Kanskje dei ville like bøkene om Markus av Klaus Hagerup? Veit at dei var godt likte av elevar i ungdomsskulealder i si tid...Ellers så har bøkene om Adrian Mole av Sue Townsend, eller dei av Mark Twain tidlegare fenga mange, både barn og vaksne -så dei kan kanskje fenge også ungdom av i dag.
Uansett, håper du får fine stunder saman med jentene. Lukke til med bokvalet!i

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Metall ruster og fortæres, stein smuldrer hen, kongekapper blir spist av møll, men etter fire århundrer er en trykt side like ren, frisk og leselig som da den var ny.

F.W. MacDonald

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Fann denne i ein "byttekrok" på eit hotell.....heilt grei som tidsfordriv på reisefot.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for det, Kirsten! Må nok innrømme at den boka eg hadde med ikkje var av dei lettaste å lese.Brukte uvanleg lang tid på boka til J.L. Sampedro. Hadde også med eit par andre bøker(bruktbutikkbøker) som ikkje var det heilt store. Dei vart lagt igjen på hotellet.(Dei hadde forresten ei fin samling med bøker der, slik at ein kunne bytte. Der fann eg Bunnfall av Jørn Lier Horst som var passe lettlest på bråkete flyreise. -Og...sidan eg har ein god del ferie att, så har eg leita fram litt meir krim: Beretningen om Herr Roos av Håkan Nesser.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Må nesten fortelle at eg i går kveld var så heldig at eg fekk delta på opninga av Dei nynorske festspela i Aasen-tunet.(Nynorsk kultursenter ligg på garden der Ivar Aasen var fødd). Det var ei fin stund i fantastisk flott sommarver, og Arild Rise og Ingvild Bryn fekk prisen som årets nynorskbrukarar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Hva gjør du hele tiden?", spør alltid folk når jeg forteller at jeg har overvintret i utlandet. Det er ingen som spør hva jeg gjør hjemme. Det er faktisk fullt lovlig å bare bo, sitte i solen, lese bøker, gå noen turer, se venner og ta en tur på byen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

No ser eg at boka vart utgitt i 1974 - men sjølv då var ikkje nokre av dei orda du nemner vanlege - eg forstår dei iallfall ikkje, trass i at eg er nynorskbrukar og snakkar tilnærma nynorsk.

Det er ikkje rart at mange skyggar unna nynorske bøker når språket er utilgjengeleg, nesten berre for spesielt interesserte!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Artig "gjensyn" med Agatha Christie....Må tilstå at eg har mora meg litt over den "godeste" Hercule Poirot, han framstår nesten som ein sosialkurator i sin omgang med dei meir eller mindre hovne medpassasjerane som reiser på Nilen.(...forøvrig eit spennande reisemål som vi får vite minimalt om..jaja..)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

For meg hadde en dansk frokost aldri vært annet enn et koldtbord med varmretter, og jeg ante ikke at det fantes et rituale for hvordan man skulle spise seg gjennom rettene. Jeg begynte derfor friskt med en blanding av leverpostei og bacon, en bit salami og et par sildebiter på samme tallerken.Øystein hevet øyebrynene og grøsset over min mangelfulle respekt og oppdragelse, og ba meg sette tallerkenen til side og følge hans eksempel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

På dette sted begravdes lørdag den 27. juli 1889 linedanserinden Hedvig Jensen, bedre kjendt som Elvira Madigan og den svenske løjtnant Sixten Sparre. Begravelsen blev forrettet av sognepræst Wilhelm Schouboe i nærvær av et stort følge.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg fullførte faktisk, men berre fordi eg har fått boka i gåve av ein god venn. Synest at Samartin sine bøker fenger mindre og mindre - likte rimelig bra Drømmehjerte og Salvadoreña, men så greier eg ikkje å engasjere meg så veldig i dei andre. Synd!

Eg likar stort sett bøkene til Allende godt, både innhald og språk gjer innhaldet fengande og truverdig! Mellom anna er Åndenes hus ei bok eg har lese fleire gonger, ei av hennar betre, etter mi meining.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Brudulje(r) i Bergen

KleenDeal - En røverhistorie

"Inneholder: Råtten frukt, svarte penger og slett moral"

Ser ikkje heilt bort frå at kjennskap til Bergen og bergenserar er eit pluss ved lesing av denne boka. Mi mormor var halvt bergenser, så det kan ha vore medverkande til at eg har storkosa meg med boka som er eit oppkome av det reinaste TØV! I tillegg har eg litt over middels kjennskap til meir eller mindre avdanka rockemusikarar, og er interessert i miljøvern - det hjelper også til!

Persongalleriet er fullspekka med fullmodne karikaturar, for å bruke litt av fruktterminologien i boka. På vaskeseddelen bake på boka kan vi ma lese fylgjande:

Møt Kåre Iversen og Kokken Tor - den ene fruktgrossist og den andre kommunalt ansatt kokk - i en hverdag preget av lysskye forretninger og penger under bordet. Konkurransen i bransjen er hard, og de pønsker ut en plan som involverer falske økologiske matvarer for å holde seg flytende. Plutselig har de både politiet, pressen og selveste landbruks-og matministeren i hælene, .....

Det er mulig at ein treng ein god porsjon humoristisk sans, og at ein har evna til å "høyre" ein bergenser "lese" medan ein les, for at boka skal gi ei morsom stund? Eg har iallfall mora meg kostelig over alt sludder og vås, så eg trur eg står inne for terningkast fem

Og om du skulle våge deg på, så seier eg som forfattaren: God fornøyelse!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Omtrent samtidig som Victor Hansen ble stedt til hvile i et skikkelig møkkavær langt mot nord, satt Axel Maurer på hotellrommet sitt i Sunny Beach og forsøkte etter beste evne å smøre ryggen inn med solkrem. Det hadde absolutt sine ulemper å dra på sydenferie uten reisefølge, konstaterte han.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Fullførte boka i går - på jonsokaftan. For meg er dette ei bok som vil sitte i kroppen lenge. Eg er vanlegvis ikkje lettrørt, men her kjende eg tårene pressa på - lesepauser vart nødvendige. Og det trass i at innhaldet ikkje var overraskande; eg er godt kjend med krigshistorie og krigslitteratur.

Nazismen som system er kald og grusom, og avlar kalde, kyniske menneske. Menneskeverdet tel ikkje, straffa for den aller minste motstand mot systemet er fatal, det er frykta og valden som styrer.

Anna og Otto Quangel - to ubetydelege personar som har mist sin einaste son - utfører sin stille motstand mot regimet ved å legge ut postkort på stader der folk ferdast. Det er deira måte å få tilbake sitt eige menneskeverd på.

Eg sluttar meg til det Knut Rage skriv ovanfor her: Dette er sterkt,gripande! Eg blir reint fortvila på vegner av mennesket - Korleis er det mulig at ein leiar og eit politisk system kan ta bort evna til sjølvstendig tenking, til å ta bort evna til empati, medkjensle? Eg må også tilføye at eg under "rettsbehandlinga" av ekteparet opplevde eg parallellar til Kafka og Prosessen - absurd!

Nokre språklege minus såg eg, men likevel er eg ikkje i tvil om at frå meg får denne terningkast seks. ( Ser ikkje bort frå at eg kjem til å lese meir av Fallada)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Er enig i at innbundne bøker er førstevalet - men på reise er det absolutt ein fordel med pocketutgåver. Ein treng ma ikkje vere så redd for å få solkrem og sand i boka.

Ser at heile bokbransjen er i endring - at det blir færre sjølvstendige bokhandlar, at utvalet er smalare i kjedebutikkane, at innbindinga over år har endra seg. Men, framleis kan ein finne den gode teksten som gir den intense, gode leseopplevinga.

Ha ein god sommar, gretemor,håper du får mange gode lesestunder i solveggen!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gamal vane er vond å venda.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Qué pena! Haha....meinte det nok som eit inkluderande "du", men elles kan eg berre sei at det er kjekt med spansk. Prøver å lese litt spansk litteratur no og då for å utvide ordforrådet....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sidan feriekofferten snart skal pakkast - så er det pocket som er alternativet - og sidan vi skal vere eit par veker i eit solfylt!! og varmt spansktalande land, så er La senda del drago av José Luis Sampedro utvalt som reiselektyre.(Sjølv om dette er heilt ukjent forfattar for meg).

Har også tenkt å supplere mitt svært avgrensa lager av spanske bøker - så om du har eit TIPS, tek eg imot med takk!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Godt sagt! Spesielt dei to første har vore med på å "trigge " leselysta - ikkje berre hos meg - men hos fleire i nær familie!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Lukten av angiveri hang i luften. Ingen kunne stole på andre, og i denne forferdelige atmosfæren virket det som folk ble stadig mer avstumpet og etter hvert bare ble til deler av maskinene de betjente.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

BenteTanteMamieBente NogvaNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldStig TBeathe SolbergDemeterIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaKirsten LundJulie StensethMarenGitte FurusethBerit RSolveigTorill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinTherese HolmBjørg Marit TinholtSolKarina HillestadAnneWangIngvild SRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandmarithcEster SIreneleserHedvigGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  Skage