein breiare forståelse for littteratur. Ville det ikkje nettopp vore meir intressant for ein mann og lese ein roman skreve av ein kvinne? Kanskje han ville forstå meir av ei bok han ikkje klarte å identifisere seg heilt med? Enkelte gongar har eg hatt eit bevisst val om å lese meir bøker skrevne av kvinner, for så å kunne forstå litt meir "den andre vegen". Eg trur at forståelsen er sentral i litteraturen og at det kan vere ein fordel å sette seg inn i ein annan tenkande persons bidrag, om personen er av det motsatte kjønn eller av ein annan oppfatning eller av ein annan ideolgisk bakgrunn. Det kan sikkert høyrast ut som at eg driv med kjønnskvotering innanfor litteraturen, men for min eigen del er det meir kjønnet på boka som betyr noko og ikkje forfattarens kjønn.
Oi det må eg sei, rekord! Trur ikkje eg slår den men vart freista til å prøve.
Min favoritt innanfor biografi-sjangeren er Øistein Parmann si bok om Marcello Haugen. Boka handlar om den klarsynte nordmannen Marcello som budde på Lillehammer, boka gjengir vitneforklaringar frå dei mest utrulige spådommar. Sjølv forutsåg han sin eigen dødsdag, han tjente seg rik på Casino,osv. Eg er heilt sikker på at den mest kristiske person vil bli lamslått etter dei forteljingane som kjem fram her..
Ellers Anders Heger sin biografi om Agnar Mykle. Lahlum sin Amerikanske Presidenter og Tore Rem om Bjørneboe.
Mange gode titlar frå John leCarre, min favoritt er
Thinker,Tailor,Soldier,spy = Muldvarpen
Eg må no seie at ein signatur i frå Gerhardsen står meget høgt, av rimleg nok grunn kan eg aldri oppnå den. Men takk takk, eg var meget nær å få Andre Brink sin signatur men hadde ikkje ei bok av han tilgjengeleg.. Helsing; "prøver igjen"..
Liste over fleire bøker der titlane er like, spennande å sjå kor mange ein kan kome med. Bidra for all del!