Er enig i at Plogjernet er meir dyster enn An-Magritt! Synest han greier å få fram det nedrige mennesket, men også livsvilje og styrke. Synest også at Hedstrøm framstår som meir okkult?
Det kan kanskje vere ei årsak at det er nokre år mellom bøkene.......
Den skolerte latiner i Kammertjenerens sold ville altså få rett. An-Magritt ante ikke at mistanken kom til å følge henne i alle dører helt til hun senkedes ned i graven. Videre i alt minne! Hexer og skjøgers lodd! (s 186)
Er ca halvvegs i boka...
Det er deprimerande å lese om den sterke sjalusien og misunnelsen i det fattige gruvesamfunnet. Og - då som no - "folkedomstolen" som dømmer før domstolen - ein dom som ikkje slepper taket, sjølv om den saksøkte blir frikjent. Hr. Jens viser( takk og pris!) medkjensle med dei dømde, og prøver så godt han berre kan å mildne straffa.
Håper andre halvpart av boka kan vise eit litt meir positivt bilde!
Måtte slå opp i leksikon om dødsstraff i Norge - som faktisk ikkje vart avskaffa fullstendig før i 1979! Sist brukt etter krigen for krigsforbrytelsar i 1948. Sivil dødsstraff hadde vi fram til 1902 .....og på 1800-talet var avrettingane offentlege, og publikumsframmøtet stort ! Eg grøssar!
Ei vakker bok med mange flotte dikt presentert av Otto Hageberg. Han har gjort eit utval av dikt som betyr mykje for han, og som han har eit personleg forhold til. Av diktarane i boka kan eg nemne Tarjei Vesaas, Tor Jonsson, Per Lagerkvist, Olav H Hauge ...og mange fleire.
Å dikte er å vera
det vesle som ein vart
og sleppe kvite fuglar ut
i nattesvart.
Tor Jonsson
Dette er ei av dei bøkene som eg tek fram igjen og igjen, og som gir næring til tanken.
...så å skrive har lest er ikkje heilt korrekt.....
Ikke desto mindre blir italienere fortsatt litt grøtete i målet av sentimentalitet når de snakker om polenta, ikke ulikt selve retten, og får minnebilder om en sotsvart gryte og en lang tresleiv i hånden på en tante et sted oppe i nord.
Som avveksling kan denne vere midt i blinken - spesielt om ein er meir enn normalt interessert i restaurantbransjen og matlaging.
Bill Buford er ein forfattar/ redaktør som i godt vaksen alder vil lære meir om livet på kjøkkenet, og han går etterkvart heilt inn i det, blir lærling. Han skildrar det gastronomiske miljøet,både i New York og Italia.
Han skriv godt om det ganske barske hierarkiet som kjenneteiknar kjøkkenet i restaurantlivet - om alt frå oppvaskar til den øverste sjefen. Med innleving fortel han om korleis det er å vere kjøkkenslave - (Bent Stiansen seier i Forord at "Restaurantbransjen er kjent for å være en av verdens hardeste bransjer") - om alt hemmelighetskremmeriet i forhold til oppskrifter - måtar å lage og koke pasta på... ( og eg som trudde at det var enkelt!!) - og mykje meir....
Eg likte boka stort sett, sjølv om eg reknar meg som middelmådig på kjøkkenet, men siste sidene vart litt vel spesielle, avslutta med skumlesing.
Terningkast 4.
Innfallsmetoden her .....og det fungerer perfekt, som alltid!
En gang spurte jeg ham hvordan han koker egg.
"Oi,oi," sa han, "et egg er veldig viktig. Gi en kokk et egg, og det vil fortelle deg hva slags kokk han er. Et egg er krevende å koke. Man må forstå egget for å kunne koke det, særlig hvis det er et egg man vil spise."
Terningkast kan gi ein pekepinn om ei bok er verd å bruke tid på, men Ikkje alltid! Lesesmak er svært individuell, og variabel. Eg har kosa meg stort med bøker som har fått lav vurdering - og strevd med nokre av dei som har blitt lovprisa av mange.
Eg let meg iallfall ikkje skremme av lav score.
Lukke til!
KLUNGER
Rosone har dei sunge um.
Eg vil syngja om tornane
Og roti, - ho klengjer seg
hardt um berget, hard som
ei mager gjentehand.
Olav H Hauge
"Ytterst få hadde nistebrød i spannene. Kornet vokste ikke lenger. Åkrene tørket i stri vind og kaldt solskinn. Og jorden fikk knapt mer væte enn de tårer kvinner og barn gråt når de i Guds namn kastet utsæden i molden."
Sjølv om eg sit her med ein kopp god, varm te og med vannbåren varme i golvet, sit eg og kulsar i rein solidararitet med An-Magritt og dei andre oksekøyrarane. Både frost, svolt og slit tærer og tek liv.
Og meir og meir kjenner eg på harmen over det maktmisbruket som kyrkja praktiserer! Nestekjærleik er der ikkje flust av, akkurat!
Har ikkje så mange sidene igjen..... etter dette må eg finne meg noko meir lystelig før eg evt startar på neste bok.
Men - det er sjeldan eg les ei bok så fullspekka med gode, overraskande språklege bilde!
Poesi i prosa!
Å bli far er ikke vanskelig, å være far derimot er meget vanskelig.
Wilhelm Busch
En kvist fra Guds tre
Så vakker skildringa av nyperosa er - og i så sterk kontrast til det røffe, vanskelige livet i Bergstaden, der gjelda er botnlaus, der dei no står i fare for å miste alt!
Nyperosa som blomstrar utanfor veggen er så stort for Kiempen - det må vere eit signal frå Guds rike; ...den skulle vel aldri være hin tårekvist stridsmennene rykket opp i Kaifas urtegård og flettet tornekronen av - all pinens krone de satte på Jesu Kristi hode.
Har ikkje lese så langt, men innhaldet er gripande, språket er poetisk ( sjølv om ein del ord er ute av språket vårt no) - mange av dei språklige bilda er både overraskande og sterke.Religion og gudstru står sterkt, også mellom dei u-utdanna, råbarka malmkøyrarane.
Det er ikkje første gong eg les boka, likevel gjer det inntrykk.
Ikkje alle bøker er verdt å bruke tid på! Etter ca 50 sider fekk eg nok......
"Svart mamba er eigna til å utvide horisontar" (Merete R Granlund, Dag og Tid)
Eg har lese fleire bøker frå det afrikanske kontinenet, men nesten alle har vore fortalt av vestlige forfattarar. Det at denne forfattaren er frå Somalia, at ho fortel historia om sin eigen far gjer innhaldet meir "ekte" i mine auge.
Frå forord, s 9:
Jeg er min fars girot. Dette er en hyllest til ham. Jeg forteller denne historien for å forvandle min fars skinn og bein, og enhver trolldom moren hans måtte ha sydd under huden på ham, til en fortelling, til å gjøre ham til en helt. Ikke av den krigerske eller romantiske typen, men til en ekte helt - det utsultede barnet som overlever ethvert kast og slag som skjebnen utsetter det for, og som nå kan lene seg tilbake og fortelle historiene om alle de som ikke klarte seg.
Boka er ei reise i Aust-Afrika, Frå Jemen til Somaliland,Etiopia, Eritrea og innom Sudan,Egypt og Palestina - heile tida på jakt etter livsopphold, inntekt så han kan stogge svolten.
Hovudpersonen, Jama Guure Mohamed opplever at mora døyr, han sit att utan nokon nære som kan ta seg av han. I 1935, berre 10 år gammal, legg han ut på leiting etter faren som forlet dei då Jama var liten. Han har minimalt med pengar, og med berre nokre få eigedeler etter faren i ein liten koffert legg han i veg, støtta av mora sin spådom om at han vil klare seg godt, han er svart mamba.
Han møter gode medmenneske og personar som vil han vondt, han vandrar barbeint gjennom ørken,får litt skyss her og der, deltek i krigshandlingar som barnesoldat mm.....alt for å få litt, eller helst nok mat til magen.
Eg vart gripen av styrken og håpet hans, eg vart forundra over at klansystemet i det somaliske folket står så sterkt, og at det var ei direkte årsak til at han greidde seg og kom seg vidare. Eg let meg imponere av at han heldt på ein til dels høg moral, trass i at han var saman med menneske vi likar å sjå ned på.
Språkleg er nok ikkje denne av dei beste, men språket avspeglar den kulturen som vert skildra, kanskje både i setningar , og med innslag av mange ord og uttrykk frå ulike språk. (Oversettaren kommenterer heilt bake at dette ikkje var ein enkel jobb). Også innhaldsmessig er boka ujamn, det er ikkje alt som fenger like mykje. Likevel - det er ei bok eg er glad for å ha lese - kanskje min horisont er utvida litt....
Terningkast: 4
Det er vanskelig å hevne seg på noen man frykter, når alt ved dem, deres høyde, makt, eiendom og selvsikkerhet hamrer inn i deg hvor mindreverdig du er. I møtet med frykten må selv et barns forestillingsevne vike.
:-) Og eg har revurdert litt - etter å ha fått innhaldet litt meir på avstand, - og etter å ha diskutert litt både med meg sjølv og andre. Har derfor lagt til litt i min forrige kommentar.
Boka er spennande, utan tvil, sjølv om eg etterkvart syntest at innhaldet vart mindre og mindre truverdig , spesielt dei siste 100 sidene. Men, måtte jo sjå "kor det går"....Stiller meg tvilande til eit så altoppslukande hat mot eit barn, og straffemetodane til gjerningsmannen - så derfor ingen toppkarakter frå meg!
Men, kriminalinspektør Carl Mørck var forsåvidt ok, så eg les gjerne meir om han og hans litt ukonvensjonelle assistent Assad.
Lagt til 06.11: Må nok revurdere litt. Sjølv om eg under lesinga greip meg sjølv i synest det usannsylig at "Kvinnen i buret" skulle sitte der så uendelig lenge, så har vi faktisk berre no i den seinare tid eit par skrekkelige eksempel i Natascha Kampusch og for ikkje å snakke om Josef Fritzl. Uhyggelig!!
Har berre få sider igjen av Om å skrive av Stephen King. (Eit innlegg av Natalie Normann gjorde meg svært nysgjerrig på boka).
Har elles begynt på Svart mamba av Nadifa Mohamed...litt usikker på om det er ein fulltreffer for meg. Om den vert lagt tilside, står Kvinnen i buret av Adler-Olsen for tur - neste bok i lesesirkel.
God lesehelg!
Det kveldar um haust yver låge land.
Eit havbrak vaknar ved nordan-strand.
Blåkalde skyer kviler i vest.
Dagens auga sloknar og brest.
Myrane søv under tåke-feld.
Å-sus varslar i stille kveld.
Trolldom lurer i jordslags eim; -
Veslemøy hastar med smalen heim.
Eg har lyst til å vere med, sidan dette er ei gylden anledning til gjenlesing av Falkberget sine bøker. Det er synd at mine flotte bøker berre skal stå i hylla og samle støv. Så kanskje - så sant tida strekk til. ....