Vakkert!
Har ein god del bøker som framkallar høg latter her i huset ( men, humor er så mangt - det er ikkje alle som ler av det same som meg) Har ledd godt av bøkene til Kjell Aukrust,"Klokken i Makedonia" hadde visse morsomme moment, og det same med "Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant." Men den boka eg har mora meg mest med (rett nok nokre år sidan eg las den no), er "Et forargelsens hus."
Er faktisk litt imponert over at det er mulig å skrive ei bok om ved - og at det blir ein best-seljar!
Med unntak av dei siste par åra, så har vi alltid hatt vedomn i huset; no saknar eg av og til - men berre av og til - varmen frå vedomnen....Veden derimot, har eg ikkje sakna....
Har dessverre ikkje det...har vore borti litt, reint sporadisk ved språkopplæring, trur eg..Men sidan eg kan ein del spansk,så kan eg sjå litt likskapar..
Går ut frå at det er latin? Har du i så fall ei latinsk utgåve? Eg for min del har berre bokmåls - og nynorskutgåver...
Utruleg nok: Eg forstår det sånn omtrent!
For nokre år sidan las eg Et år i Provence av Peter Mayle - ei lettlesen bok som eg kosa meg med. Såg derfor fram til denne. Må nok tilstå at eg sit att med blanda kjensler.
Nokre kapittel var fornøyelege: om dei skarpaste ostane, dei sjeldne trøflane - om korleis lage ein perfekt omelett, om froskelårfestival. Han greier å skildre gastronomiske opplevingar i ulike deler av Frankrike slik at ein nesten får vatn i munnen ( sjølv om froskelår aldeles ikkje står på mi liste....)
Men - etter vel halvlesen bok vart eg litt lei av mat og vinsmaking, sjølv om han varierer både råstoff, kulinariske rettar og ikkje minst: mange ulike festivalar og landsbyar.
Har bestemt meg for å "spare" dei tre siste kap til kveldslektyre - ein gong eg er i beit.... Terningkast: sterkt i tvil, kanskje noko midt på treet?
Jeg liker kuer. Det er noe veldig beroligende ved dem. Det er sjelden man ser at de skynder seg. På litt avstand utstråler de sinnsro, langsomme bevegelser, viftende haler, fredsommelige og pittoreske. På nært hold legger du merke til deres øyevipper, kjevenes jevne, ovale bevegelser mens de tygger drøv, og det faktum at de er innkapslet i gjørme fra brystet til hovene.
Det er, blir det sagt, flere oster i Frankrike enn det er dager i et år - enhver tekstur, fra smuldrende til nesten flytende, alle nyanser i aroma, fra barberbladskarp til fløtens fine mildhet - oster fra kuer, geiter og søyer, oster krydret med urter, oster stikkende av pepper, marinert i olivenolje, modnet på senger av strå.
Her hadde du utruleg mange muligheiter med fisk! Eg har berre ei av bøkene på lista di: Den store sjømatkokeboka. Og viss eg greier å bruke det meste der, så er det fleire enn eg som blir fornøgd!
Dette var ikkje lett, men trur det må bli slik:
..(men likar også godt Falkberget + fleire av dei nyare norske forfattarane)
Trur ikkje du vil angre på det. Eg for min del likar å ta litt lettare - og ikkje minst kortare - innimellom.
"Balansekunst" er ei sterk bok - ei bok ein vert fengsla av på godt og vondt. "Shantaram" er også ei bok som gjer inntrykk. Har lese "Lesesirkelen" for nokre år sidan - ok...synest eg å huske..Forføreren står i bokhylla, har ikkje "manna" meg opp til den enno...Lukke til!
Sånn er det, dei fleste vil sørge for seg og sitt!
Ein del å gle seg til der, ser eg, og trur eit par står på leselista mi også....
No fekk eg verkeleg inspirasjon til å starte på "Austerlitz"........
Jammen mykje å gle seg til i lista di! :-)
Takk for tips!
Eit tilfeldig besøk på ein brukthandel resulterte i eit fullt nett med bøker - 19 stk - til NOK 40,00 Kjekt!
Skal gjere det, men det må bli seinare....jobb i morgon, så no skal eg vidare i De Niros spill, sjølv og tvilar sterkt på at det er så veldig søvnframkallande sengelektyre