Dette var ei av dei bøkene eg hadde tenkt kunne passe til advent...... heilt til eg oppfatta at den ikkje hadde noko med jula å gjere. Men, den var iallfall ei sjarmerande motvekt til dei meir krevande bøkene eg nettopp har lese! Er enig i at det er ei bok med lun humor, enkel og lettlest. (Såpass lettlest at eg kunne lese medan eg steikte vafler til søndagskaffien - ikkje dumt, sidan vafler er i fokus rett som det er....)
Heilt i starten fekk eg assosiasjonar til ein skulestil, men det tok seg godt opp utover. Likte godt overskriftene til kvart kapittel, og at Helge såg ut til å verte litt meir sosial og sjølvstendig etterkvart. Dei tidlege samtalene med katten hadde og også sansen for. Men - dei siste 50 sidene hadde eg nok venta meg litt meir av. Om eg i det heile skal sjå noko meining i avslutninga, så vert det kanskje å sjå på det som ein allusjon? til Don Quijote - og hans håplause kamp mot vindmøller.
Hadde tenkt å slå terningen til 4, men trur eg landar på tre pluss.
Å høre navnet
På en så kjær
Lyser det opp med en Glød
Så flyktig - så nær
Som Solnedgang på Sne -
...Zaohua og jeg gråt også, men ikke mor. Øynene fikk et blåskjær når hun bet seg i overleppen for å få styrke. Hun beveget seg forsiktig, men med mot, og en vilje av stål.
Har brukt over gjennomsnittlig lang tid på boka. 573 sider fylte med personlege tragedier - fletta inn i politiske og historiske hendingar i Kina i frå ca 1900 og fram til moderne tid. Når eg i tillegg opplevde språket som til dels rått og overtydelig, så vart ikkje dette så enkelt å forholde seg til i haustmørket.
Historia startar med at sterke, tøffe mor Shangguan Lu (som baby) vert funnen i ei tønne mjøl etter drapet på foreldra. Hennar oppvekst hos tante og onkel er stort sett ok, når vi ser bort frå dei umenneskelege smertene ved snøringa av føtene! Ein forferdelig skikk!
Ho ber historia framover, gjennom tidleg bortgifting, ein valdelig ektemann, ei grusom, umenneskelig svigermor, mange barnefødslar - der den eine meir uønskte jenta etter den andre vert fødd - til ho tilslutt føder ein gut; Jintong. Men, medan jentene må verte tøffe for å greie seg, er den einaste guten ei svak sjel, han kan berre overleve på brystmelk...i årevis.
I meir enn halvparten av boka vert historia fortalt gjennom Jintong. På eit merkelig vis skiftar han mellom "jeg" og "han"....veit ikkje om eg forstod denne skiftinga av synsvinkel.? Vi følgjer familien Shangguan gjennom krig, opprør, revolusjon, svolt og personlege menneskelege tragedier. Kvinnebrystet er sentralt i heile romanen, der er innslag av sinnsjukdom, nekrofili, vald og død - fortalt på ein måte som overlet lite til fantasien. Og, der er flust av både gode og meir uvanlige språklige bilde:
Hun sto, som når to elskende møtes, foran ham, atskilt bare av en vindusrute der regndråper skled ned den ene siden, som tårer. Hun smilte, og åpenbarte to smilehull som alderen hadde gjort om til rynker. Selv gjennom glasset kunne han kjenne lukten av den sure enkepusten hennes, noe som sendte bølger av sympati buldrende inn i hjertet hans.
Eg er glad eg er ferdig, og veit ikkje om eg kjem til å lese meir av same forfattar, iallfall ikkje no. Eg forstår at tildelinga av Nobelprisen er omdiskutert, sjølv om eg berre baserer det på denne eine boka. Men- det at han set søkelyset på viktige historiske hendingar, negativt kvinnesyn, og kjem med velretta samfunnskritikk i romanen, gjer at eg kanskje må gi kar fem ?
Takk for god - og interessant oppklaring til Per Kristian og Ava....var nok litt rask og utolmodig sidan eg ikkje fann det ut. Bokelskere er lærerikt!
Har ikkje mange sider igjen no, men det tek tid både å lese og fordøye....svært brutalt innhald! Men, noko som i tillegg gjer det tidkrevande, er språket og omsetjingane. Funderer ma på: Kva er ein KANG?? Er det ein slags sengebenk, eller? Har søkt det opp på nettet og i leksikon, men finn det ikkje. Teksten inneheld elles fleire ord som ligg langt utanfor mitt vokabular....
Reagerte også på ein lyrisk tekst, med mix av bokmål og nynorsk:
v2:
No livnar det i lundar, no stråler sola flott
og fattigfolket frydes - de kjenner den så godt
osv s 368
Huff!
Denne helga har vore dominert av Mo Yan og hans Store bryster og brede hofter. Det er ikkje akkurat lystelig lesing, heller brutalt og vondt, sjølv om både satiren og dei gode bilda er der.... Hadde hatt bruk for noko meir fornøyelig no, så om eg orkar å fullføre - det får tida vise:-)
Trur ikkje det, mi utgåve er frå 2003....
Sima Kus tre koner hadde gått gjennom alle slags kjerringråd og samlet alt de hadde av medisiner for å behandle den forbrente og frostbitte rumpa til mannen de delte. Kone nummer en satte først på et plaster som kone nummer to fjernet for å gni området inn med en mikstur av et dusin sjeldne medisinske urter. Kone nummer tre dekket det så med et pulver laget av knust furu- og sypressnåler, kristtornrot, eggehviter og tørkede værhår fra mus. Sånn holdt de på.
DET ER LANGT MELLOM VENNER
Det er langt mellom venner.
Mellom venner står mange bekjentskaper
og mye snakk.
Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.
Kolbein Falkeid
Xuan'er hadde vært gift i tre år og ennå ikke født et barn. Svigermoren raste mot familiens rugehøne. "Det eneste du gjør er å spise, og ennå har du ikke lagt et eneste egg". Hun la ikke skjul på hva hun mente.
Ser at boka kom ut i år 2000, og eg har aldri hørt om den før! Men, viss meininga var å få fleire interesserte??? så vart iallfall eg nysgjerrig.....Har høyrt om Samfunnet i Egersund
Hmm, vart nysgjerrig no,ja....
Såg filmen for mange år tilbake, og det var ein av grunnane til at boka vart ståande uopna - innhaldet vart for krevande. Er glad for at eg er gjennom no - Ei sterk oppleving! Har også Den franske løytnants kvinne ulest i bokhylla, så den får eg ta ein annan gong....
Fysisk utmattande lesing....Boka har stått uopna i hyllene lenge, og det har det vore ein grunn til! Sjølv ein strålande, vakker haustdag kan ikkje ta bort uhyggen sånn med det same. Den einaste trøysta er sitatet på siste sida i boka (bøkene):
Under den kalde sand drømte jeg om om døden / men våknet ved daggry og så / den vakre, den klare morgenstjerne.
Vi er i New York/ Brooklyn i 1947 - og i Polen /Krakow og Auschwitz og Birkenau i åra under den 2. verdskrigen. Hovudpersonane er desse tre: Nathan, amerikansk jøde, Sofie - polsk katolikk som kjem til New York etter krigen, og sørstatsmannen og forfattaren Stingo. Forteljarstemmene varierer, både i innhald og intensitet, også forfattaren,W. Styron, er "synlig"...
Historia snirklar seg fram ved desse tre, sakte, sakte og meir og meir intenst grip det tragiske inn, og gjennom mange digresjonar, både trivielle og vonde situasjonar, ved mange frampeik om umenneskelige påkjenningar vert det grufulle avslørt meir og meir....
Boka er full av kontrastar: Rikelige mengder av erotikk, umetta begjær og sensualitet - i motsetning til det rå, brutale og umenneskelege,....... kjærleik, venskap og omtanke som ikkje er i stand til å bekjempe / overvinne vald, sjalusi og fornedring,løgn og fornekting......Og nazismen i all si gru!
Terningkast vert uaktuelt .....
Sofies valg av William Styron har prega heile helga. Sterk kost!
Godt ord på første vinterdagen......og dei fleste hos oss har nok kle til å halde kulden ute - slik er det ikkje hos alle, dessverre!
Mi utgåve av boka har stått uopna i bokhylla i mange, mange år...Eg har rett og slett ikkje orka å lese den. Huskar altfor godt filmen...No har eg bestemt meg for at det er ei for god bok til at eg kan unnvike det lenger. Men - må innrømme at eg les med svært blanda kjensler!
Så falt jeg igjen i søvn, bare for å våkne med et rykk ved daggry, i den dødsstille timen, med hamrende hjerte og et isnende grøss, mens jeg stirret opp i taket hvor Sofie sov, og med drømmerens skarpe klarhet forsto at hun var dødsdømt.
Kalk hadde mange gonger svore at han aldri skulle gå til advokat eller hamna i rettssak. Likevel sat han nå framfor ein representant for yrket, ein resirkulert austlending i førti-femti åra med bleikt, stripa hår, kledd i ein dress som truleg kosta det same som månadsløna til ein lærar.