Café Gibraltar

58° 26.73' N 05° 59.54' E

notat til ei stolen forteljing

roman

av (forfatter).

Wigestrand 2011 Innbundet

4 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Norsklærar Kalk blir sagt opp etter ein valdsepisode på skulen. Samstundes raknar ekteskapet hans, men ei mystisk kvinne gjev han jobb som vaktmeister på ein nedlagd sildoljefabrikk. Her får han eit kriminalmysterium i fanget, og han legg ut på ei ferd frå ein liten norsk kystby til Hebridane og Cuba.

Omtale fra forlaget

Jon O. Lorentzens andre roman, Café Gibraltar, er ei kinesisk eske av ein roman, ei forteljing om draum, dikt og røyndom, erkjenning, originalitet og identitet, skriven fram med stort kunstnarisk og intellektuelt overskot, og med mellom anna Shakespeare, Rolling Stones og Led Zeppelin som resonansbotn, der lesaren heile tida blir tvungen til å korrigera si eiga oppfatning av røynda for å greia hengja med i svingane. Etter ein valdsepisode på skulen får norsklæraren Aristoteles Kalk avskjed på grått papir. Samstundes raknar ekteskapet. Kalk forlèt det gamle livet sitt. Ei mystisk femme fatale gjev han jobb som vaktmeister på ein nedlagd sildoljefabrikk. Her ser Kalk for seg at han endeleg skal få ro til å fullføra romanen som han har arbeidd med så lenge. I staden får han eit kriminalmysterium i fanget. Dette er opptakten til ei svært spenstig, original og humørfylt ferd frå ein mindre norsk kystby til Hebridane og Cuba, ei ferd der mellom anna det faste klientellet på Café Gibraltar og forfattaren Richard Brautigan har viktige biroller. Teksten utvidar seg nærast organisk i to parallelle univers og arbeider seg labyrintisk stadig djupare mot den endelege løysinga på gåta. Jon O. Lorentzen er filolog og bur og underviser i språk i Egersund. Han har mastergrad i spansk litteratur frå University of California. Lorentzen debuterte med romanen Den symmetriske tvillingen i 2004. I 2008 ga han ut diktboka Med stjerneskrift, gjendikting frå spansk av eit utval dikt av den kubanske nasjonaldiktaren José Martí.

Bokdetaljer

Forlag Wigestrand

Utgivelsesår 2011

Format Innbundet

ISBN13 9788281401013

EAN 9788281401013

Språk Nynorsk

Sider 305

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Merkverdig bok.........

Dette er ein av dei mest uvanlege leseopplevingane eg har hatt på lenge. Eg måtte verkeleg konsentrere meg i deler av boka, og likevel veit eg ikkje om eg forstod alt. Eg opplevde den som både fornøyelig og irriterande......

Norsklæraren Aristoteles Kalk får avskjed på grått papir etter ein valdsepisode på skulen, noko som får fatale følgjer, og han må skape seg eit heilt nytt tilvere. Ekteskapet raknar, han får jobb på ein aude, nedlagd sildoljefabrikk - og har planar om å få tid til å fullføre ein uferdig roman. Men, - mystiske personar, og mystiske hendingar fører til mange lange reiser og uventa krumspring , litt for mange til at det kunne vere truverdig, men det var kanskje ikkje meininga?
Parallellt fylgjer vi ein EG-person som eg må tilstå eg ikkje heilt forstod kven var, som også vart vikla inn i meir eller mindre vanvittige hendingar....

Pluss:- mange gode og ikkje minst uvanlege språklege bilete og skildringar, spesielt likte eg godt miljøskildringane frå Cuba - og trur også eg kunne kjenne att litt miljøet frå Egersund (har ein link til desse stadene). For meg var det desse som gjorde at eg ikkje avbraut.

Minus: - Det som drog ned for meg var også skildringar, litt for mange overdrivne, "eplekjekke" skildringar av folk og stader + situasjonar. Ordbruken vart for meg vulgær i ein del tilfelle, litt for mange, faktisk. Eg tok meg i å tenke at korrekturlesaren gjerne kunne ha gjort ein betre jobb! Begynte også å ergre meg over mange! skildringar med som:
- Den metalliske røysta hennar frå telefonrøyret gjentok seg som eit kontinuerlig ekko......
- Litlefyren blinka regelmessig som ein einauga kyklop ...........
- Bygningane kom snart til å ramla saman som ein kortstokk av bølgjeblekk..... osv osv

Om det er forfattaren, eller Kalk som totalt mislikar slips og slipsknutar, advokatar og kvite dukar veit eg ikkje, men dei får iallfall sentral plass i boka, i tillegg til mange sosiale og politiske sleivspark til det etablerte samfunnet...
Karakter er eg svært usikker på, tre pluss, kanskje?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Klokkene slutta å ringe, og han var med eitt tilbake i det kvelande klasseromet! Framfor dei flirande ansikta han knapt visste kven var. Kor lenge hadde dei ringt? Heile livet eller eit sekund? Tida fanst ikkje, ho hadde stansa, og han hadde levd eit heilt liv i tomromet ho etterlet seg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kalk hadde mange gonger svore at han aldri skulle gå til advokat eller hamna i rettssak. Likevel sat han nå framfor ein representant for yrket, ein resirkulert austlending i førti-femti åra med bleikt, stripa hår, kledd i ein dress som truleg kosta det same som månadsløna til ein lærar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

I hyllene mine finst der ein del bøker som nesten - men berre nesten - eg er åleine om å ha. Lurer ofte på kvifor.....Og nokre av dei burde kanskje fleire hatt gleda av??


Godt sagt! (6) Varsle Svar