Huskar ikkje alle titlane, men er ganske fornøgd etter å ha dumpa borti dette tilbodet: 10 bøker for 100 kroner. Er ikkje sikker på kvaliteten på alt, men sjekka opp eit par som har fått god kritikk. :-) Nokre forfattarar var : Anne Holt, Roddy Doyle, Junot Díaz (ukjent for meg), Anna Davis,Kluun,.......
"Morgen i Jenin" gjer inntrykk,ja! Har i nokre år hatt ståande i bokhylla "Alt for Israel" av Odd Karsten Tveit. Har tenkt å lese den, men......Trur det handlar litt om Norge si rolle i Israelskonflikten. Men om det er noko å anbefale, veit eg ikkje! Likte godt eit sitat han har i føreordet: " Sannheter som ikke fortelles blir giftige."
Dette kunne ha skjedd i Norge! Og barn er -og har vore- utruleg lojale mot foreldra sine! Eg vart svært gripen av "Krystallslottet" - og er imponert over at forfattaren har styrke til å fortelje så varmt - trass alt - om ein vanskeleg barndom.
Kanskje du kan like nokre av desse?
Tatiana de Rosnay: La llave de Sara
Juan C Wilkins: El Corazón de la tierra
Isabel Allende: La Casa de los Espíritus
Gabriel García Márquez: Cien años de soledad
José Luis Sampedo: La senda del drago
Den siste har eg ikkje lese -enno, og Márquez har eg berre lese på norsk for lenge sidan. Buena suerte!
Har lyst til - meir som ein kuriositet - å fortelje at eg er den lukkelege eigar av eit sett Dickens bøker - 12 stk bøker i brunt "skinn" - med gullskrift - og alle har gulna ark av "tidens tann". Har lese alle bøkene fleire gonger.
Har nettopp avslutta denne, og føler at boka sit under huda på meg. Kan slutte meg til det som har vore sagt om at dette både er spennande og svært god underhaldning. Boka er ei merkeleg blanding av realisme og fiksjon, men medrivande. Eg er ganske sikker på at Murakami har lese sin litteratur: - det er lett å assosiere både til Kafka, Dickens,...brødrene Grimm,og til Bibelen mm. I tillegg til at historia - eller historiene - er originale og godt fortalde, synest eg at Murakami er ein meister i å forme gode, og ofte overraskande språklege formuleringar og bilete. Nokre avsnitt og sekvensar var så bra at eg måtte lese dei fleire gonger ( så det tok litt tid å kome gjennom). Den einaste grunnen til at eg er litt tilbakehalden med å gi boka ein seksar, er at han til tider kunne dvele litt for mykje ( etter min smak)ved enkelte situasjonar. Og dei to månane - dei gløymer eg ikkje!!
Då ein nær og kjær slektning døydde for ikkje lenge sidan, arva eg ma ei bokserie av Barbara Cartland. Har ikkje hjerte til å kaste dei - evt gi dei bort - enno. Men...har nokon lese noko av Cartland?
Trist!
Har prøvd å høyre på lydbok heime nokre gonger, men har ein tendens til "å miste tråden". I sommar høyrde vi på "Populærmusikk fra Vittula" i bilen...Det var ein nedtur, sidan eg syntest den var så vittig då eg las sjølv! Så - etter det har lydbøkene (og eg har ein del) vorte liggande...Synd, kanskje...
Den første tanken eg fekk var: Tenk om eg hadde fått møte Charles Dickens ein sein haustkveld på ein pub i London - og han kunne ha fortalt historier....Men elles,..eg kunne godt ha tenkt meg å møte Azar Nafisi for å høyre meir om den tida ho og hennar studentar las Lolita i Teheran.
Med eit par unntak (fordi eg ikkje har lese dei) - er eg svært einig! Nokre av bøkene på lista di har eg lese fleire gonger, medan andre kan eg gjerne lese ein gong til...
Har utsett lesinga av denne lenge, og ei stund heldt eg på å legge den bort halvlesen. Men, gjennom litt skumlesing her og der, kom eg meg gjennom. Spenninga tok seg kraftig opp mot slutten.Må sei at mordaren gir meg nokre assosiasjonar til Anders BB - uhyggelig!
Nokre bøker les eg på originalspråket,bl a engelsk, men eg må tilstå at eg har kjøpt bøker etter å ha lese bokmeldingar i alle slags aviser....har ikkje tenkt over at bokmeldingar i tabloidaviser ikkje held mål. Kanskje derfor eg har gjort ein del uheldige kjøp?
Synest eg kan ane ut av både ditt svar, og av fleire andre at: kioskbøker/kiosklitteratur, dameromanar og bestselgarromanar er bøker med eit snev av "billig" litteratur??
Normalt ligg sympatien min hos offeret eller hos etterforskarane i bøker med kriminelt tema, men må innrømme at eg etterkvart utvikla - om enn motvillig - sympati for hovudpersonen Lin i Shantaram. Forøvrig ei bok eg likte svært godt!
Det er kjekt å lese alle ulike meiningar. Ein lesar og bokelskar kan vere så mangt. Kan røpe at i mi eiga bokhylle finst det sikkert bøker som ein "boksnobb" ville fnyse av, men eg har klassikarar - både norske og utanlandske - mange "bestseljarar", nokre "dameromanar" ( som nokre heller ikkje vil lese), ein god del krim....og litt til. Men må innrømme at eg svært sjeldan går til innkjøp av "kiosklitteratur"....sjølv om eg trur at det kan vere mykje bra der også. Og når det gjeld klassikarar: Eg må tilstå et med nokre unntak kjedar eg meg i selskap med Bjørnson...Ha ein fin dag med boka di!
Kjeda meg igjennom....og vart fort gløymt..
Har nokre gonger høyrt uttrykket "Boksnobb"...og lurer på kva som ligg i uttrykket?
Mulig det..(og beklagar i så fall)...men trur likevel at einkvar lesar vil finne ein god del å spekulere på mens dei les...eg for min del sit att med ein god del spørsmål, så viss det var ein del av forfattaren si meining, så har han oppnådd det han ville, iallfall her...
Har lese ein god del Mankell, men denne skuffar litt! Han skriv godt,og tidvis spennande, men denne gongen sit eg som lesar tilbake og kjenner meg litt snytt...Greier ikkje å forstå motivet for å massakrere ei heil bygd på grunn av noko som hende for 140 år sidan..At Ya Ru var psykopat er tydelig, men likevel..Nei, får riste av meg denne og finne noke meir lystelig i bokhylla..