Det spesielle ved dette lange essayet er at forfattaren tek utgangspunkt i omgrepet "forestilling som bevissthetsakt og iscenesettelse". Dette er inngåande nærlesing - som det er nødvendig å nyte i langdrag og ta fram fleire gonger. Men ein slik nødvendig repetisjon vil bli ei glede!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Dette vart nok dessverre ikkje så mykje glede, for meg, snarare irritiasjon.

Første halvdelen(ca) var ok, syntest eg fekk klargjort ein del frå boka - medan resten vart eit einaste stort ork. Eg vart så opphengt i dei usannsynleg lange setningane, at eg ikkje greidde å få med meg kva han eigentlig prøvde å formidle.( Ser at han er kjend for å bruke skrivestilen stream of consciousness, men det vart for uklart for meg.) Nokre setningar- eller nærare heile avsnitt - har så mange "input" at det er vanskeleg å halde fokus.

Så derfor har eg spurt meg sjølv: Kva målgruppe kan boka vere meint for?

Eg tillet meg derfor å skrive har lest, sjølv om eg har skumlese litt, og heilt sikkert har hoppa over 20-30 sider..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg skal lese boka ein gong til når eg er ferdig med denne omgangen med Cervantes' Don Quijote, så får vi sjå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I eit anfall av entusiasme bestilte eg denne boka i dag - men er litt usikker på korleis eg skal bruke den. Er det lurt å lese i den samtidig med hovudboka, eller bør eg vente til etterpå, eller?? Tek gjerne imot tips. ( I tillegg til entusiasmen, så kosta den berre 49..)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Claussen følgjer, så vidt eg kan hugse, utferdene til don Quijote i den rekkjefølgja som vi finn i romanen. Det kan nok vere lurt å ta bøkene parallelt. Når eg nå snart blir ferdig med andre bindet av Don Quijote att, har eg tenkt å lese Clausen på ny.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er i gang med begge bøkene - men dette kjem til å ta tid. Blar tilbake, les omatt - ler, og lurer på både det eine og det andre. Her er det mykje å ta fatt i.

Har eg fatta det rett når eg forstår at begrepet "Å sloss mot vindmøller" kjem frå don Quijote? Boka er jo så fullspekka av gode formuleringar og bilde, at iallfall eg må ta tida til hjelp for å fordøye alt.

Hadde forresten gløymt alle bokbåla som brann i Europa på den tida. Nesten utrulig at dei greidde å ta vare på eksemplar for ettertida.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, det er slik du lyt lese bøkene, ja. Ja, uttrykket "slåst mot vindmøller" stammar frå Don Quijote, men ordtaka til Sancho Panza har for det aller meste røter i tradisjonen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

gretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KEllen E. MartolPiippokattaReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine SundalHilde Aa