Dette vart nok dessverre ikkje så mykje glede, for meg, snarare irritiasjon.

Første halvdelen(ca) var ok, syntest eg fekk klargjort ein del frå boka - medan resten vart eit einaste stort ork. Eg vart så opphengt i dei usannsynleg lange setningane, at eg ikkje greidde å få med meg kva han eigentlig prøvde å formidle.( Ser at han er kjend for å bruke skrivestilen stream of consciousness, men det vart for uklart for meg.) Nokre setningar- eller nærare heile avsnitt - har så mange "input" at det er vanskeleg å halde fokus.

Så derfor har eg spurt meg sjølv: Kva målgruppe kan boka vere meint for?

Eg tillet meg derfor å skrive har lest, sjølv om eg har skumlese litt, og heilt sikkert har hoppa over 20-30 sider..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er veldig fornøgd med å ha denne boka på vent no,ja!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så har eg avslutta Første bok - for meg vart det ei blanding av latter, undring og litt strev. Mange morsomme situasjonar og fantastiske!! bilde, men også lange sekvensar som var krevande. Men at det gir meg noko verdifullt, DET er utan tvil.Skal også avslutte Don Quijote I-En litterær forestilling av Morten Claussen før eg gir meg i kast med andre del. Har forstått det slik at den er litt annleis?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Boka har stått i bokhylla i lange tider, men var ok no då eg er i gang med litt meir krevande stoff. Frå før kjende eg berre til Varg Veum av Staalesen og Cato Isaksen av Lindell. Trur dei norske krimforfattarane har vorte vekkprioriterte til fordel for svenske, engelske...med unntak av Jo Nesbø,då..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lettlesen og lettgløymt samling av krimnoveller, av kjende norske forfattarar - men greitt nok som motvekt til tyngre lesestoff...Det som var mest interessant var den ulike språk- og skrivestilen hos dei ulike forfattarane. Og så var det interessant å møte Kolbjørn Hauge, med den pietistiske og israelsvennlige lensmannsbetjenten Petter Eliassen - han er heilt ny for meg......og med krim på nynorsk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det der treng kanskje litt tolking? Den som bygger stort(les dyrt), kan fort verte blakk, ha for lite.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tiden er en utålmodig gjest. Be den til bords og den nekter å sette seg. Legg den i sengen din og den reiser seg og setter seg på stolen. Lukk døren og Tiden åpner den og går.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Et menneske lever bare ett liv på denne jord. Gjennom bøkene lever mennesket mange liv.

Tom Kristensen

God Påske!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eit tjukt skinnmerke- med gullskrift, kjøpt i St. Martin in the Fields, London. Ei kjær gåve! Av mine mange flotte bokmerke, er dette favoritten!

Brettar sjeldan eseløyrer, - om eg manglar eit bokmerke der og då, kan eg bruke kva som helst: eit sjokoladepapir, eit hjørne frå ei avis....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viss lesefarta mi ikkje skulle auke dramatisk, så får eg ei påske i selskap med Don Quijote! + kanskje litt til! Bokhylla er nær, så det blir litt elle melle...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Språk og ikkje minst språkstrid engasjerer, og språkutvikling er interessant! Spennande! Men sjølv om dei to skriftspråka har meir fellestrekk no enn før, så er det nok ei stund til vi får en sammenslutning

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I mi bokhylle fann eg Lærer,n av Frank McCourt, Læraren av Garborg, og så den kjempetragiske Gift av Aleksander Kielland. Kanskje noko av dette kan vere til nytte? (+ To Sir with love som du fekk anbefalt lenger nede)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for tipset! Skal legge den til på ønskelista til Etter årets prosjekt! Reknar med at eg treng eit par veker....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er midt ( dvs vel 200 s) inne den virkelige don Quijote + les også eit forklarande essay om boka. Kanskje kan denne vere flott som "kremtoppen" på leseprosjektet mitt? Ei bok eg bør ønske meg,rett og slett?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er i gang med begge bøkene - men dette kjem til å ta tid. Blar tilbake, les omatt - ler, og lurer på både det eine og det andre. Her er det mykje å ta fatt i.

Har eg fatta det rett når eg forstår at begrepet "Å sloss mot vindmøller" kjem frå don Quijote? Boka er jo så fullspekka av gode formuleringar og bilde, at iallfall eg må ta tida til hjelp for å fordøye alt.

Hadde forresten gløymt alle bokbåla som brann i Europa på den tida. Nesten utrulig at dei greidde å ta vare på eksemplar for ettertida.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har aldri tenkt på det før, men ser at eg las ca ei bok i veka i 2011. (....og når eg då ser på alle "skal lese" bøkene mine, så treng eg ikkje skaffe meg meir lesestoff dei neste to åra....og viss eg legg til alle eg burde, så....Eg burde faktisk berre kose meg med dei eg har i hylla i uoverskuelig framtid!)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tenker du på "Ikke uten min datter"?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er iallfall topp (og morsom) lesing! Trur ikkje at eg kan sitte ute med Cervantesboka, sidan eg ler slik.....eg må ta iallfall den innandørs! God lesehelg, Kirsten!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Synest også at denne sida betyr ein "forskjell" - har fått så mange gode boktips her inne - og mange gode opplevingar som er kjekt å kunne dele med andre interesserte. :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg vet ikke hvilke bøker jeg har mest nytte av: de som holder meg våken om natten, eller de som får meg til å sovne.

Benjamin Disraeli

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sist sett

Harald KTonje-Elisabeth StørkersenAlice NordliElisabeth SveeStig TEivind  VaksvikTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikHilde H HelsethLars MæhlumMarit AamdalTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestBente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterSynnøve H HoelBjørg L.BenteNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldBeathe SolbergIna Elisabeth Bøgh VigreJulie StensethMarenGitte FurusethBerit R