I det siste har eg ma lese svært mange bøker som har gjort inntrykk på meg: sterke, gripande bøker som har framkalla medkjensle og engasjement. No har eg lyst til å lese noko ukomplisert, triveleg. Treng ikkje å ha noke med jul å gjere, men set pris på kvalitet. Har du eit godt tips?
Xinran: Tapte døtre .....Om kinesiske mødre som vert fråtekne døtrene sine...
"Ethvert individ kan bare leve en gang og med bare ett perspektiv. Kunst kan derimot skape andre og annerledes perspektiver."
Azar Nafisi er ei velutdanna, dyktig iransk dame! Og skrive kan ho! Å lese Lolita i Teheran er ei bok eg seint skal gløyme. I denne boka fokuserer ho på si eiga familie, sin eigen oppvekst i ein familie som strevar med konflikter på ulike plan.
Ho fortel godt om seg sjølv og foreldra - om deira gleder, frustrasjoner og sorger. Livet i familien vert sterkt påverka av revolusjon, og etterkvart eit totalitært Iran.
Innhaldet er bygt på hennar eigne erindringar, mora sine bilde og faren sine dagbøker.
Nafisi var trassig overfor mor si, ho følte seg sviken av faren sine løgner - og trass i hennar opposisjon mot dei styrande - viser ho ein sterk kjærleik til heimlandet sitt. Ei bok som gir innsikt i omveltingar - både private og nasjonale. Absolutt ei bok som kan gi refleksjon.
Enquist har eg notert meg!
"Det jeg aldri snakket om" av Azar Nafisi. Forfattaren fortel om familien sin i Teheran, både sosialt og politisk.Er ca halvveges - måtte berre lese den då eg fann den etter: "Å lese Lolita" i Teheran.....interessant å få litt kunnskap om andre kulturar
Det er hardt å kysse riset, og takke for slaget eller slåinga...Kraftig kost!
Huffameg! Den der var hard,ja....
Er så heldig å ha i bokhylla mi 12 stk bøker av Charles Dickens. Dei er i brunt "skinn", med dekorasjon i "gull" - og arka er gulna av alder. Utgivne av Dreyers forlag i 1969. Har lese dei fleire gonger. Dette er bøker vi har sett stor pris på. I tillegg har eg to bøker av nyare dato.
Kanskje: Ein må vente så lenge der er noko/nokon som ikkje er komne? Men det blir no omtrent det same som ditt forslag
Utan å vere heilt 100% sikker, så trur eg at ukomet betyr at det er noko som ikkje er kome, at noko manglar...I Nynorskordboka står det slik: ukomen el ukommen: ikkje komen; framtidig: gjestene,pengane er enno ukomne
"Jeg motsatte meg henne, men gjorde alt jeg kunne for at hun skulle legge merke til meg. En gang, jeg kan knapt ha vært sju år gammel, kastet jeg meg utfor en trapp og ned i bakgården.En annen gang, ikke så lenge etter, hørte jeg henne snakke med en venn om noen som hadde begått selvmord ved å skjære over pulsårene sine."
Azar Nafisi: Det jeg aldri snakket om
Fleire år sidan eg las denne - no vart lysta til repetisjon ganske stor......
Lesesirkel er veldig kjekt! Er så heldig å vere med i to - den eine meir aktiv enn den andre. Når vi møtest første gong om hausten, har alle med bokforslag til gode bøker, vi bestemmer demokratisk og les ca 7-8 bøker i sesongen (ca eit skuleår) Så møtest vi og diskuterer bøkene - det er nesten utrulig kor ulike oppfatningar vi kan ha av og til. (Kan føye til at vi har ein dyktig ordstyrar som passar på at alle kjem til orde - vi er ganske mange....)
Godt ord!
Må berre fortelle at eg skulle inn og kjøpe nokre fleire på lagersalget i dag (kjøpte 5 bøker for nokre dagar sidan) - I dag låg der heilt nye bøker, så eg gjekk nok litt "bananas"
Ok er den - enkelte deler er til og med bra - men det er ikkje gjennomført.
Synest innhaldet er veldig forutsigbart - og enkelte handlingar verkar oppkonstruerte. Irriterte meg også over eit klisjéfylt språk. Men - til tider var handlinga medrivande, og skildringane gode.
Er i tvil om karakter, men på grunn av språket og ujamnt innhald, endar eg nok på ein svært svak 4.
Krystallslottet av Jeannette Walls - 303 sider sjølvbiografisk
Den boka som har gjort absolutt størst inntrykk i seinare tid er "Balansekunst"."Shantaram" gløymer eg ikkje heller så lett lett.Ellers så har eg hatt mange gode opplevingar med bøker - så mange eg kunne ha nemnt her; men ei av dei eg har lese mange gonger - og ler like godt kvar gong er: "Et forargelsens hus" av Gabriel Chevallier
Om tida også tok Til siste rest din skatt, Og av all eigedom er berre to brød att: Sel eitt for liten peng, Bruk den til liljer, sjela treng.