Hm, har ingen av desse. Mi favorittbok har blitt "grønn mat" av Hugh Fearnley-Whittingstall. Den fokuserer på grønnsaker utan å kalle seg vegetarisk (den er vegtarisk altså). Har laga masse av oppskriftene, søtpotetgrateng med peanøttsmør - NAM!!
Ellers er Rose Elliot's Vegetarian Kitchen ein klassiker, men den er nok vanskeleg å få tak i. For nybegynnerveggiser, eller folk som syns det er vanskeleg å få aksept frå andre ("kva meiner du middag utan kjøt?") er Kjøttfrie dager av Yngver Ekern og Hege Ulstein eit veldig bra kjøp.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Haha, eg klarer knapt å vente dei to vekene som er att!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nydeleg bok!
Eg las den på tur til København, men ville rett som det var snakke fransk til folk kring meg, så langt inne i Paris var eg. Veldig bra om å vere einsam og i eit framand land, og om dei nære banda ein knyt til folk kring seg,
Verkeleg verd å lese - om ikkje anna så for ein billeg, rask og fin tur til det ekte Paris.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg syns òg skriving på dialekt vanlegvis er ein uting , og som deg syns eg det er uproblematisk å lese td svensk.
Likevel er to av mine språklege favorittbøker dei siste åra "precious" og "alle utlendinger har lukka gardiner". Hadde desse vore skrevne på reint bokmål (eller nynorsk) ville dei rett og slett ikkje vore så bra. Særskilt "precious" var i starten ein kamp å komme seg gjennom, men makan til bok!

Eg konkluderer med at eg får prøve å møte neste dialektbok med eit opnare sinn...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

There's no AutoCorrect in life - think before texting the universe.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Samd i at boka var interessant, men vart etterkvart lei av forfatteren sin nær nasegruse beundring for subjektet. Kom meg gjennom for å få med historien (lærte mykje nytt!), men hadde nok likt den betre om den hadde vore meir nyansert i omtalen av enkekeiserinna.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka fortel korleis Storbritannina, på denne tida verkeleg det britiske imperiet, kvitta seg med slaver og slavehandel.
Temaet er spanande og relevant. Forfatteren trekk linjer til vår eiga tid for å synleggjere kor utruleg (i ordet si rette forstand) det var at ein skulle avskaffe slaveriet då pionerane starta.
Han trekk fram kvinneforeningene sine bidrag, og har klart å grave fram historier om korleis slavar, opprørsleiarar og tilogmed kvinnelege slavar hadde det. Ein får absolutt lyst til å lære meir, og eg har lagt ei av kjeldene til bokønskelista mi.
Trass i dette var eg i tvil då eg skulle "kaste" terning. Språket er nemlig veldig tungt. Lange innskutte bisetninger gjer at eg måtte lese setningene både ein og to gonger før eg skjønte kva han meinte. Vanlegvis kan eg forsvinne inn i ei bok om tematikken er spanande nok, og lengte attende når eg må ta avbrot. Denne måtte eg aktivt ta opp og jobbe meg gjennom.
Likevel, eg fann det jo for godt å lese den ferdig. Eg vil tilrå den til den som har god konsentrasjon - ikkje busslektyre for dei fleste av oss.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Å ja, det er akkurat slik det er! Boka er så godt skreven, eg kjenner lukta og kulda og trekkast inn, men må legge den ned for å puste - vil ikkje forsvinne heilt inn i stanken. Så dykker eg inn igjen, må jo vete korleis det held fram, kor trasig det enn er å vere på Grønland på seint 1700-tal...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei fin bok med nokre overraskingar undervegs og fine skildringar av ulike former for kjarleik og skilnaden på å kjenne nokon og berre tru ein kjenner dei. Ekstra pluss for korte kapitler, dette er ei perfekt bok for transportetappar på buss, tog eller fly!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei kjempefin bok. Eg pleier ikkje lese svensk, men gjorde eit unntak då eg høyrde denne omtala i bok i P2.
Med skarpt språk veksler forfattaren mellom historien og analysen, nøyaktige analysar av sosiale og intime relasjonar.
Tilrådast på det varmaste!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sumaren er ei tid for å ligge i sola med nasen i ei bok, for så å snu seg og bruke boka til å skugge mot sola og lese vidare.
Eg likte begge bøkene om Hildegard godt, dei kan like godt lesast innandørs om hausten eller vinteren, men eg måtte lese dei ganske raskt, syns språket flaut godt. Fascinerande med sterke kvinner, og kanskje enda meir korleis Hildegard som ei sterk kvinne likevel ser seg som underordna mannen.
Får lyst til å lære meir om denne kvinneskikkelsen, men trur eg kjem til å nøye meg med at Marstrand-Jørgensen nok har gjort grundigare reserach enn eg kom til å finne tid til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å ja! No vart eg glad, "Vi på Saltkråkan" er det lenge sidan eg har tenkt lese. Trur nesten eg må hente den med meg når eg er heime hos mor neste gong. Ellers er den ultimate sommerboka tjukk og lang og velskreven, så ein får vere lenge saman med karakterane og riktig leve seg inn i ei anna verd, berre avbroten av litt bading og solkrem.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hm, interessant å lese kva andre tenkjer. Vi las denne i lesesirkelen, må innrømme at eg aldri hadde fullført bok 1 (Hundedagane) om eg ikkje skulle diskutere den. Gjengen var samstemte i at språket var ein bøyg (ekstremt mykje banning), men òg at karakterane vart like, glei over i kvarandre og rett og slett ikkje var særskilt interessante.
Starta av ein eller anna grunn på bok nr 2 (Grisekoret) som eg likte mykje betre, ein hovudperson eg fekk sympati for. I tillegg hjalp det nok å ikkje måtte filtrere vekk to "faen" og ein "pikk" i kvar setning for å sjå innhaldet. Har no starta på bok nummer tre og er spent på korleis det går.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Morsomt, eg plukka opp nett denne boka på biblioteket idag, og satte ho attende. Etter å ha lese bokmeldinga di veit eg kva eg skal plukke med meg neste gong eg er der.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette var nærast sløsing med gode historier.
Kvinnene i boka er spanande, fascinerande og interessante. Eg skulle gjerne visst meir om dei.
Diverre er språket alt for munnleg for min smak, det er for mykje detaljar om korleis forfatteren leiter etter informasjon, kva ho et, kva veg ho svinger og kva klokkeslett ho tek flyet. Når det på toppen kjem slurvefeil som at det yngste bornet vert det eldste vart det ei under middels leseoppleving.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hehe, eg hadde veldig låge ventnader, og vart positivt overraska;) Eg gav den ein femmer, men veit det er farga av den positive overraskinga, lesing i sommerferien med generelt god stemning. Moro korleis bøker vert farga av tid og stad for lesing!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg forsøkte for mange år sidan, og slutta etter nokre kapittel. No forsøkte eg meg på lydbok, og det kokte ut, kom litt lengre. Er så mange som har tilrådd den, kanskje det berre er å vente på rett stad og tid?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har fleire år på rad berre lest lettvekterar. Ikkje noko gale med det, sjølvsagt, men kva tid skal eg då lese alle dei bøkene eg gjerne vil lese, men som krev litt innsats, iallefall å kome inn i ? No er fyrste feriedag over og eg er nett ferdig med fyrste bind av "Parallelle historier" av Peter Nádas. Gler meg til den held fram, om eg finn den på biblioteket då... Ellers forsøker eg å friske opp språkkunskapen med å lese td krim på fransk. To floger, eller noko i den gata. Sommerlesing blir det iallefall!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er klar over at dette berre er fyrste bind, men det er sjeldan eg er så uviss på kva eg meiner om ei bok. Då er det nok ein god ting, ei bok som får deg til å tenkje, held deg på tåspissane for å følgje tid og stad og person. Gler meg til neste bind.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har ikkje lese bøkene om damenes detektivbyrå, men "Baking cakes in Kigali" var kjekk den. Lettlest, ein vert litt glad i Angel, og får tenkt litt (men berre litt) på vår nære historie.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

MarenLailaPiippokattaTurid KjendlieSverre HoemJulie StensethLilleviTove Obrestad WøienmarvikkisEgil StangelandHenrik  Holtvedt AndersenAlexandraIngunn SAvaKirsten LundWencheHarald KCathrine PedersenJanne Kristin HøylandTralteAnniken BjørnesTanteMamieAnette Christin MjøsVannflaskeEivind  VaksvikKarin BergEli HagelundReadninggirl30lillianerBjørg L.VariosaBeathe SolbergLene AndresenTor Arne DahlBente NogvaHanneAkima MontgomeryChristofferSverreElisabeth Soleim