Eg kvistrar ditt namn

Eg kvistrar ditt namn i den store natt.
Det er alt eg eig.
Det er alt det lys eg veit om i natt,
eg tenner det no, ditt namn, ditt namn.
Men natta er mørk som før.

Mitt sinn er ein loge avdi du er til
- er til, men er ikkje her -
og blodet ein blome, heit og still,
utsprungen fullt i natt
til fåfengt å ange, for ingen.

Ustanseleg gir eg, berre med det at eg er,
mitt sinns lys, mitt blods eld
til natta aleine.
Men natta er kald som før.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Vakkert!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Var med i denne "konkurransen". Det var Hilde S som spurte hvem som hadde diktet dette diktet, vel å merke bare det 2. verset var oppgitt. Da ikke var Olav H. Hauge så måtte det være Halldis Moren Vesaas. Så jeg bladde til finger stanset på Eg kvistrar ditt namn fra Diktsamling: Lykkelege hender, 1936.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tone HTone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild Sritaoline