Bøker eg har lest, eller har leseklare i bokhylla, som av ulike grunnar har kome ut på norsk med to (eller fleire?) ulike titlar.
Den mest kjende tittelen på norsk er Stolthet og fordom. Men den har også kome ut under tittelen Elizabeth og hennes søstre og Elizabeth med undertittelen Stolthet og fordom. (dei to siste lenkene er til Nasjonalbiblioteket, då eg ikkje fann dei aktuelle bøkene på bokelskere)
Denne har kome på norsk med to ulike titlar; Tante Palmas ris (stive permar) og Livet i et riskorn (pocket)
Ei eldre norsk utgåve av denne heiter Gamle Goriot (finnest ikkje på Bokelskere, lenke til Nasjonalbiblioteket).
Pocket-utgåva av denne boka har fått tittelen Den første
Boka som filmen Blade Runner er lauseleg basert på. Pocket-utgåva har fått ein tittel som er direkte oversatt frå den engelske originaltittelen, Drømmer androider om elektriske sauer?.
Det er ikkje 100% rett å seie at det er same bok med to titlar, det er ei redigert og utvida utgåve av denne boka som fekk tittelen Sudamericana. Men bøkene er like nok til at dei har felles oppføring på bokelskere.
Denne har også kome ut på norsk med originaltittelen Coq rouge
På norsk som Elefantungen og andre eventyr og Slik gikk det til (begge lenkene til Nasjonalbiblioteket).
Det var ikkje all verdens til forskjel, men ei eldre utgåve av denne boka har tittelen Huset Buddenbrook.
Ei seinare norsk utgåve av denne boka fekk behalde den engelske originaltittelen, Cannery Row.
"Alle" kjenner vel denne som Onkel Toms hytte på norsk. Men visste de at det også finnest ei gamal nynorsk oversetjing som heiter Hytta hans farbror Tom? (Ikkje å finne på Bokelskere, lenka er til Nasjonalbiblioteket)
Nok ei brasiliansk bok som har kome på norsk med to tilar; Mitt søtappelsintre og Når jeg engang blir stor (denne siste tittelen var ikkje å finne på bokelskere, så lenka er til Nasjonalbiblioteket sitt eksemplar).
Denne har i tillegg kome som både Portrettet av Dorian Gray og som berre Dorian Gray (siste lenka er til Nasjonalbiblioteket).