Heia! Boka er leita fram, og eg har lese nokre få sider...Medan eg las reflekterte eg over at Kjærstad skriv godt, men kunne gjerne vere litt rausare med avsnitt?
Etter ei kort stund la eg bort boka- alt som skjer rundt meg her gjer at eg ikkje greier å samle tankane om innhaldet.
Håper at situasjonen betrar seg slik at både denne og andre bøker gir meg meir.
Likte boka sist eg las den ....og det er ikkje lenge sidan :-)
(...eg har tenkt åhalde fram...)
All ære til deg for innsatsen....Det ser ut som koronaviruset har slått ut mange her inne på Bokelskere også. Vi får stemme over dei som er og håpe på at det å fordjupe seg i ei god bok kan ta brodden av viruset!
Sjølv om eg ikkje greidde å halde meg frå å lese i nokre av dei nyinnkjøpte på årets Mammut ....(MÅTTE berre.....) så har eg no leita fram ei som har stått på vent ei stund og som har fått gode vurderingar Stormen og stillheten av Miriam Negaard.
Kan ikkje seie så mykje etter de få linjene eg har lest - men kan iallfall sei god lesehelg til alle! :-)
Eg har telt på knappane...hadde litt vanskeleg for å bestemme meg for kva bok eg skulle velje..men, trur eg går for ei som eg har lest før: Søsterklokkene av Lars Mytting...Ei god bok som kanskje litt for mange har lese då, men...
Elles så ser eg no at gruppa har vorte svært redusert. Rart, sidan medlemstalet er stadig aukande. Det er iallfall triveleg når mange deltek i diskusjonane.
Då må både du og andre ha ein god dag vidare! :-)
«Jeg har alltid forestilt meg at paradiset må være et slags bibliotek.»
Har fullført ein god roman - igjen! Boka skildrar miljøet i sørstatane godt, og også tilhøva i familien.. og det dei må takle sidan pappa Atticus må verne ein som er farga.
Ein roman som tålte gjensynet - og biblioteket vil skaffe meg filmen.
Har ca 100 sider igjen- og trivst i selskap med Jem, Scout og Atticus.
Forfattaren får godt fram både miljøet og det gode samhaldet mellom ulike personar....meiner eg. 30-åra i sørstatane var lite positive for dei farga...
Opplevde skildringa av kyrkjebesøket der dei to borna gjekk saman med si farga (nigger)hushjelp skildra godt skilnaden i samfunnet.
(Det er nesten sjarmerande at mi aldrande bok måtte teipast i går....den laga nokre lydar som talte for assistanse :-))
Har omsider leita fram mi utgåve av «Drep ikke en sangfugl»....ei bok eg kjøpte på ein bruktbutikk for nokre få år sidan. Forrige gong las eg ei lånt bok.
Denne er ei bokklubbok frå 1971...omsett av Magli Elster.
Har oppdaga nokre skrivefeil, så korrekturen har nok ikkje vore max..
Likevel, det vesle eg har lese til no har vore til glede. Atticus er ein mann med stor sans for rettferd, og med stor omtanke for dei to borna sine....
Glad for å kunne vere med på å samlese denne...
Kor flott at du tek over.....
Eg har lese boka for nokre år sidan, men blir gjerne med på felleslesinga...
Boka er god.
Leseperioden kan kanskje berre stå? ...vi brukar likevel den tida i treng i diskusjonen :-)
Sender masse god betring til deg, Kjell k, og varm takk for alt du har lagt så godt til rette i lesesirkelen! Helt framifrå!
Håper det ikkje er så lenge til du er tilbake! :-)
Her i nordvest er det nesten «nordvest» i dag...iallfall når det gjeld temp. Ute er det surt og kaldt og sludd i lufta.
Eg har heldigvis fått lese litt i dag, og det i ei god bok som eg fekk i julegåve: Eleanor Oliphant har det helt fint.
Eg likar det eg les...Eleanor er ei samansett dame, og det er ein god del eg ikkje veit om henne...spennande!
Håper at leselysta tek seg opp, den har ikkje vore så god i det siste.
Sidan helga nærmar seg slutten, så får eg sei: God søndagskveld!
Eg har telt litt på knappane på kva for ei bok eg skulle velje som mitt forslag. Det vart litt elle-melle, men enda opp med ei bok eg har lese før, og som eg godt kan tenke meg å lese igjen, nemlig Den gode jord av Pearl S Buck.
Boka gjorde inntrykk på meg då eg las den for 5 år sidan....
Håper på fleire gode bøker å velje mellom!
PS Boka fekk Nobelpris i litteratur, og er filmatisert...
Flott omtale, Lillevi!
Saman med gemalen har eg sett teaterframsyninga! Den tok lang tid, men synest den viste godt stemninga i romanen. Einaste minuset var språket...ikkje alltid like lett å forstå kva dei sa på dialekt.
Likevel eit godt punktum for boka ...
Haha...der fekk du sagt det! Didrik er verkeleg aktiv i store deler av landet i dag....skaper problem for både den eine og den andre...han med! :-)
Då har også eg fullført «Medmenneske» - som gjorde djupt inntrykk på meg- igjen!
Eg synest Duun er ein meister i å skildre hendingar, menneske og stemningar - og kampen mellom det vonde og det gode.
Ragnhild framstår på meg som ei kvinne med så mykje godt i seg- ho vernar Håkon på det mest dramatiske viset. Håkon er feig i mine auge....ikkje minst når Ragnhild reiser for å ta straffa si.
Didrik vert biletet på det vonde i mennesket. Med sine handlingar og veremåte mot sin eigen son viser han både egoisme og mangel på medkjensle.
Eg måtte leite fram mi eldgamle litteraturhistorie- Norsk litteraturhistorie av Beyer- der eg kunne lese:
Den er stramt komponert, dramatisk, inntrengende i sin menneskeforståelse og dyp i sin problematikk. Overfor den lysende, rene Ragnhild står svigerfaren, Didrik Dale, inkarnasjonen av ondskap, psykopatisk krangletrang, såret og forvridd rettskjensle.
Romanen er eit meisterverk, ei bok som stiller djuptgåande spørsmål om menneske. Er det rett å drepe eit menneske for å berge han ho deler livet med?
- Er glad for å ha delteke i denne felleslesinga, stor takk til alle deltakande!
Av diverse årsaker har det gått litt seint med meg...og det er ikkje fordi det er noko med boka som er årsak til det.
Har nyleg avslutta kap to, der Ragnhild er sentral. Duun skildrar henne godt, både utsjånad, bakgrunn og hennar tankar og kjensler. Eg synest også han på meisterleg vis får fram alt som ligg og ulmar i familien, dei smiler i det dei seier ei setning...på same tid som ein kan kjenne at det ligg noko mindre godt under. Det er også mykje tystnad, lite blir sagt- tankane ligg der likevel på godt og vondt. Sterke, gode skildringar!
Håper at eg skal ta meg tid til å lese litt meir seinare i dag, sidan stormen og regnet utanfor her inviterer til det:-)
Har lese nokre sider eg også....som deg opplever eg språket som ei utfordring. I tillegg til at Duun brukar ei svært gammal form for nynorsk, og med ord som ikkje lenger er i dagligtale her omkring, så er nokre ord prega av noko (sikkert gammal) trøndersk slang. Iallfall der det er direkte tale.
Men, trur nok eg skal greie å få med meg bodskapen i romanen likevel.
Lukke til!
Etter å ha leita lenge...og lenger enn langt- så fann eg ei tilårskomen utgåve i bokhylla. Boka er prega av tida, utgitt som 3. utgåve i 1972 av Den norske bokklubben. Der er illustrasjonar som Finn Graff er ansvarleg for.
Har lese boka fleire gonger, også gjennom utdanning, men det er lenge sidan no.
Skal bli artig med eit gjensyn...
Godt Nytt År!
Ser OK ut, det! Ser fram til mange gode bøker og gode diskusjonar i 2020!