Ingen hylle
2019
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
På 1920-talet var Zweig den mest omsette forfattaren i verda. Handlinga går ofte føre seg på reiser, på hotell, på skip, i tog, og forfattaren rører seg tilsynelatande uanstrengt rundt blant ulike personar, skjebnar og stader. Den mest kjende av dei skjønnlitterære tekstane hans er "Sjakknovelle", der han makta å kombinere forteljarevna si med den såre krigserfaringa. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt saman med kona, Lotte, i den vesle byen Petrópolis utanfor Rio i 1942.
Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Av desse har berre Sjakknovelle tidlegare kome ut på norsk.
Forlag Skald
Utgivelsesår 2019
Format Innbundet
ISBN13 9788279592860
EAN 9788279592860
Serie Skalds klassikarar
Språk Nynorsk
Sider 229
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Meisterlege noveller! Svært gode skildringar med preg av magisk realisme, som gjer at sjølv vonde ting får eit anna lys. Novellene har klar handling, og er skrivne for lesaren si skuld, ikkje som modernistisk prosjekt. Det humane ligg tjukt utanpå det heile. Altså samla sett ekstremt lesbart.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEit lite, bleikt lyn gav signal, så dundra trommene laus, og dei krigerske vassmassane styrta ned for å pepre oss med våt maskingeværeld. Hardt såra gret vindaugsrutene under dei smellande treffa frå haglet, lokomotivet senka det grå røykseglet sitt mot bakken i kapitulasjon.