Kult at nokon framleis leser Hardygutane! Bror min var stor fan som liten, og hadde sikkert 50 av dei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fyrst og fremst får forfatteren oss gjennom teikningane, fargebruken og orda til å bry oss om Souad. Vi ønsker at det skal gå bra med ho. Vi kjem nær og forstår litt av det å måtte bryte opp og reise til eit framand land og lære seg eit heilt nytt språk. Eg likte godt Souads vesker, og no også Souads høst.
Boka kan nok vere til ettertanke og stor glede for nokon i ein liknande situasjon som Souad.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fine illustrasjonar om ein einsleg fiskar som finn ein flaskepost på ukjent språk og begynner å fantasere om at brevet kjem frå ei prinsesse med ein fot. Eg syntest boka var fin, men eg blei ikkje rørt av ho. Boka passar nok godt til born og framandspråklege.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Modig bok om forholdet til far. Grunnleggjande for mange av oss. Vi kjem vanskeleg unna det fjerde bud. Vetle Lid Larsen har min respekt etter å ha lese denne boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg hugsar særleg skildringane og dialogane i boka som eg las for mange år sidan. Minnast at eg såg fram til dei djupe samtalane mellom personane i boka og at det traff meg sterkt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei av dei beste bøkene som er skrivne på norsk. Uforgløymeleg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lukke til! Forresten, eg las Tollak til Ingeborg av Tore Renberg i går. Eg vil seie at boka har klare trekk av uhygge og gru, men det er nærmast alt på eit psykologisk plan, og handlar om arv og miljø, og om korleis det er vanskeleg å vere nokon andre enn den ein er, iallefall sett i ettertid. Veldig god, lita bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hmm...eg har ikkje oversikt over alle bøkene eg har lese, men skal prøve:

Eg har kanskje lese mellom 20-30 bøker. Litt usikker. Eg har lese romanar, novellesamlingar, barnebøker og sakprosa.

I kategorien romanar, og frå litt tilbake i tid, kan eg nemne Stormfulle høgder, Jane Eyre, Brødrene Karamazov og Madame Bovary. Alle desse var veldig bra!

Andre romanar eg har lese er mellom anna Tollak til Ingeborg, Vardane, Vintertrang, Min elskede Poona, Inn i ilden, Glødepunkt, Ingen må vite, Raudt støv, Ulvepuls og Jonas Eckel.

I kategorien utanfor allfarveg kan Ulvepuls passe inn. Vakker bok der vi følgjer ein ulveflokk gjennom eit heilt år, og får oppleve verda frå deira stad. Eg synes det er altfor lite bøker, og eg skjønar ikkje kvifor, skrivne frå dyr sitt perspektiv. Vi deler jo jorda med millionar av andre skapningar! Eg synes Tore Kvæven har gode skildringar frå dyreperspektiv, også i den nye romanen Raudt støv

Nokre novellesamlingar eg har lese:
Og alle ting vert nye, Slutten på historia og Ingenmannsland, alle tre novellesamlingar frå ulike forfattarar utgjevne av Samlaget.
Eg rissa desse runene. Veldig bra og interessant med noveller som kvar av dei tek utgangspunkt i faktiske runepinnar frå vikingtid og middelalder, og diktar vidare og fortel historia rundt.

Sakprosa:
Fossekallen. Veldig interessant bok om nasjonalfuglen vår.
Insektene i hagen. For alle som er glad i insekta rundt oss.
Stjernejeger. Om jakta på mikrometeorittar.
Stjernebildene: Stjernenavn og himmelmyter fra Syndfloden til vår egen tid.
For alle som er interessert i stjernehimmelen.

Barnebøker:
Høyt over husene. Veldig vakker bok om ein einsam, introvert heisekranførar som har flytta inn i styrhuset på heisekranen.
Bjørkebokstavar. Vakkert om ei lita jente på ein gard som er nært knytt til naturen.

God lesnad 2024!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Let her go away flying
air under her wings
like a beautiful falcon
a treasure to behold

Out there in the sky she is
what a mystery
still you feel her, sense her
a fond memory

Cherish what is in your hand
feed it and give love
whisper in it's ears and stroke it
do it while you can

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg er einig! Veldig vakker bok som etter mine begrep berre delvis er ei krimbok. Og godt er det!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hei, Arntor! Fyrst og fremst er vi sikkert einige i at boka er veldig god. Når det gjeld tittelen, så synes eg den er god og klinger naturleg. Eg skal forklare ved å lime inn eit svar eg fekk frå Språkrådet i høve ein nyhetsartikkel der journalisten brukte uttrykket: " I namnet til himmelen" i staden for det meir naturlege: "I himmelens namn."
Eg limer svaret inn under..


Hei!

Sjølv om du truleg trekte spørsmålet ditt tilbake med den andre e-posten du sende, vil eg likevel gjerne få kommentere det. Spørsmålet er nemleg veldig godt.

Det er heilt greitt, om ikkje akkurat så vanleg, å bruke same konstruksjon («i himmelens namn») på nynorsk, sjølv om ein elles helst unngår konstruksjonar med genitivs-s. Det er litt i overkant av 100 treff på konstruksjonen i mediebasen Retriever. Varianten «i namnet til himmelen» er det berre eitt treff på – og det er det same som du sende. Eg trekkjer (om enn på litt tynt grunnlag) den konklusjonen at sjølve uttrykket er ikkje er så veldig mykje brukt (lenger), så det er difor det ikkje er så mange treff, men eg trekkjer også den konklusjonen at det nok ikkje er snakk om direkte omsetjing frå engelsk her, men NRK som er litt ivrige i å følgje nynorskreglane.

Det er nemleg ikkje slik at genitivs-s aldri kan brukast på nynorsk, og nettopp i eit uttrykk som dette (der det det er referert til, står i eintal og har (ei noko) abstrakt tyding) kan genitiv vere betre enn omskriving med t.d. sin.

På eit liknande spørsmål svara eg ein gong slik:

«I uttrykk som Noregs konge eller verdas beste mamma er genitivs-s helt i orden, og brukes en del. Men i mange andre sammenhenger er det bedre å skrive om. Du bør helst unngå å skrive f.eks. ungdommanes liv, livet til ungdommane eller ungdommane sine liv er bedre. Det finnes en minigrammatikk i nynorsk på nettsidene til Språkrådet (https://www.sprakradet.no/sprakhjelp/Skriverad/Nynorskhjelp/, se i høyremargen). Her er det blant annet anbefalinger om riktig bruk av s-genitiv som du kan følge. Det står f.eks. følgende:

S-genitiv har alltid vore i bruk i nynorsk, men i mindre omfang enn i bokmål.

Når kan vi bruke s-genitiv på nynorsk?

Ved særnamn er s-genitiv vanleg:
Noregs land, Noregs Bank, Vinjes skrifter, Ibsens skodespel
Ved samnamn i ubunden form eintal og fleirtal er det òg vanleg å nytte s-genitiv:
lang dags ferd mot natt, i manns minne, på kvinners vis
I uttrykk for tid og mål:
eit års arbeid, tre kilometers veg, ei vekes tid

Det finnes også mer stoff om emnet samme sted, og du kan også lese om s-genitiv her: S-genitiv (sprakradet.no)»

Håpar spørsmålet ditt blei belyst litt meir med dette svaret!

INNLIMING SLUTT

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hei! Eg har lese Stormfulle høgder (Skald forlag sin fantastiske nynorskversjon) og Jane Eyre. Eg gar ikkje lese Vide Sargasso. Viss du likar horrorbøker, burde Stormfulle høgder vere perfekt. Ei av dei beste bøkene eg har lese. Jane Eyre er veldig god også, og eg tenkte ikkje på boka som feministisk, berre kort og godt ei god forteljing med ein sterk, kvinneleg hovudperson.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sikkert 20 år sidan eg las boka, men eg tenkjer på ho innimellom framleis. Den beste eg har lese av Fosse. For øvrig kjende eg meg att i ein del av det som blir skrive.

Korreksjon:
Eg prøvde å lese boka på nytt, men klarte ikkje å fullføre. Fosse er og blir for meg utilgjengeleg, uleseleg og kjedeleg. Naustet har noko ved seg, men det er godt skjult bak gjentakingar og andre mysterium som Fosse nyttar seg av.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg las ut boka i løpet av ein dag, så derfor gjev eg terningkast 6. Tidvis kjende eg meg sjølv att i Tollak, uten å gå meir inn på detaljane. Boka får godt fram nokre menneskeskjebner og korleis det er vanskeleg å kome unna den ein er, eller har blitt. Truverdig, sårt, vakkert. God nynorsk.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg veit ikkje, men eg har sett ein god film basert på denne biografien.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein del år sidan eg las boka, men kan hugse godt driv og at boka fekk fram det uunngåelege i den tragiske skjebnen til Jonsson.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Glimrande bok om ein vakker, modig, annleis og mystisk fugl. I vinter har eg ved fleire høve hatt nærkontakt med ein fossekall når eg har isbada i vatnet her eg bur. Elvane er tilfrosne, så fossekallen oppheld seg i vasskanten for å finne mat. Forfattaren tek grundig for seg fossekallen sine særeighenheitar, og boka er både velskriven, grundig og interessant.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk foe tips. Har du lese Den avstengte øya? Eg synst det var ei bra bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har lyst å gje boka terningkast 5, men sanninga er at eg skumma gjennom delar av boka mellom sidene 200 til 300. Det blei litt for omstendeleg. Eg trur imidlertid forfattaren sin personlegdom og mikrometeorittleitinga sin karakter er gjenspegla i boka si grundige framstilling av leitinga etter desse 0,4 mm i diameter støvkorna frå verdsrommet. Eg kan veldig lett forestille meg den djupe tilfredstillinga det må ha vore å få rett til slutt og oppnå anerkjenning, etter alle åra med einsam leiting på hustak og langs gater og vegar. Truleg er boka eit godt døme på korleis vitskapelege gjennombrot kan utarte seg.
Det er ikkje eit einaste bilete i heile den drøyt 300 sider lange boka. Kva med bilete frå noko av det Larsen så levande fortel om? Frå den einsame leitinga, frå musikkkarrieren hans som han vever inn i forteljinga, og ikkje minst kva med bilete av dei mange ulike typane menneskeskapte og jordiske støvkorn, og til slutt av dei ulike typane utanomjordiske mikrometeorittar som han har funne?
Samla sett verdt å lese og interessant, men veldig detaljert, som om lesinga av boka er meint å få fram den nitidige og omstendelege leitinga i einsemd.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litt mystisk, djup, rar, enkel og lettlest bok om ein fyr som flyttar inn i ei avsidesliggande hytte ved eit tjern. Han skal vere der ei stund for å kome til hektene. Det viser seg at det bur ein eldre kar i nærleiken, og ei dame som heiter Liv. Etterkvart blir lesaren usikker på kva som er verkeleg og kva som foregår i tankane til hovudpersonen. Eg las ut boka på ein kveld. Minte om Vardane av same forfattar. Også den sær på ein bra måte.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMarianne  SkageHarald KFiolToveBertyKaren RamsvikBerit B LieLailaEli HagelundTanteMamieTove Obrestad WøienMarianne TKirsten LundmgePi_MesonG LKristine LouiseTor-Arne JensenDinaTheaTone SundlandLiv-Torill AustgulenStig TAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJarmo LarsenVannflaskeNinagretemorBente NogvaCarine OlsrødritaolineReidun SvensliGrete AmundsenKjell F TislevollInger-LiseMarit HåverstadEmil ChristiansenTatiana WesserlingBenedikte