Hadde sett fram til denne, men etter mi meining når den ikkje opp mot Drep ikke en sangfugl. Opplevde innhaldet som litt springande - men dei avsnitta som vart sett med barneauge var gode. Den konflikten som var mellom Atticus og Jean Louise fekk ikkje så mykje fokus at det vart det berande elementet i forteljinga.
Så- eg er kanskje tilbøyeleg til å vere enig med dei som meinte at denne like gjerne kunne ha lagt i skjul som før....
Men, det vart no trass alt terningkast 3, og mange har hatt meir glede av boka enn eg :-)
Hmmmm...om det vert Buddenbrooks, så må eg av ymse grunnar stå på sidelinja...Den er litt for lang for meg i den situasjonen eg er i no ..
Hehe, Jostein....eg let meg friste av ei bok som kan framkalle litt humring og latter, kanskje...? Boka Pantagruel låg iallfall i postkassa i dag, takka vere ditt innspel!
Elles så håper eg at eg får vere med på felleslesinga, same kva bok som blir valt. Det har med tilstanden i heimen å gjere. Vi får sjå, eg har greidd det utrulige før også.
Uansett så ynskjer eg både deg og alle andre her inne ei god helg!
Mitt forslag vart litt elle-melle, men trur at Tre kamerater av Erich Maria Remarque går av med sigeren.
Boka kom ut i Tyskland i 1937, og vart forboden unde nazi -regimet.
Eg ser at dei som har lese den skryt veldig, at det er ei bok som dei les igjen og igjen, ei bok med gode skildringar, kjærleik og vennskap.
Sjølv begynte eg på den for lenge sidan, men fullførte ikkje av ein eller annan grunn. Har lenge tenkt å ta den fram, og ei felleslesing kunne kanskje ha vore tingen??
Uansett; Tre kamerater :-)
Jammen har du gjort ein kjempejobb, Jostein! Applaus og " thumbs up" frå meg :-)
Eg vart også rørt av historia! Huskar godt fiskeriministeren Jan Henry T. Olsen frå den tida han var aktiv.
Eg las boka i papirformat og i ei setting som ikkje gav rom for å dvele ved det som stod, men opplevde det som tragisk at ein dyktig mann skulle misse seg sjølv såpass tidleg i livet. Trass i ei god historie, så vart språket så enkelt at min terning landa på 3.
Eg kjem likevel til å anbefale boka vidare, den er alt avlevert til nestemann :-)
Denne helga har vore prega av kriminalitet innanfor ulike religiøse miljø når det gjeld litteratur; Med rett til å drepe av Daniel Silva. Og det seier eg, om det finst eit snev av sanning i det som vart framstilt her, så bevare meg.....
I går hadde vi ein fantastisk dag her i nordvest, kunne sitte ute på altanen å nyte livet og boka i sola. Sat ute i dag med, men eit pledd var godt å ha.
Såg at Moira også sat ute i går, på verandaen...og så begynte eg å fundere på kva som er skilnaden på altan og veranda? Har vore inne på nettet og har sett ulike forklaringer, men er like vis. Terrasse og balkong er greit,altså. Kanskje eg også sat på verandaen...uff, alt eg skal no fundere på!
Ha ei god betring vidare, Vibeke! :-)
Det har du rett i! Eg likte boka, den hadde spenning og flust av gode uttrykk.
Eg opplevde forteljarstemma nesten litt sær, med alle kvinnehistoriene og - alkohol var verkeleg med på det meste.
Forstod ikkje heilt det med dei to brørne som berre eksisterte på bildet( skulle gjerne visst meir om dei, eller er det noko eg ikkje har forstått??). Det var også rart med namna på dei to brørne som faktisk var der: "bror min" og "Nummer tre" som var advokat. Han ser ikkje ut til å ha høge tankar om advokatar, akkurat..
Men advokatar har det jo med å smørje tjukt på når det gagnar saka deira.
Kan gjerne lese meir av Hovland.
Takk for gode ord, Lillevi!
Eg har no tillatt meg å skrive "har lest" sjølv om store deler no på slutten vart skumleste.
For meg vart dette ei litterær utgåve av "Keiserens nye klær". Det vart meir irritasjon enn leseglede.
Eg er heilt enig i at Laxness stiller i ei heilt anna klasse.
Eg var ikkje med då de las "Himmelrike og helvete", men las den no i januar og gav den terningkast 4. Den gav meg ei litt meir positiv oppleving. Bok nr to, "Englenes sorg" gav meg også lite.....
Trur Stefansson skal få vere i fred for meg heretter.....
Eg trur eg treng litt rettleiing når det gjeld denne her. Eg må ta meg sjølv i nakken for å greie å fullføre ei bok som er rost opp i skyene av kritikarane, som har fått svært høge terningkast her inne. Medan eg ikkje greier å fatte kva som er handlinga, eller bodskapen i boka.
Jau, der er flust av gode formuleringar og filosofiske betraktningar, men kva handlar det eigentleg om? Gutten - som er ein slags hovudperson vert meir og meir utydelig for meg.
Skrivestilen er også sær, med lange setningar, uendeleg mange komma...får nesten trang til å ta fram ein raud penn og rette....
Eg skal prøve å fullføre, men kjenner meg litt dum som ikkje ser kva dette handlar om..
For meg vart dette ein skikkelig "pageturner". Greidde ikkje å legge den bort, trass i all vondskapen som vart skildra.
Forholdet mellom Nella og veslebror er så sterkt, det greip meg verkeleg.
Det verkar nesten usannsynlig at foreldre kan vere så likegyldige overfor sine eigne barn, og også at eit menneske kan vere så tvers igjennom vondt. Synest også det var leit at skulen og hjelpeapparatet ikkje avslørte heimeforholda til desse to tidlegare.....
Likte godt at det vart fortalt av barnet, og sjølv om ein del av det som hende med havmannen var svært urealistisk...veit nesten ikkje kva eg skal kalle det....så var dette ei historie som tok tak i meg.
Trass i nokre språklege feilskjær, så landa eg på terningkast 5
Dette ser jammen ut til å vere noko for meg ut frå både sitata og omtalen din! Må legge den i ønskelista, sjølv om eg no har som mål å få redusert skal-lese- lista mi drastisk!
Har heldigvis ei Hovland bok der, så eg kan starte med den, nemlig Stille natt
Håper at den også kan gi ei triveleg stund....
Eg er så enig, Jostein :-)
Denne var både morosam og hadde gode karikaturar og skildringar.
Skjønar godt at den vekte oppsikt mellom dei adelige då den kom ut, dei vart ikkje akkurat positivt framstilte!
Av ein eller annan grunn så fenga ikkje denne meg idet heile....og det var synd for det var ei eg hadde spart på og sett fram til....
Kanskje eg må ta den fram ein gong seinare og sjå om den gi ei betre oppleving...no avstår eg for å trille terning.
Takk for svar! Eg har kika litt i Wikipedia igjen, og har funne at det har noke med Seletøy til hest å gjere. Kanskje ikkje så rart, sidan han som skulle ha det var salmakar. På Wikipedia kallar dei det både ordepinne og selepinne.
Takk for svar. Då er ein innerst nesten tilnærma det ein kan kalle ein som gjekk på legd? Eller vert det heilt feil tolking?
Når eg no sjekkar på Wikipedia, så har ordering og ordepinne noko som har med hest og kjerre å gjere. Men sidan eg er heilt analfabet når det gjeld hest, så greier eg ikkje å sjå det for meg.
Uansett...eg har lært litt i dag med!
Eg har nettopp avslutta Hoem si Slåttekar i himmelen
Sjølv om eg er nynorskbrukar, så var der eit par ord eg lurte på:
- innerstar s 153 i mi bok. Som innerstar arbeidde dei på Slutåsen for kosten og kleda.....
Og
- ordering,ordepinne s 267? Det står i same setning som han nemner søljer og metallkrokar...
Der var nok fleire eg stussa ved, då, men...
Om det er mulig å lese tankane hos forfedrane, veit eg ikkje...Men, Hoem brukar vel forfattarfridomen sin og skriv slik han kunne tenkje seg det.
Han skriv i eit etterord at han har brukt kjelder til ein del fakta, men mykje er nok fri fantasi.
Eg likte svært godt den delen av boka som skildra Gjertine og Ole si reise til Amerika. Å reise på den tida krevde verkeleg god førebuing!
Likte også godt skildringa av det jordnære slitet menneske flest måtte utføre for å få mat på bordet, eit liv som er svært framandt for oss i dag.
Når eg likevel enda med terningkast 4, så er det fordi mi utgåve hadde tent på noko betre korrektur. Synest også at innhaldet til tider var litt springande mellom dei ulike personane.
Men, for all del...eg er glad for å ha boka i heimen, og for å ha lese den.
Det er rart hvilke avtrykk mennesker etterlater seg. Og at tomrom kan veie så mye.
Er så einig, Jostein!
Dette er ei bok til hygge og ettertanke - passar perfekt til å gi litt sommarkjensle i så våte og kalde sommardagar vi har hatt i år.
Kjem til å lese den igjen, kanskje ein kald og guffen vinterdag....