Eg må innrømme at eg har stokka litt av bokstavane sjølv. Harry Martinson er riktig men likevel feil, tenkte på Stig Dagerman som også tok sitt eige liv, men då ikkje med saks! Eg skal ta pæ meg å rette feilen med det samme, men likevel kom du no fram til svaret. Imponerande. Roman 1972=G av John Berger, Forlag = Aventura og til slutt Mason & Dixon av Thomas Pynchon.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Setter pris på komplimenter på løpande band her. Og eg ser nok sjølv at det er andre hobbyar som ikkje er like positive som det å lese. Det einaste negative med det akkurat no er nok at det tek studiane sin plass. Har alltid drøymt om å jobbe direkte med litteratur, gjerne då som bibliotekar, anmeldar eller kanskje til og med forfattar. kven veit. Og det er noko rart og dynamisk med lesinga i seg sjølv; har du lest ei bok klarar du deg med den, men når du har lest hundre må du berre fortsette. Eg ser du har ei flott samling sjølv, må innrømme at eg til tider har sett gjennom den og lest ein del av dei.

For meg er det nok litt skuffande at det ikkje er mulig og få lest alt. Men det er nok ei trøst at det er ikkje alt som er like bra heller, så det kan eg leve med. For ein månad sidan fekk eg vite at eg hadde ein uoffisiell noregsrekord i antal leste bøker på eit år,- det er klart at slike ting gjer det berre meir spennande, og det triggar meg til å fortsette. Og det er planen! det er vel ikkje så mykje å tape på det..

Takk for eit godt innlegg, eg er heldigvis ikkje den einast e der ute med fasinasjon over litteratur..

Takk, takk. Lukke til med eiga lesing!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Facinerande bok, tenk at verdas koseligaste barntv-helt har skuld at jorda går under..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kva med Light in August av William Faulkner som er oversatt av Sigurd Hoel til Mørk august. I utgongspunktet ser forstår eg oversettinga men eg syns likevel det er ein kuriositet at oversettinga nesten for ei motsatt tyding.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ser den ja, godt poeng!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Meget god liste trur eg har lest 20 av dei, gode bøker, nei hadde ikkje mange å velge i på x og spesielt. men på Z so sto det i mellom Zenos bekjennelser og Z av Vasillikos. og på q so hadde kanskje Q&A gutten som hadde svar på alt gått bra.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja det vart litt forandring på det, i utgongspunktet var det forfattarar som var ideen. Skal endre på det..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Godt poeng eg er einig i at det bør vere eit rikt utval av bøker, for då å tilpasse den enkeltes behov. Når det er sagt er min oppfatning at ein bør fokusere meir på sitt eige utbytte av litteraturen enn det å følge straumen.. Men eg skjønnar abselutt at ein ventar med utfordringane og let det enkle og underhaldande sige inn..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bøker I alfabetisk rekkefølge, om du skulle velge ein for kvar bokstav kva bok hadde du då valgt?


Godt sagt! (9) Varsle Svar

Takk for det. Vold si har eg lest og den syns eg er bra. Asbjørn Aarnes leste eg faktisk i natt, men ikkje akkurat den. Men skal ta å forske litt meir på utvalet. Takk for tips.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for tips, eg ska ta å sjekke dei ut..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Solstad er nok ikkje i den forstand underhaldningslektyre men han har likevel ein del poeng, men då mest i dei seinare bøkene. Pubquiz ja det plar eg og briljere i, kvar måndag. Lydbok ja det høyrast bra ut, for min del sett eg på Dylan, det er min siste innstans på kvelden etter askildsen. Nyt Brontë!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Arnulf Øverland ja, Forfatteren bak det skjendige drapet i skippergata heiter Finn Iunker. Allende er korrekt.. Sigurd Hoel sin debutroman heiter Syvstjernen, men syndere i sommersol (1927) var ikkje langt i frå. Platons Symposion var det eg tenkte på her. Gorgias har eg ikkje vore borti.. Svaret ville uansett vorte Arild Asnes som er hovudperson i Dag Solstads roman frå 1971 Arild Asnes 1970, Som handlar om den revolusjonære røysla på 70-talet og problemet med å identifisere seg politisk og ikkje psykologisk.. Ikkje dårleg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jo berre hyggeleg, Tsjekov er nok ikkje det same som dostojevskij akkurat så han går det ann å lese meir av. Og eg må seie at Askildsen er noko av det beste du kan lese på kvelden, det er noko med den lune stemninga, pleide før å lese askildsen før eg la meg. Pessoa og Blanchot kan du alltid ha til gode, sjølv om eg tvilar på at du er for ung til å bevege deg inn på dei. Sjølv så er eg akkurat ferdig med Charles Baudelaire og den skapende fantasi, skal til med Vladimir Odojevkijs Russiske netter, ser fram til det.. Mykje meir eg kunne anbefalt, berre å seie i frå. Sikker på at både askildsen og fosse fell i smak..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja det stemmer bra det. Riktig begge to, vess du ve bryne deg på fleire spørsmål så har eg lagt ut to postar til, men då litt vansklegare..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du skal få ei stjerne for innsatsen, du klare det neste gong..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Riktig, riktig, Hint til 1 og 2: den første arbeidarroman, og Nobelsprisvinnar frå Australia skreiv denne romanen som har same namn som ein kommune i Hordaland.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Etter å ha snakka med ein del folk og etter å ha fått eit visst inntrykk av kva folk leser må eg spørre: Er det ikkje noko meir som ligg bak ei bok enn berre det å lese den for underhaldninga si skuld. Etter mi eiga meining bør ei god bok vere eit springbrett til ein debatt eller ein diskusjon, ein må kunne stille spørsmål til litteraturen, ein børr kunne skyve boka framfor seg, referere, tiltale og kritisere. På same måte kan eg ikkje tenke meg at underhaldningslitteraturen har same nytta. Eg vil ikkje seie noko vondt om denne typen litteratur, eg har som mange andre hatt same glede av dei. Men då er gleda kortvarig. Eg har hatt eit lite håp om at skjønnlitteraturen skal bevege seg i mot ei retning der den skapar open diskusjon, for det er jo akkurat dette som skil den i frå sakprosaen eller fiksjon kontra faksjon. I denne samanhengen har skjønnlitteratur ei større rolle fordi den ikkje er noko fasit, den bevegar seg utanfor rammene og kan ta fleire roller og tolkingar. Kvar ligg behovet? er det forfattar eller lesar som har ansvar? Tek underhaldingslitteraturen for stor plass eller er det prioriteringar som ligg til grunne for denne utviklinga. Og til slutt kva rolle meinar du kvalitetslitteraturen skal ha?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg gløymte Askildsen, (merkeleg) her er fleire novellesamlingar som er utrulig facinerande og intressante. Blant anna Thomas F.s siste nedtegnelser til allmennheten. her handlar det om død. Og Askildsen prøver å formulere seg rundt standpunktet; har du ingen ting å leve for, så har du ingenting å dø for..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tsjekovs tre år er ein god start. Ein av mine favorittar er Pessoa: han har tre tynne bøker; Djevelens time, Stoikeren og min favoritt Den anarkistiske bankier..den handlar kort om ein samtale mellom to personar, der poenget er å gå legitimere sin ideologi med arbeidet sitt som bankier. Argumenta treffer presist og oppstår som ein moral utanfor samtalen.. slår til med eit sitat herifrå; "Den sosiale fiksjon er ikkje menneske du kan skyte".. Vidare; dødsdommen av Blanchot, dette er to historier om ei kvinnne som skal henrettast. vi følger forfattarens trådar inn i eksistensielle spørsmål, utan riktig å forstå dommen.

til slutt Nokon norske og der har Jon Fosse eit utval av korte romaner: Andvake er ei gripande forteljing med ein grammatisk kunstleg friheit. Det er Ales følger opp i same Fosse-stil. + Blod, steinen er, Prosa frå ein oppvekst (Fosse sa om denne at den er så lett leseleg, at kven som helst i utgongspunktet kunne skreve den.).. LUKKE TIL! Har sjølv planar om å kaste meg over nokre bøker før eg legg meg...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundLinda LarsenReadninggirl30Torill RevheimAlice NordliellinoronilleHelge-Mikal HartvedtEgil StangelandGrete AastorpLailaKjell F TislevollKristine LouiseINA TORNESEivind  VaksvikTine SundalIna Elisabeth Bøgh VigreStine AskeHarald AndersensomniferumMetteAnne-Stine Ruud HusevågTonje-Elisabeth StørkersenLinda NyrudReidun SvensliTanteMamieAnn EkerhovdHarald KVegardAnne Berit GrønbechKaramasov11DemeterBeathe SolbergJarmo LarsenRandiAnniken RøilIngrid HilmerToveSverre HoemJørgen NLeseberta_23