Sjakknovelle

og andre tekstar

av (forfatter) og Øystein Vidnes (oversetter).

Skald 2019 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 5.33 (12 terningkast.)

30 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Stefan Zweig var ein uhyre produktiv forfattar av dikt, romanar, biografiar og essay, men det er kanskje som meister i novellekunsten han har sett størst spor. Austerrikaren var høgt elska alt i si levetid, og på 1920-talet var han den mest omsette forfattaren i verda.
I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Ein av dei nyaste er The Grand Budapest Hotel (2014) som smeltar saman inspirasjon frå fleire av Zweigs verk.
Sjakknovelle, den mest kjende av novellene hans, ber preg av den såre krigserfaringa etter nazistanes maktovertaking i 1933. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt i 1942.
Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Fire av dei vert her for aller første gong gitt ut på norsk. Omsett av kritikarroste Øystein Vidnes, som i fjor fekk tildelt Kritikarprisen for beste omsetjing.

Stefan Zweig (1881-1942) var fødd og oppvaksen i Wien som son til ein velståande jødisk tekstilentreprenør. Saman med Thomas Mann blir austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. Zweig var feira stort både av publikum og kritikarar og fungerte som vegvisar og mentor for mange unge kunstnarar i samtida.

Bokdetaljer

Forlag Skald

Utgivelsesår 2019

Format E-bok

ISBN13 9788279592976

EAN 9788279592976

Serie Skalds klassikarar

Språk Nynorsk

Sider 229

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

5 6 1 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Eit lite, bleikt lyn gav signal, så dundra trommene laus, og dei krigerske vassmassane styrta ned for å pepre oss med våt maskingeværeld. Hardt såra gret vindaugsrutene under dei smellande treffa frå haglet, lokomotivet senka det grå røykseglet sitt mot bakken i kapitulasjon.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

30 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Du vil kanskje også like

  • "Å vere ein annan - poesi og prosa i utval" av Fernando Pessoa
  • "Valskyldskapane" av Johann Wolfgang von Goethe
  • "Ein, ingen og hundre tusen" av Luigi Pirandello
  • "Tre kvinner - noveller" av Robert Musil
  • "Seiobo der nede" av László Krasznahorkai
  • "Leksjoner i gresk" av Kang Han
  • "Amokløper" av Stefan Zweig
  • "Felâtun bey og Râkim efendi" av Ahmet Mithat
  • "Trær i Norge - arter, kjennetegn, utbredelse" av Arnodd Håpnes
  • "Lausgjengar - notat frå eit utstadig liv" av Fumiko Hayashi
  • "Lenz" av Georg Büchner
  • "De greske mytene - guder og helter fra de gamle fortellingene" av Inger Merete Hobbelstad
Alle bokanbefalinger for dette verket