Synes boka startet bra, det første kapittelet (uten Foyn) likte jeg. Men synes Foyn var irriterende og språket dårlig. Leste ferdig, men frister ikke med flere bøker av Mehlum/med Foyn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det overrasker meg også litt. Det kan hende det heng saman med at det er ei bok som fortel ei gammal og mykje fortald forteljing frå eit nytt perspektiv, eg veit ikkje?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg les The Finkler Question av Howard Johnson. Veldig fascinerande bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I dag er det mulighet for å vinne en valgfri bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nå vet jeg ikke hvordan du liker denne historien som du holder på å lese, men hvis du er kommet hele veien hit, regner jeg med at du har lyst til å vite mer. Det er likevel ikke opp til meg å styre dette. Det er fullt mulig å lukke igjen en bok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mr. Vertigo er ei spennande bok, full av dramatikk og action. Walter si livshistorie er ei reise i historien om Amerika i første halvdel av 1900-talet. Walter tar oss med gjennom depresjonen på den aude landsbygda i Midtvesten, til Chicago sitt mafiamiljø, vi får delta i showbiz i dei store byane og inn i den tørre ørkenen i Nevada. Det er nesten som på film. Og fordi Paul Auster er ein slik dyktig forteljar, lar eg meg overbevise av den aldrande Walt si engasjerande, men samtidig så urealistiske og usannsynlege, forteljing om livet sitt. Walter utvikler seg som kunstnar, før han faller frå den store høgda han står på. Og dei refleksjonane han gjer seg om denne utviklinga, er sannsynlege og realistiske, og ikkje minst gode.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg tenker at "the icing on the cake" er meir "prikken over i-en" eller "krona på verket", som noko positivt, medan "det var bare toppen av kransekaka" tenker eg på som noko negativt, som slikt ein seier når ein blir spruta søle på medan ein venter på bussen, når ein allereide er for seint ute og ikkje finn lommeboka si, eller noko i den duren.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er einig i at det er mykje slurv, og eg har også ofte undra meg over vala einskilde oversettarar gjer. Eg måtte leggje vekk den norske oversettinga av Toni Morrison si Nåde etter ti sider i frustrasjon over Torstein Bugge Høverstad si Harry Potter-liknande omsetjing. Norwegian Wood kom eg gjennom med eit nødskrik, i frustrasjon over dei mange dårlege formuleringane.

Likevel: Det er framleis mange gode oversettarar som gjer ein god jobb! Kari og Kjell Risvik imponerer stadig, det same gjer Henning Hagerup! Isak Rogde gjer også ein god jobb i Tårnet. Eg vil gjerne slå eit slag for dei gode oversettarane også!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Make-up-sexen som blei til sminkesex i Friends er vel også ein klassikar...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har akkurat lese Mr. Vertigo av Paul Auster. Morsom bok, men eg har likt dei andre Auster-bøkene eg har lese betre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi les ei valfri bok kvar i månaden, så til nå har det ikkje vore organisert kva bok som blir lese.

I tillegg har det vore litt snakk om å arrangere samlesing av større verk. Krig og fred har vore nemnd. Dette forslaget kom opp i den andre tråden, og då blei det vel sagt at vi kan vente med neste samlesing til dei som les Don Quioute er ferdige med den, slik at det ikkje blir så mange parallelle samlesingar som dei same folka er med på. Men det går jo at å bli einige om å lese einskilde bøker, for dei enkelte.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har begynt å bruke den engelske lista frå 2006, men eg ser at det er mange fleire bøker eg har lese dersom eg kombinerer med den norske. Vi har ikkje laga så strenge reglar på dette, så det er litt opp til ein kvar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka er bare så fin og rørende med sin blanding av hverdagsliv, litterære betraktninger, vennskap og kjærlighet. Jeg har den liggende på nattbordet sånn at jeg når som helst kan lese litt i den. :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hvorfor blir ikke den tredje boka oversatt? Jeg sitter jo her og venter på den! :-/

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har ikkje komme til Rusdie ennå. Dei listene mine har visst ein tendens til å endre seg undervegs. Men sommaren er ennå lang...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Never Let Me Go er veldig god. Den har eg nettopp lese!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dei fleste aviser har arkiv. Aftenposten har sitt på nett, som nokon nemner under. Elles kan du gå på bibliotek og lese dei fleste gamle aviser som mikrotekst.

Når det gjeld biblioteka, skal du heller ikkje undervurdere bibliotekarane. Dei har ei fireårig utdanning og stor kompetanse innafor det å hente fram informasjon. Og mange av dei synest det er veldig morsomt å bli brukt også.

Det finnst fleire detaljerte historieverk, Grimberg sitt er gammalt, men framleis veldig godt.

Bibsys ask og A-tekst er også gode søkemotorar, når du skal leite etter konkrete emner. Eg er litt usikker på om du kjem inn på A-tekst som privatperson, men du vil i alle fall komme inn frå biblioteka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har sjølv vore bortreist nokre veker nå, og trur, som Ingrid skriv under at ferietida preger forum. Eg er meir ute, er mindre på nett og sitt mindre framføre pcen. Det preger andre forum eg er medlem av, så det skulle ikkje overraske meg om det preger dette forumet også.

Eg synest i alle fall ikkje det er naturleg å dra med pcen på storbyferie for å sjekke forum, eller å sette meg til å diskutere bøker med "frammande" på nett, når eg er saman med familien på hytta, så det er ikkje så rart i mine auge.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg likte også denne boka godt. Det forteljartekniske, den utanforståande guten som ikkje skjønner kva som foregår rundt han og den naive skildringa av det grusomme gjer dette til god lesing.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ta deg en tur på biblioteket og spør, de kan sikkert hjelpe deg videre. Vil anbefale en generell norgeshistorie (f. eks Aschehougs) i første omgang, og fortsett gjerne med Eilert Sunds bøker, som beskriver hvordan folk levde på den tida. Historiske museer i nærheten av Bergen finnes sikkert, prøv å google Bergen og museum og se hva du finner.

Lykke til!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilKristinHeidi HoltanTine VictoriaKirsten LundTanteMamieTine SundalKaramasov11VegardJørgen NStig TTrude JensenCecilie69Hilde Merete GjessingAnneWangKristine87SolveigBjørg L.Grete AastorpBeathe SolbergErlend Rødal VikhagenHarald KRandiTove Obrestad WøienToveKristine LouiseEmil ChristiansenLars Johann MiljeTjommiBeate KristinReidun SvensliLene AndresenMads Leonard HolvikAstrid SæverhagenVannflaskeKaren PatriciaReidun Anette AugustinFindusReadninggirl30Marianne M