Har lese halve boka, og trur eg må verte einig med meg sjølv om at innhaldet ikkje alltid egnar seg til kveldslektyre. Teksten er såpass metta med viktige opplysningar at eg må hovudet klart for å få med meg alt.
Elles så har eg faktisk oppfatta at Hobæk Haff har fått med den andaluciske frigjeringa frå maurerane i 1492 - eit årstal som har hatt mykje å seie for spansk historie. Både Granada og Alhambra har fått plass i historia, og det er ein by og eit palass som betyr mykje for meg personleg, og som eg meir enn gjerne reiser tilbake til.

Ser fram til framhaldet, og til å lese meir om Beatrize og hennar lagnad.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Fin omtale! Både forfattar og bok er heilt ukjende for meg.
Må elles ynskje deg velkommen som "Bokelsker". :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje så lett å få med seg innhaldet, sidan det vekslar mellom tid og stad, fortid og notid, og mellom ulike personar. Deler av innhaldet som skildra møtet mellom den eldre mannen og problembarnet rørte meg. Men, strukturen totalt vart vel uryddig for meg. Derfor terningkast 3

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fader Bartolomeo var en liten uanselig mann som liknet på en bonde, og jeg husker at jeg tenkte mitt allerede da jeg så ham komme tilsyne allerede øverst i alléen. Han var en ynkelig rytter med så korte ben at de strittet rett ut i luften til begge sider, sånn at han rullet faretruende hit og dit på ryggen av dyret.

Sitat s 52 - skildrar sognepresten som kjem til klosteret.( bortsett frå at ein bonde kan no vere så mangt, då...)
Har hatt ein liten stans i lesinga nokre dagar, men har tenkt å kose meg med boka no i helga. Tok med dette sitatet, synest det var svært så visuelt. Forfattaren skildrar godt miljøet, synest eg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Har lese nokre sider i boka, og det verkar som forfattaren har inngåande kjennskap til det ho skriv om- utifrå språk/ ordbruk. Det er ikkje alle orda som blir brukt dagleg her i huset...

Elles så måtte eg lese meg litt opp på inkvisisjonen! Skrekkelige greier! Det verkar som om den spanske inkvisisjonen var meir infam enn det som vart praktisert elles rundt i Europa?
Trur at samlesing av boka vil verte ei positiv oppleving!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Også eg har fått boka i hus. Spennande!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Må berre sei at Dickens er ein mine favorittar. Har lese mange av dei fleire gonger. Må berre fortelje at då gemalen og eg var nyetablerte, var økonomien noko skral. Bøker måtte lånast på biblioteket. Men, så fekk eg tilbod om ein flott bokserie av Dickens, i brunt skinn( skai) og med gulldekor! Då vart dei prioriterte framfor kjøttkaker, haha! Bøkene er eg stolt over å ha i bokhylla, og dei vert stadig framtekne. Ei av dei aller beste er Store forventninger.

Elles så har eg snart avslutta Sommerfuglene i Armero av Jon Magnus. Han fortel om opplevingar han har hatt på reisene sine som journalist. Variert innhald, og slett ikkje verst. Kva eg skal leite fram etterpå har eg ikkje bestemt enno.
God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Heia, Gretemor! Kor flott at du vil organisere lesesirkelen her inne! :-)
Eg vil gjerne vere med, og håper at at alt skal klaffe! Der er fleire bøker eg kunne hatt lyst til å foreslå, ma " Havboka" av Morten A. Strøksnes! Eg har lese litt i den...Boka vann to prisar i 2015.
Trur likevel eg går for Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen.
Boka fekk Brageprisen i 2014, og vert karakterisert som ei vakker bok om eit stillferdig liv, der det språklege vert framheva som usedvanlig rikt.
Skal bli spennande å sjå alle gode framlegg!
Ha ein fin søndag!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Kurbad med konsekvensar
Poeten Andreas Öman - som har gifta seg til ein viss status - vert tvinga til eit sommaropphald på kurbadet Augustenbad av kona si. Ho har fått nok av alkoholproblema hans. Han får liksom ikkje til å vere så stor poet, heller.
Augustenbad vert styrt av Dr. Liljedahl, og behandlinga der er spesiell. Kosthaldet er svært enkelt, og kvar dag startar med eit kaldt, vått omslag over hele kroppen, der vatnet har ein temp på 6! grader!

Andreas Öman finn det vanskeleg å innrette seg etter alle forbod og påbod, så han bryt både det eine og det andre...Han innleier ma eit nært forhold til to kvinner, forhold som skal gi store konsekvensar for fleire enn han.

Eg veit ikkje om eg har fått med meg all bodskap i boka, sidan den for det meste har vore lesen i seine kveldstimar, så eg trur eg avstår frå å trille terningen, iallfall no.
Kan kanskje sei at både miljø og karakterar er spesielle, og kurbadet Augustenbad skal verkeleg ha eksistert.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette var triveleg sommarlesing.
Eg likte å lese om Katie og familien hennar i ein kvardag der fattigdommen gav dei stadige utfordringar. Forfattaren skildrar små og store gleder og sorger på ein måte som gjer det truverdig.
Det var også rørande å lese om dei gledene dei fekk gjennom ein svært avgrensa tilgang til litteratur. Som du seier, boka gir eit godt historisk bilete av ei vanskeleg tid, og den er underhaldande!
Det er ei bok ei gjerne kjem til å anbefale vidare!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sit og kosar meg med "Det vokser et tre i Brooklyn", ei bok som er triveleg selskap ein fin sommardag. Men, no lurer eg på om rettskrivingsreglane er endra?
I boka les eg:
Johnny hang jakken fra seg over stolryggen s 64- og
Hun hang det opp over kaminhyllen s 340
Skal det ikkje vere hengte her, sidan verbet er transitivt? Eg lurte, berre, altså :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så vakkert om ei mor

Klaus Hagerup skreiv om si kjende mor nokre år etter at ho døydde i 1985.
Han fortel om hennar barndom, ungdom og ikkje minst om hennar stormfulle forhold til mannen, Anders.
Inger Hagerup var vestlending, kom til Oslo som 20-åring. Ho likte å skrive, og starta med å skrive dikt - dikt som mange har eit nært og kjært forhold til. Barnediktsamlinga "Så rart" er kjend for mange av oss.
Klaus Hagerup skildrar si mor som motstandskvinne som måtte over grensa til Sverige under krigen, han skildrar hennar utradisjonelle liv der det rett ofte gjekk livleg føre seg - og meir enn livleg. Ho var ei dame som hadde vanskar med å kontrollere alkoholbruken sin, men ho var også ei dame med stor livskraft og sterke kjensler.

Eg var ukjend med mykje omkring Inger Hagerup, men sit og trur eg veit litt meir no. Og ein ting er eg sikker på; Denne var ein stor fordel å ha som lydbok, der forfattaren sjølv les, der Inger Hagerup les ein god del av sine eigne dikt. Innimellom vert innhaldet krydra med mykje vakker musikk.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Innhaldsrik dystopi

Salamanderkrigen er ei bok som vil sitte i minnet lenge!
Romanen er spesiell - både i form og innhald, med alle sine originale sjangervariasjonar og illustrasjonar.
Romanen er tredelt:
I del ein møter vi den litt forunderlege kapteinen Van Toch som oppdagar ein heilt spesiell art av salamander. Det viser seg nemleg at dei på mange måtar kan sidestillast med menneske, dei kan både tenke og kommunisere. Van Toch ser muligheitene, han lærer dei opp til å finne rikdom for seg.
I del to blir det meir konfliktar mellom dyr og menneske. Salamandrane vert utsette for grusomme esperiment av naturvitskapsmenn, og sidan dei er så dyktige å finne perler- og med det rikdom- så vert dei selde som slavar. Men - med skulegang og lærdom innanbords, så blir salamandrane ganske så kravstore etterkvart. Og dei formeirar seg utanfor all kontroll. No er det dei som vil kontrollere verda!

I del tre kjem så krigen. Sidan landområda på jorda vert berre mindre og mindre fordi salamandrane treng meir kyst enn land, så er kamp einaste løysinga - katastrofen er eit faktum!

Det har vore interessant å delta i lesinga av ei bok som eg før visste lite om. Capek såg alt i 1936 faren i framveksande nazisme. Boka er ein allegori over alt det forferdeleg som skulle ramme Europa.
Så derfor: Takk til Ajiniakra som starta denne felleslesinga juli 2016! Det har vore givande!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Om du skriv gruvedrift i søkefeltet oppe til høgre, så får du mange gode forslag til bøker frå gruvemiljø, også bøker av Falkberget og Brekke.
Ser at der er mange ulike sjangerar å velje mellom. Håper du finn noko av interesse!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein ting kan eg iallfall sei; Det er ei spesiell bok som gjer inntrykk! Det er spesielt å lese om salamandrane som får menneskelege eigenskapar, som først let seg utnytte - før dei sjølve er så mange og så sterke at dei tek overtaket. Capek har levert ein allegori over ei gruppe menneske som får maktovertak i verda, og som utnyttar makta til sin eigen fordel. Dei tek lite omsyn til menneska som må lide - deira behov går framfor alt!

Det er også spesielt at han skreiv boka i 1936, før krigen braut ut i Europa, men kanskje han såg det kome?
Eg har bestemt meg for å lese boka ein gong til...seinare...når lesesituasjonen min blir betre.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Har dessverre ikkje fått fart i lesinga, det har gått litt seint- såpass at eg ikkje har fått med meg alle detaljar, eller rettare sagt: Dei viktige delane i boka.
No er eg imidlertid midt inne i andre bok, og det slår meg at Capek har både fantasi og innsikt i det han skriv om. Det ligg heile tida noko under, føler eg. Eg får assosiasjonar både til nazistar og kommunistar og andre totalitære regime. Både snålt og skummelt er det.

Trur at eg også må lese meg meir opp på boka, når eg får tid....

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Haha, Jostein! :-) Kor du kunne vite det??

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her hos oss er det "øs-pøs-regnver" i dag, så vêret er iallfall ideelt for å lese ferdig Setningsskade denne helga. Lesesituasjonen min er elles ikkje optimal for tida.

Har leita fram Salamanderkrigen som eg gler meg til å begynne på.......
Ei god helg til alle lesevenner!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det må vere den berømte lagnaden som slo til i dag! Eg visste at eg skulle ha boka ein eller annan stad, men kvar den var, det var heilt usikkert. Sidan eg har lyst til å vere med å lese denne, så tenkte eg at eg får heller låne den på biblioteket - å bruke timar på leiting..Nei! Og så kika eg i bokhylla mellom dei få bøkene eg fekk på plass i går! Den stod ved sidan av ein annan klassikar: Pesten av Camus.
Så derfor blir eg med, det er ei bok eg lenge har hatt lyst til å lese. Også mi utgåve er frå 1971.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har så smått fått tid til å starte på Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen, og likar godt det eg har lese til no.
Må sei at eg verkeleg ser fram til å få tid til å sette meg ned i godstolen og verkeleg kose meg med ei god bok igjen! Spesielt no med det flotte veret vi har!

God helg til alle! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne JensenKirsten LundPiippokattaINA TORNESTore OlsenPer LundAndreas BokleserJarmo LarsenStig TEllen E. MartolMarianneKarina HillestadTatiana WesserlingLailaÅsmund ÅdnøyHeleneBenedikteCecilie69Daffy EnglundLeseberta_23IngeborgTine SundalSol SkipnesTore HalsaBjørg Marit TinholtAnniken BjørnesNorahSynnøve H HoelMorten GranheimEvaStein R. OlsenJulie StensethBjørg L.Harald AndersenTove Obrestad WøienBente NogvaIngvild STone SundlandEli HagelundKristin